Gudar og heltar II
Dei som har meint at gudedikta i Codex Regius er ordna etter mytologisk rang, har streva med dei to siste dikta, Volundkvedet og Allvismål. Rekkja med gudedikt opnar greitt med skapingsdiktet Voluspå, dinest kjem dikt der Odin, Frøy og Tor står i framgrunnen. Men så, etter Tors-diktet Trymskvedet (el. Trymskvida), kjem Volundkvedet, som ikkje har ein einaste gud på rollelista. Gudebolken endar så med Allvismål, der Tor fretter ut dvergen Allvis. Sidan Volund vert omtala som alvekonge, har nokre løyst seg or floken ved å seia at dei to siste dikta fortel om dei lægste mytologiske skapningane: alvar og dvergar. Men hadde det ikkje vore rimeleg om Allvismål stod saman med dei andre Tors-dikta, og at Volundkvedet stod sist, ved overgangen til heltedikta?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.