JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Folket på Åknes

Den 10. mai 1900, då sceneteppet til eit nytt og lovnadsrikt hundreår opna seg, drog ein liten gut sitt fyrste andedrag på garden Nordjorda på Åknes sørvest på Andøya.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vi er samla til song og underhaldning på lanen i 1978, men eg er for lita til å få vere med. Eg står ved sida av han far og ho mor, medan mamma Eli, tante Randi og onkel Per følgjer med på «scena».

Foto: Odd Mathis Hætta

21064
20230303
21064
20230303

redaksjonen@dagogtid.no

Hilberg Roll Rasmussen, son av Rasmus Johan Pedersen og Hanna Nikoline Korneliussen, vart fødd då Noreg var ein del av Sverige. Like over to millionar menneske budde i Noreg, av dei tre firedelar utanom byar.

Eg trur ikkje dei tenkte mykje på slikt den våren, men mest på at dei fekk skore og røysa torv til brensel, ført kyrne til utmarksbeita, sett potetene i jorda og skaffa klede til den vesle.

Odelsguten til Åknes

Det er slik namnet tyder på: Åknes er flatt åkerland mellom fjære, myrer og fjell. På det meste budde der 200 personar i fyrste halvdelen av 1900-talet, og dei hadde skule, butikk, postekspedisjon, molo og fiskemottak.

Hadde Rasmus og Hanna ei kjensle av at ei ny tid var i ferd med å byrje, då dei heldt sin fyrstefødde denne maidagen i 1900? Eit hundreår der Noreg skulle få sjølvstende, dei skulle oppleve både krig og uår, men òg ei uføreseieleg, galopperande teknologisk utvikling der maskiner erstatta det manuelle arbeidet utført av menneske og dyr, elektrisitet vart eit gode for alle, fiskebåtane vart motoriserte, plast erstatta treverk, stemmer og musikk strøymde ut av radioapparat, telefonar letna kontakten mellom folk og inn i kvar heim kom levande bilete med nyhende frå Noreg og verda, både forunderlege, forargelege, morosame, skremmande, om godheit og om vondskap.

No var det ikkje oldeforeldra mine som skulle kome til å sjå alt dette i si levetid, men Hilberg og Ragnhild, morfar og mormor, som vi i familien kallar han far og ho mor.

På Nordjorda heldt dei kyr og sauer og dyrka potet, medan enkelte andre gardar på Åknes hadde grisar og geiter og grønsaker. For å tene eigne pengar drog Hilberg som 18-åring «på sjyen», slik andre gutar gjorde, og var på fiskebåt så langt sør som i Rogaland.

Han hadde berre éi syster som vaks opp, tre år eldre Petra, som budde heime til ho gifte seg i 1927. Hilberg hadde eit ynske om utdanning før han skulle ta over gardsdrifta etter fyrste verdskrigen. På den nystarta folkehøgskulen på Trondarnes i Harstad gjekk han i 1919–20, og han betalte for seg med fiskepengane. Det var nok aldri i tankane hans å spørje foreldra om pengar; familien var ikkje slik stilt. I alle år etter snakka han varmt om året på Trondarnes, og eg kan røpe at fleire i familien min har gått der sidan.

Eit sjølvstendig Noreg

– Ho Beda har fått ei jente, og ho har negler!

Peder kom opp frå fiskebåten i fjæra og vart møtt av ein gut som kom springande. Bodbringaren hadde tydelegvis studert det vesle barnet ordentleg, ettersom han hadde gjort slik ein særskild observasjon. Kong Haakon og dronning Maud vart krona på dagen ein månad etter at jenta vart fødd våren 1906, men for Peder Martin Pedersen og Beret (Beda) Johanna Ernestussen var det fyrste barnet deira ei større hending.

Ho fekk namnet Ragnhild Barbara Ernestussen, og dei neste 16 åra fekk ho fem sysken. Ragnhild vart både døypt og gift i Dverberg kyrkje, ei spesiell åttekanta kyrkje. Familien hadde hus, heim og båt på Saura på Andøya, nokre kilometer frå kyrkja. Mannfolka rodde fiske, og kvinnfolka dreiv småbruket og passa på borna. Men Beda treivst ikkje så godt på Saura, så då dei fekk tilbod om jord på Bøgard, heimplassen hennar, i 1914, pakka dei og reiste sørvest over myrene med hest og vogn. Jorda dei bygde på, heitte Søreng, og såleis vart dei Søreng-folket.

10. november 1933 kom 27-årige Ragnhild Søreng til Nordjorda på Åknes, og 11. november gifte ho seg med Hilberg. Ein kjenning køyrde dei i bil dei 33 kilometrane til Dverberg, men dei hadde gløymt å tinge fyring i kyrkja, så det vart ei kald oppleving.

Ragnhild hadde sydd seg bunad til bryllaupet, medan Hilberg fekk kjøpt seg ny dress etter å ha lånt pengar av ein nabo. Han hadde teke etternamn etter garden som 21-åring, og dimed vart dei ekteparet Hilberg Roll Nordjord og Ragnhild Barbara Nordjord. I eit kassettopptak frå 1988 ramsar ho mor opp dei andre som gifte seg same året og året før, til dømes Albert og Aslaug, Paul og Dina, Otto og Jenny, Gjertrud og Jakob. Ho har full oversikt over kvar dei kom frå, om dei hadde born frå før, og dei borna dei fekk saman, kvar dei flytta, kven som bygde og kvar dei hadde sommarfjøs.

Å spasere på moloen er noko av det finaste ein kan gjere på Åknes. Ho mor og eg i 1987.

Foto: Eli Nordjord Hætta

Inga kvile på ein gard

Eg skuldar foreldra mine ein stor takk for å ha teke vare på familiehistoriene både gjennom kassettopptak av besteforeldra mine og særskilt for å ha skrive dei ned. I morfamilien har dei vore svære brevskrivarar, alltid på nynorsk, noko som har dokumentert liv og livnad gjennom eit hundreår. I farfamilien har dei teke vare på tradisjonar og gamal kunnskap som har vore overlevert munnleg og vert overlevert enno i dag, men farmor skreiv òg brev til borna sine når dei flytta ut, og pappa har skrive bøker om alle aspekt ved tilværet på Finnmarksvidda.

Hilberg og Ragnhild fekk det fyrste barnet, Per Bernt, 27. desember 1934. Nokre månader før han fylte tre år, vart han storebror til vesle Randi Helene Alfrid. Eg trur det kan ha vore litt sjalusi inne i biletet, men det var nok òg stas at det kom ei lita dokke. Under krigen var det eit tysk kystfort ikkje langt unna, og landgangsprammane la til i fjæra på Nordjorda.

Far vart kommandert til å køyre for okkupantane og måtte ut med hesten i allslags vêr. Det gjekk alltid godt, fordi hoppa Netta var stø sjølv i snøfokk. Nokre veker før dei kunne heise det norske flagget att i 1945, kom mor mi, Eli, til verda. Jenta vart lagd i kommodeskuffa, til ho vaks ut av ho og vart flytta til vogga.

Dei som har levd ei tid, veit kor stevsamt livet på gard kan vere, då som no, men det var på eit heilt anna nivå for 80 år sidan. Andøya har lite skog, så dei skar torv til brensel, slo myrer og utmark og følgde kyrne og sauene til sommarfjøs for at dei skulle feite seg opp. Dei dyrka potet og grønsaker.

Mannfolka drog på både lofotfiske og finnmarksfiske, og dei henta kokefisk til familien. Dei tok det arbeidet dei fekk i sesongane, og Hilberg arbeidde til dømes på garnbøteri og trandamperi. Kvinnfolka var fyrst oppe og sist i seng på gardane. Borna deltok naturleg i arbeidet, og det var vel så viktig som skulegangen. Det var så lange strekk mellom skuleperiodane at gutane i alle høve kunne reise på fiske med fedrar og onklar frå 13-årsalderen.

Etter kvart som velferdsstaten vaks og vegnettet i Noreg skulle forbetrast, vart det òg veg- og anleggsarbeid på dei. Jentene stelte småsysken, strikka og sydde klede til eige bruk og for sal, laga mat, gjekk i fjøset, henta vatn, vaska golv og vaska klede. Det einaste utearbeidet for jenter var å få huspost i andre familiar. Borna skulle fyrst og fremst lære å arbeide. Om Hilberg såg mamma med nasen djupt nede i bøkene, sa han:

– Ragnhild, har du ikkje bunding (strikketøy) åt ho?

Hausten 1957 reiste Ragnhild og Hilberg til Harstad for å feire sølvbryllaup.

Foto: Privat

Mannfolk på fiske

Personlegdomen til han far er vanskeleg for meg å skildre. Eg såg morforeldra på Åknes berre om sommaren, kan hende med nokre unnatak då dei besøkte oss i Alta eller feira jul med oss i Siebe, hos pappa sin familie. Hilberg var streng, syntest eg, han smilte sjeldan og snakka ikkje så mykje med meg, anna enn når han irettesette oss ungane. Han var kraftig bygd og med lite hår, krona med kasjetthuve til dagleg, eller hatt når dressen var på.

Storesyster mi Anja og eg har to syskenborn, døtrene til mammas bror Per, og dei budde i sørdelen av tomannsbustaden. I andre delen budde mor og far, og det som hadde med born og barneborn å gjere – klede, mat, omsorg – var Ragnhild sitt ansvar. Vi sat oftast på kjøkenet, der det var varme, teiknesaker i skuffa på det gule kjøkenbordet og store brødskiver smurde med Sunda på bakstefjøla i benken. Ein stol i blå vinyl med utfellbare trappesteg var favoritten min. Han kunne brukast til å både sitje og klatre på.

I eit opptak frå 1989 fortel Ragnhild om gardsstellet i riktig gamle dagar; det må ha vore på 1930-talet og framover. Dei mjølka kyrne for hand, før dei helte mjølka i separatoren. Fløyten var så sett til syrning, og rømmen vart kinna til smør i ei veivkinne. Smøret skulle så ut av trauet og saltast, og saupet måtte ut, før trauet vart vaska godt.

– Vi selde egg og smør til handelsmannen, det vi ikkje brukte sjølv, fortel ho.

– I ein tredall (trekanne) hadde mannfolka heimsmør med seg på fiske, ilag med flatbrød, seier Ragnhild.

Både faren, brørne og Hilberg reiste på fiske, enten nokre år i ungdommen eller resten av livet, attåt garden. Det var kvinnfolka som ordna dette med maten til fisket, reknar eg med.

– Saupet drakk vi eller kokte saupgraut av. Om sommaren syrna vi mjølk, så vi hadde utover vinteren, for det var nokre veker kyrne var tørre om vinteren, fortel ho mor vidare.

I seinare tider vart mjølka vanlegvis køyrd til meieriet, om ikkje snøvêr stoppa dei. Då måtte separatoren fram att.

Fyrst straum, så traktor

Nordjord-familien heldt kyr, høns, sauer og hest til trekkdyr. På garden var der fjøs, stall, låve, naust, arbeidssjå, naustkammers, tørkesjå, silo, vognskur og utedo med avispapir.

Fjøset fekk innlagt vatn før våningshuset, og dimed vart storgryta på klesvaskedagen fyrt opp der. Vaskepulveret var til kvitvasken og den heimkokte såpa til resten. Straumen på Nordjorda kom i mars 1952, og dei sparte mykje brensel når dei ikkje lenger trong fyre opp kjøkenomnen sommarstid for å koke mat.

Dobbel kokeplate og leselampe var innkjøpte på førehand. Vaskemaskina dei skaffa to–tre år etter, var ikkje av det beste slaget og vart bytt ut etter ei stund. Til den må dei ha bore vatn inn frå fjøset, for innlagt vatn på kjøkenet kom fyrst i 1956.

Vassrøyra fraus fleire månader i året, frå seinvinter til tidleg sommar. Alt dette les eg om i memoarane mamma skreiv for familien. Det er koseleg å lese forteljinga hennar, år for år, og pusle saman biletet av livet der sett i samanheng med alle dei gongene eg var på Åknes. Men eg tok ikkje del i gardsarbeidet der, slik dei vaksne gjorde, og slik eg gjorde i Siebe hos dei andre besteforeldra mine.

Vi syskenborna brukte lanen (høylåven) til fast underhaldningskveld kvar sommar på 80-talet. Det var song, gitarspel og dramatisering, og eg spela blokkfløyte eit år, med rosa polyesterkjole og kvit strømpebukse. Eg var fem år. Eg trur òg vi tynte dei vaksne for nokre kroner på basar, så vi kunne kjøpe søtsaker på butikken.

Då butikken stengde dørene sist på 1980-talet, sykla mamma og eg dei elleve kilometrane til Bjørnskinn eller endå tre kilometer til Risøyhamn, helst på tysdagar, bladdagen, så vi fekk både ferske teikneseriar, sjokolade og gjerne nokre ark glansbilete.

Hoppa Britt var den siste hesten dei hadde på Åknes, og då ho vart sjuk og døydde i 1957, vart ho gravlagd i utmarka. Hilberg ville helst ha ny hoppe, men med pengar Per hadde tent i gruvene på Svalbard, henta dei heller ein traktor i Risøyhamn våren 1958. Odelsguten Per skulle jo ta over Nordjorda ein dag.

Traktoren var eit skilje i gardsdrifta. Den hausten kosta Ragnhild og Hilberg på seg ein tur til Harstad for å feire sølvbryllaupet sitt. Dei smiler mot meg frå svartkvittbiletet dei tok hos fotografen, med fine klede og nygreidd, mørkt hår.

Borna flyttar vekk

Sommaren 1960, då Hilberg og Per utbetra fjøs og låve, fann dei ein spydspiss av stein i sanden under låven. Han vart send til museet i Tromsø mange år seinare, og det hadde vore moro å få eit svar på kor gamal han kunne vere. Historikar Johan Borgos meiner det kan ha vore busetnad på Åknes sidan før vikingtida, og kven veit om ikkje svaret ligg i eit arkiv i Tromsø?

Då mjølkemaskina endeleg gjorde sitt inntog i Nordjord-fjøset i 1963, var han far 63 år og ho mor 57. Per var på veg til å ta over garden, og eldstedottera Randi arbeidde i hamnevesenet i Bergen, medan yngstedottera Eli var 18 år og andreårsstudent på lærarskulen i Tromsø. Ho var kjærast med sisteårsstudenten Odd Mathis Hætta frå Siebe.

Alle tre borna og fleire slektningar og naboar hjelpte til om somrane. Slåtten var tung, hesjer og silo skulle fyllast opp, kyr og sauer takast vare på og mat skulle kokast og bakast til arbeidsfolka. Ragnhild hadde ofte vondt i føtene eller ryggen, så slåinga og hesjinga var det naudsynt at dei vaksne borna gjorde.

Lukta av paradis

Åknes er mitt sommarparadis: hav, grøne fjell, jorde, beitande kyr bak straumgjerde, molo, grusveg, hus på oversida av vegen, enger og fjæra nedanfor vegen. Stupande terner, våt sand, daude glasmaneter, blomar, skjel, glasbitar og stein vi kunne samle på. Eg drog alltid nokre kilo heim frå fjæra etter ferien.

Familiebesøk til gamaltanter og -onklar, rundstykke med måseegg og kaviar, røykelaks, brunost, heimlaga rull og gomme. Dei gav meg gamle Donald og vekeblad eg kunne lese, løyse kryssorda i og klippe ut bilete av Carola og prinsesse Diana frå. Men fjæra var den beste leikeplassen.

I vaksen alder prøvde eg ein sommar å fange fjærelukta på Åknes i eit stort glas; eg fylte det med sand, tang, kråkebollar, stein, skjell, strandrug og blomar.

Mamma i Alta skal få det, tenkte eg då borna og eg køyrde nordover att. Lukta då vi opna glaset etter nokre dagar, var ubeskriveleg, og alt vart tømt ut nedst i hagen. For å oppleve dufta av Åknes, you have to be there.

Ho mor var mild og snill, nett som bestemødrer av den generasjonen skulle vere, med blomstrete kjole og grått, kort hår med krøllar. Mamma og Randi sette rullar i håret, og i mors hår med, før eit nett vart knytt rundt hovudet til håret hadde tørka.

Då vi var små, var det populært blant oss syskenborna å stelle håret til kvarandre: klipping, føning og krølling. Eg, som den yngste, skulle vel vore det enklaste «offeret», men håret mitt var så tjukt og glatt at mest ingenting tok. Luggen min vart klipt rett over i ei vending; meir kunne ein ikkje gjere.

Ragnhild var stadig redd for oss barneborna, alt var liksom farleg. Å sykle i full fart på grusvegen, ro den vesle, raude plastbåten, klatre på moloen, hoppe i høyet eller kva det var for akrobatiske øvingar vi prøvde, vi måtte ikkje gjere det! Det meste gjorde vi likevel, med unnataket å gå i båten. Eg kunne ikkje ro.

Ho mor på sjukehus

Eg vart litt forskrekka då ho mor knappa opp blusen og bretta ned brysthaldaren på eine sida. Eit søkk og eit knudrete arr syntest på flata der brystet skulle ha vore. Ho smilte og bad meg sjå. Eg forstod ikkje, det var rart, for eg visste jo kva som skulle vere i ein brysthaldar, men her sat det ein protese.

I 1950, då Ragnhild var midt i 40-åra, fann dei ein kul, og brystet vart fjerna. Ingen store undersøkingar fyrst, så legane visste ikkje om det var kreft, men Ragnhild ville vere viss på at det ikkje skulle vere nokon sjukdom i ho.

I dag er eg glad for at ho mor var så open og viste meg arret. Mor mi, Eli, har skrive om at Ragnhild var borte på sjukehus ei heil veke, ei æve for ein 4-åring: «Då eg forsto at mamma var ventande heim, ville eg lage ei pakke til ho. Biletet eg har i hovudet frå denne dagen er at eg strevar med å pakke inn eit grått belte. Men papiret er for lite og beltet taut ut, snart på eine, snart på andre (sida). Og medan eg strevde med dette på divanen i kjøkenet, då kom mamma og vi var glade begge.»

Staden eg har gode minne om, hugsar eg som ein einaste lang og varm sommardag, men i røynda var det oftast skya og hustrig på Åknes. Ein gong laga eg ein drage av ei lang snor der eg batt fast alle huvene i gangen (vi brukte huver om sommaren òg). Han flaug fantastisk flott i kulingen, og eg har bilete som prov.

Klokka tolv var det alltid middag (eg minnest dei hadde fisk mest kvar dag, men det er nok ikkje sant), og etterpå vart borna kasta ut for å leike, men tyst! Ikkje ein lyd skulle høyrast frå oss før det hadde gått eit par timar. Vi dreiv på langs vegane og i fjæra, men det var ulideleg keisamt og vanskeleg å vere stille. Eg ville ofte vere inne og lese i staden, hugsar eg. Det hadde nok med vêret å gjere.

Færre somrar på Åknes

Hilberg drog sine siste andredrag i stova på Nordjorda 13. juni 1982, same plassen han hadde kome til verda. Minnestunda etter gravferda vart halden på ungdomshuset som han hadde lagd ned mykje engasjement og dugnadstimar i. Eg var sju år og gret ikkje, for eg hadde ikkje eit så nært forhold til denne bestefar min.

Eg skjøna likevel alvoret, for eg hadde jo sett han far liggje sjuk med lungebetennelse i finstova til han døydde, men eg kunne ikkje sjå forskjellen; han hadde lege der stille uansett. Det var eit underleg sommarbesøk; ikkje var det sommar (det sludda to dagar etter gravferda), ikkje var det god stemning, og vi vart verande på Åknes ein heil månad.

Tenk at livet berre kan halde fram etter at eit menneske døyr. På garden måtte kyrne mjølkast og stellast, og Per og kona Helga dreiv garden slik dei hadde gjort i mange år allereie. I i den nordlege delen av tomannsbustaden vart ho mor Ragnhild, no 76 år, buande åleine. Somrane kom og gjekk som dei alltid hadde gjort; Åknes var den same plassen. Eller?

I tenåra vart det stadig færre sommarbesøk på Åknes. Sommarjobbane kravde oftast at eg var heime i Alta gjennom heile ferien, og storesyster mi og syskenborna mine hadde vorte vaksne, slik at eg ikkje såg dei kvar sommar. Det var ikkje like stas å reise på ferie med foreldra mine heller, og slik sett var eg vel som alle andre.

Ungdommane på Åknes reiste ut for å ta utdanning, ikkje på fiske for å tene pengar til å gifte seg eller ha attåt gardsdrifta, men for å ta anna arbeid. Andre stader enn på Åknes. Fleire og fleire gardsbruk vart lagde ned. Per og Helga held på fram til 1990-talet, ingen av døtrene overtok, og drifta tok slutt der òg.

Heilt sidan Randi vart fødd i 1937, sleit Ragnhild jamleg med årebetennelse etter ein blodpropp i eine foten, og desse helseplagene hemma ho. Ryggen var heller ikkje så god. Etter at ho vart enkje, besøkte ho likevel døtrene Randi og Eli mest kvart år, og sysken, nieser og nevøar både på Bøgard lengre nord på Andøya, på Fiskenes ved Andenes og i Åsgårdstrand.

Røynda Ragnhild vaks opp med, fekk vi stundom ei skarp påminning om når ho akka seg over born som var sløsete og kresne i matvegen (stort sett eg). Då fortalde ho om fyrste verdskrigen, om at ho og syskena måtte ete dårleg kålrabi steikt i tran.

– Og vi åt opp, formante ho mor, van med å ta vare på alt.

Så kjøpte dei ikkje så mykje billeg skrot som vi gjer no, så dei hadde plass, og alt vart brukt. Ragnhild overlevde to krigar, der svolt og tuberkulose var største frykta. Ikkje alle slapp frå det med livet. Broren Einar var krigsseglar og kom heim etter andre verdskrigen, medan dei ikkje fekk livsteikn frå broren Tor, som segla i utanriksfart frå slutten av 30-talet. Etter krigen fekk familien brev om at Tor hadde omkome då båten han var på, vart torpedert i 1942. Då vart det bestemt at vesle Eli, fødd fredsvåren 1945, fekk mellomnamnet Torgunn.

I 1996 vart det for tungt å klare seg sjølv, og Ragnhild flytta til ein omsorgsbustad på Dverberg, eit par kilometer frå Saura der ho hadde kome til verda.

Garden Nordjorda i dag, der berre onkel Per bur no.

Foto: Susanne Hætta

Eg har dei i livet mitt

Hundreåret der Hilbergs liv hadde byrja, tok slutt, og verda gjekk inn i eit nytt hundreår og tusenår. I år 2000 anda Ragnhild ut, 94 år gamal, og møtte sin Hilberg att. Eg sov i mors seng då vi var på Andøya i gravferda. Ingen andre ville sove der. Eg kjende den gamle, tørre handa hennar i mi den fyrste natta, og skjøna at ho godtok det. Ho smilte og forlét meg.

Kvar er Ragnhild og Hilberg i livet mitt no? Dei er i ein liten, rund spegel på porselenssokkel, den brune veggklokka på kjøkenet, koppen ho mor hadde gebisset i, portrettbileta tekne til sølvbryllaupet i 1958. Ekko gjennom eit heilt hundreår med levde liv. På soverommet mitt ligg eit tjukt, stort, naturkvitt hekla sengeteppe. Eit arbeid som eg ikkje ein gong kan ane strevet bakom, eg som aldri har vore flink med tradisjonelt handarbeid. Teppet er tungt, med ein aura av ei bestemors omsorg som laga teppet 1090 kilometer unna, med gamle fingrar og dårleg syn.

I skapet ligg fleire broderte dukar, i stova ei lang, voven rye og på badet ei rund matte hekla av plastposar. Slik gjorde dei det for seksti år sidan: ingen kommunal renovasjon, men nye måtar å bruke ressursane på. Vel vart ein del rask køyrt i fjæra, ingen tvil om det, men matrestar vart gjevne til kyr, grisar eller måsar, og plast er jo eigentleg eit fabelaktig materiale å lage nye ting av.

Er eg rar om eg seier at plastmattene er noko av det eg set mest pris på av det eg har att frå ho mor Ragnhild? Så mykje flid og meining ligg i dei, saman med dei langt vakrare tinga ho laga: dukane, sengeteppet, rya på stovegolvet. Så lenge eg kan sjå dei og høyre tikkinga frå klokka på Nordjorda, forsvinn aldri minnet om han far og omsorga til ho mor.

Kjelder:

Samtalar med onkel, tante og mamma, mammas upubliserte memoarar, kassett­opptak med Ragnhild og nettsidene
til Andøy Historielag

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis