JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Finst det liv etter Carlsen?

Magnus Carlsen er framleis stjerna, men han får motstand i Norway Chess frå ein gamal indar og ein ung landsmann.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Carlsen byrja turneringa tregt med to remisar mot Wang Hao og Wesley So. Då var det veteranen Anand som stod for underhaldninga.

Foto: Carina Johansen / NTB

5719
20220610

Altibox
Norway Chess.
Stavanger. 31. mai–10. juni 2022.

10 spelarar (alle mot alle).

1. runde: Carlsen – Wang Hao 1,5–1

2. runde: So – Carlsen 1,5–1

3. runde: Carlsen – Radzjabov 3–0

4. runde: Carlsen – Giri 3–0

5. runde: Anand – Carlsen 1,5–1

6. runde: Carlsen – Mamedjarov 3–0

7. runde: Tari – Carlsen 1,5–1

Stillinga etter sju av ni rundar:

1. Magnus Carlsen 13,5

2. Vishy Anand 13

3. Sjakhrijar Mamedjarov 11,5

4. Maxime Vachier-Lagrave 11,5

5. Wesley So 10

6. Aryan Tari 8,5

7. Anish Giri 8

8. Veselin Topalov 7

9. Wang Hao 5,5

10. Tejmur Radzjabov 5

5719
20220610

Altibox
Norway Chess.
Stavanger. 31. mai–10. juni 2022.

10 spelarar (alle mot alle).

1. runde: Carlsen – Wang Hao 1,5–1

2. runde: So – Carlsen 1,5–1

3. runde: Carlsen – Radzjabov 3–0

4. runde: Carlsen – Giri 3–0

5. runde: Anand – Carlsen 1,5–1

6. runde: Carlsen – Mamedjarov 3–0

7. runde: Tari – Carlsen 1,5–1

Stillinga etter sju av ni rundar:

1. Magnus Carlsen 13,5

2. Vishy Anand 13

3. Sjakhrijar Mamedjarov 11,5

4. Maxime Vachier-Lagrave 11,5

5. Wesley So 10

6. Aryan Tari 8,5

7. Anish Giri 8

8. Veselin Topalov 7

9. Wang Hao 5,5

10. Tejmur Radzjabov 5

Vi som er norske brikker i «Magnus Carlsens sjakk», møtest denne veka i Stavanger. Det er den tiande utgåva av Norway Chess, flaggskipet i norsk sjakk. Kan ein tru på ti år til? TV 2 sender alle trekka til Carlsen året rundt (minus VM-sjakken på NRK). Høgdepunktet for kommentatorstormeisteren Jon Ludvig Hammer, som lever av å kommentera barndomsvenen, er det årlege toppmøtet i Stavanger.

I Dag og Tid har eg skrive om Carlsens sjakk i tolv år. Kan ein tru på eit dusin til? Om ei veke byrjar kandidatturneringa som skal kåra den neste VM-utfordraren, men Carlsen har sagt at han mest sannsynleg vil seia frå seg tittelen utan spel. Ti år som verdsmeister er nok.

Eg kan skjøna Carlsen. Han har vunne alt og dessutan skipa det som under pandemien vart eit milliardimperium, PlayMagnus. Men marknaden er skeptisk til dei som alt har nådd toppen, og børsverdien skal no ha krope ned til berre ein halv milliard, ifylgje E24.

Stjernene med X-faktor vantar både i Noreg og internasjonalt. Kan henda er eg litt streng, men alt og alle bleiknar mot Carlsen. Sjølv Carlsen bleiknar. Han seier at favorittspelarane hans er «Carlsen anno 2014» og «Carlsen anno 2019».

Svaret må difor vera at det ikkje finst liv etter Carlsen. Dei fleste av oss brikker i dansen kring gulloksen må berre lukka auga, halda pusten og ta ein sesong om gongen.

Gamal og genial

Norway Chess ser attover i jubileumsutgåva, og dei har invitert VM-motstandarane frå 2010: indaren Vishy Anand (52) og bulgararen Veselin Topalov (47). Eg var skeptisk til eit slikt nostalgisk felt, som ofte kan gje mange keisame remisparti mellom gamle menn, men særleg invitasjonen av Anand skulle snøgt syna seg å vera ein liten genistrek.

Carlsen sjølv byrja nemleg turneringa ganske tregt med to remisar mot Wang Hao og Wesley So. Då var det veteranen Anand som stod for underhaldninga og opna med to sigrar. No skal det seiast at det nye Norway Chess-formatet aldri vert direkte keisamt. Om partiet endar remis, må spelarane ut i ein omkamp, eit armageddonparti i snøggsjakk. For vinnaren i armageddon (eller svart ved remis) vert scoren 1,5, mot 1 til taparen (eller kvit ved remis). Om ein av spelarane vinn direkte i klassisk sjakk, vert scoren 3–0.

TV 2 seier at TV-tala for Norway Chess vart dobla då ein byrja med armageddon for nokre år sidan. Det er kjekt å høyra, men kva skjer når Carlsen legg opp? Nei, vi skal ikkje spekulera meir om det. Anand er jo 21 år eldre enn Carlsen, og indaren kan mora oss framleis.

Dronning mot tårn

Inspirert av Anand eller ikkje, i runde 3 og 4 vakna Carlsen til liv. Han vann to parti med kvit etter strålande spel mot solide Tejmur Radzjabov frå Aserbajdsjan og erkefienden Anish Giri frå Nederland. Carlsen er ofte sjølvkritisk, men her meinte han at han hadde spela uvanleg godt. Då er vi altså over det vanlege verdsklassenivået.

Særleg imponerande var vurderinga av denne stillinga:

Carlsen–Giri, runde 4. Svart i trekket.

Carlsen aksepterer at Giri med svart kan slå ut dei to kvite tårna (dronning slår a1). Matematisk sett skulle dette bytet favorisera svart, då to tårn har eit omtrentleg verd på 10 poeng, medan ei dronning er 9 poeng. Carlsen skjøna noko djupt, nemleg at kvit (med dronning, men utan tårn) på lang sikt får eit farleg åtak med g-bonden (g4–g5–g6). Dette gjekk over hovudet på nederlendaren og resten av sjakkverda.

I tigergapet

I toppoppgjeret i 5. runde, med svart mot Anand, var Carlsen verkeleg ille ute. Anand, «tigeren frå Chennai», spela i midtspelet med presisjonen og intensiteten til gamle Nadal. Carlsen vart utspela à la Ruud.

Anand–Carlsen, runde 5. Kvit i trekket.

Men til skilnad frå Ruud–Nadal har Carlsen det psykologiske overtaket på Anand. Verdseinaren kom seg ut av denne situasjonen òg, trass i den livsfarlege kvite bonden på b7 og den trøysteslause svarte dronninga på h7. Anand måtte akseptera remis. Då veteranen ein halv time seinare slo verdsmeisteren i armageddon, var det ei mager trøyst: «Korleis kunne eg rota vekk det klassiske partiet med eit slikt overtak?»

Giri, ordspelvirtuosen i sjakkverda, tvitra: «Anand must retiger». Alt for 10 år sidan, etter tapet mot Carlsen i VM-kampen i 2013, fekk Anand høyra at han måtte pensjonera seg («retire»).

I sjette runde med kvit var Carlsen i godt slag mot Sjakhrijar Mamedjarov. 3–0. Men i sjuande runde, med svart mot klubbkameraten Aryan Tari, som fylte 23 år denne veka, spela Carlsen utan kreativitet. Partiet enda remis og gjekk til armageddon. Her var Carlsen kreativ, slik vi kjenner han, men han miste kontrollen i tidsnauda og tapte. Kva skal ein seia? Var det ein merkedag for norsk sjakk at Carlsen tapte omspelet mot Tari?

To rundar før slutt kjempa Carlsen og Anand om turneringssigeren. Det kan bli Anands fyrste triumf i Norway Chess eller Carlsens fjerde siger på rad på heimebane. I den avgjerande siste runden i dag har Carlsen svart mot veteranen Topalov.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kan henda er eg litt streng, men alt og alle bleiknar mot Carlsen. Sjølv Carlsen bleiknar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis