Gym- og kroppsøvingslæraren
70-talsgymlæraren var ikkje god dersom nokon hadde lagt innebandykøllene på feil stad.
Foto: Maren Bø
Eg vil påstå at det som har forandra seg mest på lærarrommet sidan 1970-talet, utanom gardinene, er gymlæraren. Han har til og med fått nytt namn: kroppsøvingslærar.
70-talsgymlæraren hadde utdanning, men gjerne innan eit heilt anna felt, til dømes realfag. Uansett var han den mest sporty på lærarrommet. Han var nemleg tidlegare krinsmeiser, i spyd eller ei anna friidrettsgrein.
At han elska bukken, trur eg er ei overdriving, men viss sjansen baud seg, viste han gjerne 20 serve-ess på rad i volleyballøkta – det siste har eg sjølv vore vitne til, og det var på langt utpå 1990-talet.
Joggedressen matcha over- og underdel. Rundt halsen hang stoppeklokka, som i dag er sjølve symbolet på ein upedagogisk kroppsøvingstime.
Humøret var ikkje sprudlande, men heller biskt. Spesielt spissa det seg til når det var snakk om utstyr – medisinballen hadde fast plass av ein grunn. Ingen fekk heller tukle med, eller i, lærargarderoben. Til naud kunne jenter med mensen låne nøkkelen.
Kroppsøvingslæraren no er blid, oppteken av samarbeid og at alle skal med. Han har ikkje eit hjarte som brenn for trening, men for fysisk aktivitet. Gjennom utdanninga har kroppsøvingslæraren sjølv fått kjenne på kva aktivitet gjer med kroppen, og oppmuntrar difor jamt kollegaene og elevane til å komme seg ut.
Han rekk heller ikkje innom lærargarderoben, fordi han må motivere elevane til å dusje – i tillegg til å forklare curlinggenerasjonen at ein ikkje alltid kan vere kongen i kanonball.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.