JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Frå minne til mjøl på kvern i Lesja

På sørvestsida av Lesja-dalføret har Lesja historielag restaurert ei heil samling av hus som dei kallar eit industrihistorisk kulturminne. Dette har dei gjort på dugnad, ein flokk eldre menn som meistrar både reiskapane og byggjeteknikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den nyreiste Lorkverna. Frå venstre tørkestova og stallen. Bak furene står vedskålen attmed bålplassen. Til høgre kverna, bakanfor møllarstova. Stampa er til høgre utanfor biletet.

Alle foto: Erik Solheim

11257
20230217

Restaurering

Erik Solheim har i ein del år hatt restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøg­skulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

Lorkverna (i bygda seier dei Lorkvenne), heiter plassen med åtte bygningar, vassrenner og vasshjul som skulle til for å få vatnet til å gjere det meste av arbeidet.

Namnet kjem av elva Lora, som kjem med vatn frå store fjellvidder mellom Lesja og Ottadalen. Vassføringa er jamt sikker, stundom i meste laget. Namnet Lora er tolka som «den burande». Elva kan stige brått til ein kraftig straum som flytter digre steinar. Mange gardar hadde eiga kvern, men mangla ofte vatn til å drive ho i denne tørre bygda. Male måtte dei gjere ofte. Korn står seg godt lenge, men ikkje mjøl.

Sikringa i 600 år

Lorkverna var sikringa gjennom 600 år. Ho er nemnd i eit skinnbrev frå tidleg i mellomalderen, i 1326. Steinane sveiv fram til siste krigen, då tyskarane stengde kverna. Dei skulle ha kornet under eigen kontroll. Etter 1945 vart det meir vanleg å kjøpe mjøl til folk og fe. Forfallet overmanna kverna og det andre som var bygt; i 1988 stod kvernhuset på skeive. Då vart tanken om å byggje det heile opp att sådd. I 2000 kom dei i gang, 60 år etter at kverna stilna. Det som står i klynga av hus i dag, er ein kopi av tilstanden rundt 1800. Leiaren i historielaget, Oddvar Romundset, i lag med Odd Reidar Hole, initiativtakar og leiande i arbeidet, syner Dag og Tid rundt.

Av husa ved Lora var kverna det viktigaste for livsopphaldet i bygda. Ho har to steinar. Med den eine mjølar dei fint mjøl til folket, og med den andre mjølar dei grovare grøpp til dyra.

Også til å lage malt, grovknuste kornspirar til ølbrygging, var kverna i bruk. I kosthaldet var kornet den viktigaste maten for folk i mellomalderen og utover – 75–80 prosent av kaloriane, skriv Kåre Lunden i Norsk landbrukshistorie II – Frå svartedauden til 17. mai. I Lesja og andre fjellbygder var bygg vanlegast. Dette kornslaget mognar med lågare sommartemperaturar enn dei andre gjer. Vassgraut av eige korn hadde dei fleire gonger om dagen.

Tekniske finessar

Til kverna går eit langt slok (ei vassrenne) frå ein dam som tek inn vatn frå Lora. Først driv vatnet ein slipestein med reim frå eit vasshjul som har fjøler stikkande ut frå ein liggande aksling. Så deler sloket seg, den eine greina går til kverna og den andre til stampa (sjå seinare). Den siste møllaren skifta ut den tradisjonelle kvernkallen med ein turbin av stål. Frå reimskiver oppe på turbinakslingen går det overføring med reim til den eine eller den andre kvernsteinen.

Her er fleire tekniske finessar som ikkje var vanlege på gardskverner. Så hadde då også Lorkverna ein eigen møllar som styrte med ho. I lange periodar budde han med familien sin i ei stove like ved kverna. Begge ligg vel ei mils veg frå bygda på den andre sida av dalen. Bøndene kom til kverna med korn og fekk med seg heim att det som dei ville, mjøl, grøpp eller malt.

I dagens mølle er steinane og litt anna utstyr originalt frå tida då møllaren dreiv. Sjølve huset er nytt, ein kopi av det som stod der rundt 1920. På den tida sette møllaren eit overbygg med lette veggar oppå kvernhuset. Til den andre høgda gjekk ei nesten flat gangbru, og han kunne sleppe kornet ned til kassen (teina) over steinane ovanfrå. Det gjorde arbeidet lettare.

Karane i historielaget hogg malmen fureskog (med mykje kjerneved) til nye stokkar som dei drog på plass med hest eller ein liten traktor. Så emna dei stokkane til på staden, i stor grad med øks og andre handreiskapar. Også møllarstova er sett opp att av nye stokkar, for det meste. Ho har to unelege rom. Kverna er på nytt i bruk. Historielaget kjøper byggkorn frå Ottadalen mølle og gjer det til mjøl, som er svært ettertrakta.

Brua

For å lette tilkomsten og restaureringsarbeidet fekk dei i 2012 bygt bru over elva. Ho er i gamal teknikk, som dei kallar ei blanding av utleggs- og hengverksbru.

Frå elvebardane ligg der kampesteinar som underlag eit stykke utover. Langsgåande stokkar, tyngde ned av stein, held endane av trebrua oppe. Over det brusande midtstykket er det fire rundstokkar som ber spennet – to på kvar side. Dei står skrått opp og møter kvarandre som i eit møne. To andre stokkar heng ned frå mønet og held brua oppe over stryket.

Det var altså eit godt stykke veg frå gardstuna til kverna. Bøndene brukte hest til å køyre kornet fram og få med seg mjølet heim att. Frå dei kom til dei fór, kunne natta gå. For hestane høyrde det stall til kverna, med plass til fire. Oppe på lemmen kunne karane sove. Huset står framleis med gamalt tømmer på steinane i den gamle tufta. Dette var det første huset dei sette i stand.

Ved sida av stallen står eit anna hus dei hadde bruk for, ei tørkestove (tørrstugu i Lesja). Ho er ikkje frå staden, men eit autentisk hus frå ein annan gard i bygda. Midt i rommet står ein omn i kleberstein, med skorstein over mønet.

Langs kvar av sideveggane er det festa to karmar; dei kan minne om køysenger. Her la dei korn som var for fuktig til å male, fyrte godt og rørte i kornet så det tørka jamt. Kleberstein held godt på heten, så kornet tørka om dei ikkje fyrte heile tida.

Stampe

Eit anna teknisk hus, det står ved sida av kverna, er ei stampe. Inne er ei innretning som tøvar vovne ullstoff for å få dei mjuke, tette og varme – lage dei til vadmål. Når stoffa kom frå vevstolen, var dei gjerne stive og harde. Breidda på tøyet var ofte om lag ein alen, rundt 60 centimeter.

Stampa har tre hovuddelar – eit todelt trau som stoffet ligg i, nokre tunge trestykke som dett ned på tøyet, og eit overvasshjul som driv rundt ein åttekanta stokk med knastar på. Stoffet legg dei i trauet, ein tett, avlang kasse, og slår varmt såpevatn opp i. Når den åttekanta stokken går rundt, løfter knastane opp dei tunge trestykka etter tur. Så fell dei ned på ullstoffet av seg sjølv. Vatnet som driv stampa, kjem frå same dammen som til kverna. I kvart av sloka – renna – kan dei løfte opp ein hengsla lem i botnen, slik at vatnet renn ned om det ikkje er bruk for det.

Hjultypar

Eit overvasshjul er ståande på ein vassrett aksling. Vatnet kjem inn på toppen og fyller kassar ute i periferien. Tyngda av vatnet i kassane driv hjulet rundt. På eit undervasshjul treffer vatnet flater som stikk ut frå midten av hjulet.

Her er drivkrafta farten eller trykket av vatn som fell ned mot hjulet i eit slok, ei renne. Eit slikt hjul har større fart enn eit overvasshjul. Også i ein kvernkall med ståande aksling er det trykket av vatnet som driv det heile rundt.

I eldre tider tova dei vadmål med føtene. Det skal ha vore tungt arbeid som tok lang tid. Også med vassdrivne stamper, som visstnok kom i bruk utpå 1800-talet, måtte dei ha god tid til tovinga.

Stampene gjekk ut av bruk då det kom ullvarefabrikkar som laga stoff folk kunne kjøpe. Då vart òg grovt vadmål til klede etter kvart mindre vanleg.

I gamle dagar stod stampa lenger nede ved Lora, der det også var sag. Historielaget ville samle alt på ein stad. Ho som dei har sett opp no, er kopi av ei som står ved Sagelva på Bjorli, nesten ved grensa til Møre og Romsdal. Huset er bygt i grovt bindingsverk med kledning, men vasshjulet og alle delane inn i huset var tidkrevjande å snikre.

Stamper er svært sjeldne bygningar i dag. Dei var mindre vanlege på gardane enn kverna, med stod ofte i lag med eitt eller fleire kvernhus. Kvernvatn hadde alle rett til, sjølv om dei ikkje åtte i ei elv.

Smie

Litt høgre oppe og vekke frå dei andre trehusa står ei smie. Ho er flytta til staden og restaurert. Her er esse – smieavl – og ambolt og anna utstyr som skal til for å forme jarn til ulike bruksting. I avlen brenn kol som treng ekstra tilførsel av luft for å få opp heten slik at jarnet let seg forme. Ein smiebelg der eine sida vart løfta opp og pressa saman igjen, var hjelpemiddelet dei gamle smedane hadde. Det var vanleg å drive belgen med handemakt.

Jarnet som dei kunne smi, fekk dei før i tida ut av myrer på utvalde stader – i tre trinn. Først bygde dei opp eit bål av torv og trestykke.

Dei sette fyr på det heile for å bli kvitt det organiske stoffet i det som dei henta under torva, ein masse som kan minne om leire, og som altså inneheld jarn. Dette kalla dei å røste. Då vert jarnet også kjemisk endra, det vert magnetisk. For å komme vidare måtte dei lage trekol i ei mile, eit slags bål av småhoggen ved som brann sakte under eit torvlag og med liten tilgang på luft. Då brann berre ein del av energien i veden opp; resten vart konsentrert i kolet.

Siste steget var å legge røsta malm og trekol lagvis i blestra, ein sylindrisk steinomn, og setje fyr på blandinga. Meir enn 1000 grader måtte til for å skilje jarnet frå slagget. Til slutt gjaldt det å hamra dei gloande klumpane for å fjerne restane av slagg, til dei stod igjen med jarn dei kunne smi. Slik jarnvinne var i bruk til utpå 1800-talet.

Å få opp temperaturen i blestra krev rikeleg tilførsel av luft. På Lorkverna driv vatnet ein smiebelg til dette, via ei vektstong frå vasshjulet.

Ope for alle

Alt som historielaget har bygt opp igjen, er tilgjengeleg for kven som helst. Ute har dei laga til bålplass og grill, ved ligg i skålen attmed. Er vêret ulagleg, er det berre å gå inn i husa. Laget har også omvisingar kvar fredag, laurdag og sundag i skuleferien om sommaren. Dei ville ikkje berre setje opp att dette kulturminnet med så variert innhald ved Lora og la det stå der. Dei vil at yngre menneske skal få ein gløtt inn i måten folk i bygda innretta seg på då lite av det dei trong, var å få i butikkar – for ikkje meir enn 70–80 år sidan. 2500 skreiv seg inn i gjesteboka i fjor, og dei veit at mange fleire var innom. Dei har òg laga til ein kultursti med ti opplysande tavler om kulturminne frå tidlegare utnytting av vasskrafta og om naturen i dette stroket. Alt dette har trekt mykje folk.

Mange stader rundt om har det vore vanskeleg å få tak i kunnige snikkarar til å restaurere og kopiere gamle hus. I Lesja har dei vore sjølvhjelpte. Ein flokk av eldre menn gjekk laus på oppgåvene, og dei fekk det til. Dei har meistra både bygningsarbeid og innvendig finsnikring med stort sett tradisjonelle reiskapar.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bøndene kom til kverna med korn og fekk med seg heim att det som dei ville, mjøl, grøpp eller malt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sju menn fortel sju historier knytte saman av musikk og ein fellesskap om det å ikkje høyre til.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar

«Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor.»

Jan H. Landro

Det er nærare eitt år sidan klima- og miljøminister Espen Barth Eide fekk rapporten frå leiaren i Genteknologiutvalet, Anna Wargelius, men er vi noko nærare å skjøne kva han handlar om?

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn
Siri Helle

«Visste du at vi held på å tillate bruk og omsetning av genmodifiserte organismar i Noreg?»

Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
JoelSelvakumar

Einsidig om seinfølger

Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar

Katja Oskamp er fødd i Leipzig og voks opp i Berlin. Ho studerte teatervitskap og arbeidde som teaterregissør før ho vart forfattar.

Foto: Paula Winkler

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Oskamps aksept og varme smittar, og vi les med interesse om inngrodde neglar og hammartær.»

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis