JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Fredagsbøn i fengselet

MYSEN: Frå ein karriere som sandvolleyballspelar på eit California-universitet drog Imran Khan heim til Indre Østfold, der han no samlar innsette i høgsikringsfengselet til fredagsbøn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Førebuingar til fredagsbøn i allrommet i høgsikringsfengselet i Eidsberg. Fengselsimam Imran Khan sit i kvit kjortel midt i biletet.

Alle foto: Håvard Rem

15312
20230217
15312
20230217

havard@dagogtid.no

Me er berre femten her i dag. Me kunne ha vore mange fleire, seier fengselsimam Imran Khan.

Det er fredagsbøn i fengselet. Han ser alvorleg på dei dømde. Konfliktnivået mellom somme av dei unge innsette er så høgt og valdeleg at ein lyt ha låste dører mellom dei. Gjengkriminelle som vil skada kvarandre utanfor murane, vil skada kvarandre innanfor òg.

Høgsikring

Eg er i Indre Østfold fengsel, avdeling Eidsberg, eit moderne høgsikringsfengsel. Dei strenge tryggings­tiltaka gjeld for alle – dei innsette, dei tilsette og besøkjande som meg. Den fyrste slusa møter eg utandørs – ein videoovervaka, roterande metallport i full høgd, med krossbom og elektrisk styrt lås. Innandørs kjem eg fyrst til eit rom der eg syner og gjev frå meg ID-en. I neste rom hamnar berbar datamaskin og telefon bak lås og slå. Eit tredje rom, med metalldetektor og gjennomlysing, liknar sikkerheitskontrollen i ei lufthamn.

Så er eg inne i ei verd i verda. Her kan du arbeida i butikken eller handla i han, for eigne pengar eller dagsatspengar, med sjølvbetening, sett bort frå i snusskåpet. På Klippekroken kan du få stussa skjegget, klippa medfangar eller sitja modell for innsette som får frisøropplæring. Du kan arbeida på ein av verkstadane – snikra, sy eller måla frå åtte til tre. Du kan gå på skule og vitja biblioteket. Du kan produsera musikk og radioprogram, driva med yoga og basket, pumpa jarn og koka mat.

Bønetenaren

Kvar fredag etter lunsj kan du gå til bøn. Då kjem Imran Khan gjennom slusene i kvit kjortel og svart skjegg. Til dagleg driv han eit matimportfirma i Askim. Her er han fengselsimam. Eg helsar på ein roleg og samla kar. Planen var å eta lunsj i lag før fredagsbøna, men det rekk han ikkje.

Dagen i dag er nemleg ein merkedag. Han kjem frå eit møte med leiinga. Etter fire år med fredagsbøn – noko som i seg sjølv har vore kontroversielt ­– får imamen i dag eit utvida mandat. For fyrste gong skal han heilt på eiga hand ha ein samtale med ein innsett – ein av unggutane som er i vond og valdeleg konflikt med ein annan ung innsett.

Medan Khan sit i tomannssamtale, vert eg fylgt til allrommet. På eit bord ligg både bøneteppe og nytestament. På éi dør står «WC» og «fotvask», og på neste står «Teknisk rom/lager» og «prest». Den kjortelkledde bønetenaren har alt kome, ein norsksomalisk innsett som hjelper Khan. No legg han bøneteppe utover golvet. Han verkar glad. Til dagleg ber han på cella, men kvar fredag kan mange be i lag, med preike attåt.

­–?De har tilbod om fengselspsykolog. Kva gjer imamen som psykologen ikkje gjer, spør eg bønetenaren.

– Ein psykolog arbeider med sinnet. Imran arbeider med hjartet, svarar han og legg ei hand på brystet.

Khan hastar inn døra.

– Plar han halda god khutba, spør eg.

Båe stirar på meg når eg nyttar det arabiske ordet for preike.

–?Å ja, smiler tenaren.

Khan smiler, han òg, men verkar samstundes skaka. På tomannshand fortel han:

– Eg har aldri hatt ein slik samtale før. Det var tøft å høyra kva han har gått gjennom. Familien har slege handa av han. Dei har aldri vitja han her. Han er berre ein tenåring. Han gret. Han sa ting han aldri har fortalt til nokon.

Dei innsette kjem. Dei handhelsar på Khan og set seg i ein hestesko, somme etter å ha bøygd seg fyrst. Ulike tradisjonar er representerte. Khan byrjar å be.

Fredagsbøn i Eidsberg høgsikkerheitsfengsel.

Fengselssoge

Eidsberg fengsel er eit av dei mange norske 1864-fengsla, oppkalla etter året då dei ein gong så moderne soningsanstaltane stod ferdige – i Mysen, Arendal, Sandefjord, Gjøvik, Fredrikstad, Hokksund, Hønefoss, Kongsvinger, Kristiansand, Leirvik, Nesbyen og Ålesund – i raudbrun teglstein, med eineceller, så dei dømde fekk mindre høve til å ha dårleg påverknad på kvarandre. I 2023 lever dei meir som i store kollektiv, med tolv dømde i kvar bueining.

For fem år sidan vart Eidsberg fengsel radikalt ombygt, til eit av dei sikraste og mest moderne fengsla i landet, og samstundes utvida frå 17 til 102 soningsplassar. Ein treng alle. Det la press på kapasiteten i Østfold då Sarpsborg fengsel i fjor vart midlertidig stengt medan ein utbetrar rømmingsvegane.

Til neste år er denne soningsanstalten 160 år gamal, men faktisk har Eidsberg ei langt eldre fengselssoge. Alt for 750 år sidan stod det eit fengsel her, på ein holme i Glomma, ei mil unna, ikkje langt frå Vammafossen, på Valdisholm, der storelva gjekk stri, og det var vondt å gå til åtak eller flykta.

Minst 16 bygdeborger frå den urolege folkevandringstida kring år 500 er registrerte her i Indre Østfold, og ei bygdeborg kan ho opphavleg ha vore, Valdisholm-borga, som i mellomalderen var eitt av berre åtte borganlegg i landet. Så det var ikkje heilt sant, det Bjørnstjerne Bjørnson skreiv i refrenget til «Norge, Norge!» (Digte og Sange, København 1890):

Norge, Norge,

hytter og hus og ingen borge.

Krossfarartid

Det var som festning Valdisholm var viktig under dei norske borgarkrigane mellom 1130 og 1240, frå Sigurd Jorsalfar døydde til Eidsberg-fødde kong Håkon Håkonsson makta å skapa fred og orden i riket, og festninga kom til nytte som fengsel.

Sonen og tronfylgjaren Magnus Lagabøte, «lovgjevaren», skreiv i 1273 ei lovbok for hirda, til dømes om kva sysselmannen skulle gjera med drapsmenn som «fortener fengsel og ikkje dauden». Kongen nemner fem fengsel i det austafjellske, og eitt av dei er Valdisholm.

Så Eidsberg hadde fengsel alt i krossfarartida. I Noreg er tida mest kjend gjennom nemnde Jorsalfar, «Jerusalemfararen», men paven forventa at han drog i krosstog, mektige Håkon Håkonsson òg – konge over Noregsveldet då det i flatemål var det største riket i Europa.

Dei krosstoga vart det ikkje noko av. Men han sende jaktfalkar og andre gåver til sultanen av Tunis, fortel skalden og historikaren Sturla Tordsson, nevøen til Snorre.

I 1265, då fredstid hadde gjort festninga til fengsel, skriv han i Soga om Håkon Håkonsson: «Denne same sumaren sende kong Håkon Lodin Lepp og Håkon Øysil frå landet. Dei fór ut til sultanen i Tunis med mange falkar og andre slike ting som var sjeldfengde der. Og da dei kom fram, tok sultanen vel imot dei, og dei vart verande lenge der om vinteren.» 

Så fylgjer eit kvad. Som Jorsal er Blåland og Serk­land norrøne stadnamn på muslimske område, og dei siktar til høvesvis hudfarge (bla, black) og klede (serk, kjortel, djellaba). Kan ein seia at Håkon Håkonsson gjorde seg til ven med dei serkkledde i staden for å høyra på paven og senda krosstog mot dei?

Konge gjæv, dei fjerne serker

i sitt land din raustleik rosar.

Folket likar dine haukar,

enda langs med Blålands grenser.

Nettverk etter soning

Serk nyttar nær helvta av dei innsette, nett som imamen, når dei kjem til fredagsbøn i høgsikringsfengselet. Seinare i dag, under fredagsbøna i lågsikringsfengselet i Trøgstad, går dei innsette vestleg kledd, i T-skjorte og hettegenser, i jeans og joggebukser.

– Det er tilfeldig, meiner Khan når eg gjer han merksam på skilnaden.

Men tilfeldig er det nok ikkje at det ligg to fengsel i Indre Østfold. Kva kan plasseringa fortelja om regionen? Fyrst og fremst om nærleiken til Oslo. Å sona i ein annan landsdel ville ha vore upraktisk for dei unge gjengkriminelle og deira pårørande i hovudstaden.

Lokaliseringa speglar òg dei demografiske endringane i Indre Østfold på dei femti åra sidan foreldra til Khan busette seg her. På ferdene mine i regionen nyttar eg stundom skulebussen, og grovt rekna tredje- eller annankvar elev ser ut til å ha utanlandsk opphav. Indre Østfold har i seinare år hatt ein tydeleg auke i talet på born som høyrer til hushald med vedvarande låge inntekter.

Fengsla i Eidsberg og Trøgstad har sjølvsagt eit samarbeid med Raudekrossens Nettverk etter soning-avdeling her i Østfold, men dei har eit samarbeid med Nettverk etter soning-avdelinga i Oslo òg.

Introduksjon

I allrommet ber Khan på arabisk, men pratar og preikar på flytande norsk. Fengselsleiinga ynskjer å vita kva som vert forkynt. Frå andre europeiske land veit ein at muslimske innsette er vortne radikaliserte under soning, stundom av medfangar, stundom av predikantar.

Etter bøna snur han seg mot eit ukjent andlet.

– Du er ny her, bror?

Fangen nikkar. Me er familie, er underteksten i den både inkluderande og ekskluderande tiltaleforma bror (syster høver dårleg her i fengselet), som me elles kjenner frå lågkyrkjelege miljø.

– Du er på ferie her, du òg, spør Khan han.

Han nikkar. Somme smiler. Dei har sjølve vore gjennom opptaksritualet.

–?Du er frå Oslo, spør Khan.

Ny nikking. Khan legg til:

– Ja, hovudstaden er godt representert her. Alle store gangsterar kjem frå Oslo. Og det er ikkje fyrste gong du er her? Du likte deg så godt at du ville attende?

Preika

Temaet for preika i dag hentar han frå hendinga han nett kjem frå.

– Kva er den største gjerninga me menneske kan utføra, spør han med sikker røyst og eit fast blikk i fangane, der han sit breibeint og avslappa på stolen. Når ingen svarar, held han fram:

– Å sameina folk. Det finst inga større oppgåve. Me er i gang med eit nytt prosjekt her i fengselet. Å sameina innsette som er splitta. Som ikkje eingong kan gå til fredagsbøn i lag. Me er berre femten her i dag. Me kunne ha vore langt fleire. Inga gjerning gjev større løn enn å sameina folk. Og inga ugjerning gjev større straff enn å splitta folk. Å laga faenskap mellom folk er verre enn mord, for det fører mange mord med seg. Kva lagar faenskap i verda?

Lang pause.

Egoet.

Ny pause.

– I dag skal eg røpa ein løyndom for dykk.

Han treng ikkje be dei høyra godt etter, for dei sit alt med øyra spissa.

– Om du ynskjer noko særs sterkt ... Lat oss seia at du har fått fem år og ynskjer deg ut før ... Korleis kan du best oppnå det? Her er løyndomen: Det du ynskjer, skal du ynskja for ein annan. Når du ber, skal du be om at ein bror kjem ut før. «Ahmed har fått seks år. Hjelp han, så det går snøggare.» Ber du om gode berre til deg sjølv, hjelper det ikkje ein drit.

Imran Khan utanfor porten til lågsikringsfengselet i Trøgstad.

Sandvolleyball

Khan ser snøgt på armbandsuret. Preika har vara ein time, men det er så stille at ein kunne høyra eit dirkeblad falle. Etter ei bøn på arabisk tek han farvel. Me kjem oss gjennom slusene og ut til bilen. Han har berre tida og vegen før han skal leia fredagsbøna for dei innsette i Trøgstad, eit lågsikringsfengsel i ein tidlegare militærleir, ei mil lenger nord.

Foreldra hans flytta frå Pakistan til Askim i 1970-åra. Storebroren Nadir vart fødd der, Imran her. Heime i Askim synte ungguten eit uvanleg sandvolleyballtalent som sikra han plass på eit California-universitet. I fem år budde han i Santa Monica, hjå familien til trenaren sin, sandvolleyball-legenda Mark Barber.

– Eg spela på høgt internasjonalt nivå, men gav meg då eg gifta meg tidleg i tjueåra. Med tre hundre reisedøger vert ein ikkje ein god familiemann.

– Har du angra på at du gav deg så tidleg?

– Litt. Eg kan sakna å vita kor langt eg kunne ha nådd.

– Du kjem frå ein god heim?

– Eg gjer det. «Den første barnehage, den er i mammas mage», seier han som eit vers.

– Korleis er det å preika til innsette som kjem frå heilt andre heimar?

– Eg veit om dei som har sete i to år utan å få eit einaste besøk. Men tru kan berga folk. Verta ein berebjelke. Gje von om tilgjeving. Gje von om eit etterliv, ikkje berre etter dauden, men etter fengselet.

Synestesi

I Trøgstad er det inga sluse å passera. Fredagsbøna går føre seg i kinoen. Hit kjem tretti innsette, i norske klede, somme av dei etniske norske òg, konverterte og ikkje-konverterte. Konfliktnivået er langt lågare her. Khan finn eit anna khutba-tema: paradiset.

– I denne verda har alt grenser, men lystene er grenselause. Det skapar problem. Når du har ete tolv pizzastykke, og så vert tilbode kebab, har augo lyst, men magen har ikkje trong. Det gjeld ikkje berre mat. Ver ærlege no. Augo kan ha lyst på fleire damer enn ein har trong til. Her på jorda har me ikkje trong til fleire enn dei ein kan vera gift med – éin, to, tre eller fire.

Han reknar på fingrane medan han fortel. Om ein elles kan forsørgja dei, kan ein mann ha inntil fire koner, etter islamsk lov. Etter norsk lov er det forbode som bigami. Khan held fram:

–?Det vert annleis i paradis. Slik lystene ikkje har grenser, har heller ikkje paradis grenser. Der vert ikkje berre trongen metta, men lystene òg. Der kan ein eta tolv pizzastykke og likevel halda fram med kebab. I paradis kan folk eta i sytti år.

Og maktar ein eta i sytti år, maktar ein nok sytti jomfruer òg. Han peikar mot tunga si og fortel:

­­– Her på jorda smakar me berre gjennom små hòl i tunga. I paradis smakar ein med heile kroppen, frå tånaglen til håret.

Eg smiler for meg sjølv. Han snakkar om synestesi, tenkjer eg og minnest ein gong eg var så forelska at når eg strauk henne over den tynne huda på den spede ryggen, smaka det honning, som om fingertuppane hadde smakslaukar. I paradis har ein det slik heile tida.

Arven frå Midtausten

Khan held fram:

?­– Men korleis vert ein kvitt all maten? Jau, ein sveittar han ut. Og sveitten er som kostesam parfyme. Før paradis stig ein ned i ei elv, og når ein stig opp av elva, er det utan tarmar og avføring, men med ein forvandla kropp.

Dette liknar noko Paulus skriv, tenkjer eg. «Og det finst himmelske kroppar og jordiske kroppar», står det i eit av breva til korintarane. «Vi skal bli omskapte. For dette uforgjengelege må bli kledd i uforgjengelegdom.» Teksten vert stadig lese i kyrkja.

– Kva for alder har ein i paradis, spør Khan i kinoen.

Etter ei pause svarar han:

­–?Der er du 33 år i all æve. Der har ein fem kvalitetar. Ein har alderen til Isa, Jesus. Ein har røysta til David, poeten. Ein har høgda til Adam ­­– han var mellom tretti og seksti meter høg, og sju meter over bringa. Ein har venleiken til Josef. Og ein har personlegdomen til Muhammad.

Imamaugo skin, og det gjer fleire fangeaugo òg.

– Det finst fire himmelske bøker. Salmane til David, lovene til Moses, Bibelen til Jesus og Koranen til Muhammad.

For dei norske har det no vorte mange ukjende namn. Dei var framleis kjende då eg var ung. Nordmenn og muslimar hadde hatt mange fleire felles referansar om bibelkunnskapen ikkje var forsvunnen. For eit paradoks, tenkjer eg, at dei same politiske gruppene som fekk bibelsoga ut av skulen, heia fram innvandringa. Bibelsoga var ein kulturarv frå same Midtausten som mykje av migrasjonen kjem frå. Me tilgjev dei, dei visste ikkje kva dei gjorde.

Preika varar ein dryg time her òg. Så er det tid for bøn. Sett bort frå fire ljose hovud som sit att i kinoseta, kjem alle fram og bøyer seg.

Forsoning

Den fredagen eg vitja høgsikringsfengselet, hadde Imran Khan den fyrste tomannssamtalen. Samtalen var vond, men vellukka, av di han fredagen etter førte til den fyrste trekantsamtalen, mellom dei to unge innsette og Khan som mellommann.

Skal ein tru fengselet, resulterte trekantsamtalen i forsoning mellom dei to unge innsette som tidlegare ikkje kunne opphalda seg i same allrom eller luftegard.

I dag er det fredag att, og om alt går slik Khan og fengselsleiinga ser føre seg, bed dei i lag i dag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis