JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

Filmverda rundt på 365 dagar

Etter å ha sett 60 filmar frå 60 land i 2022 spør eg: Kor viktig er eigentleg Hollywood?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
16515
20230113
16515
20230113

maylinnclement@hotmail.com

Ei våpenkvile er berre kimen til ein endå større kamp. Ingenting er verre.

I sofaen sit husstanden, me er i gang med filmprosjektet 2022: å reisa filmverda rundt. No er me i Japan i 1961 og ser Yojimbo, eller Livvakten på norsk, av Akira Kurosawa med legendariske Toshirô Mifune i hovudrolla som samuraien Sanjuro. Han kjem til ein delt by og tek hyre på begge sider – alt etter kven som betalar best.

– Eg vert betalt for å drepa, og denne byen er full av folk som fortener å døy.

Tilsvarande historie vert fortald i For en neve dollar (1965), med Clint Eastwood. Få er som Clint, ingen som Mifune.

Her finn du ei oversikt over alle filmane: «Filmreisa 2022 – verda rundt»

Nytt år betyr nytt filmprosjekt her i huset. Ved å setja ei ramme rundt filmsjåinga vert det lettare å planleggja kva ein skal sjå den kvelden. Elles går det fort mykje verdifull kveldstid vekk til å velja film. Så mykje tid kan denne elimineringsprosessen ta, at det til slutt ikkje vert nokon film, men heller ein episode av noko du har sett før.

Ramma kan vera nesten kva som helst, og det treng ikkje strekkja seg over eit år heller. I tidlegare, mindre filmprosjekt har me teke føre oss ulike regissørar, bølgjer og skodespelarar. Slik har eg mellom anna fått tetta nokre av Tom Cruise-hola mine.

Eg er ganske altetande når det gjeld film, men set du på skrekk, ser eg vekk, og viser du meg Marvel, seier eg farvel.

I 2021 reiste me i tid og såg tre filmar frå kvart tiår, frå 2020-talet og ned til 1910-talet, før me returnerte i same stil til notida. Det vart 69 filmar totalt.

Det er enklare å sjå ein eldre film når eg tidsmessig har lena meg attende i filmhistoria. Å berre setja på ein film få 1930-talet kan verka fjernt og brått når ein er van med dagens tempo, effektar og lydspor.

Men skal eg fyrst sjå ein film med tematikk frå 1930-talet, er det betre å sjå ein film laga i si tid. Det vart tydeleg då eg såg Mank, som fekk fem oscarprisar i 2020. Filmen viser Hollywood i 30-åra og den krunglete vegen fram mot å skriva manuset til Citizen Kane (1941).

Her har filmskaparen gått langt i å laga ein film frå og om 1930-åra, men filmen ber meir preg av 2020-blikket han er laga frå. Ein slepp ikkje unna tida ein lever og produserer i, same kor mykje ein prøver.

Då vil eg heller sjå Citizen Kane eller ein personleg 30-talsfavoritt: Lloyd Bacons dansefilm Revyparaden frå 1933, som er pre-code, med alt det inneber av hud, sex og humor. Denne kodeksen, kalla Hays Code, kom i 1934 og vara til 1968, og var eit sett sjølvsensurerande reglar filmbransjen gjekk inn for.

Bakgrunnen var skandalar, overgrep og jamvel drap som vart knytte til bransjen i tidlege år, og som gjorde at 37 statar i USA sensurerte og nekta å visa filmar om ikkje industrien skjerpa seg. Og det gjorde han: Blant dei sjølvpåførte reglane var inga banning, inga utfordrande dansing og ingen kyss over tre sekund.

I fire av filmane frå 1920- og 30-talet var det eit klipp der ei kvinne ser rett i kameraet medan ho drikk av eit glas. To av dei er av fabelaktige Louise Brooks (1906–1985), og eg kan ikkje sjå meg i spegelen medan eg drikk, utan å prøva å likna på henne.

På denne tida i fjor bytte me altså ut tidsmaskinen med verdskartet og la ut på ei jordomsegling med filmlerretet som segl. Planen var at eine filmlandet skulle grensa til det neste, og at me på denne måten skulle bevega oss til Hollywood og forbi.

Me drog fyrst til Sverige og Roy Andersson sin Giliap frå 1975, gjekk derfrå over grensa til Finland og Mannen uten minne (2002) av Aki Kaurismäki. Vidare gjekk ferda gjennom Russland og Russian Ark (2002) og søraust til Nord-Korea, der sirkusfilmen Comrade Kim Goes Flying (2012) venta i slutten i januar. Moralen er: Å arbeida i gruva er betre enn å svinga seg i manesjen. Det filmen vanta på kvalitet, tok han att med propaganda.

Når eg seier me, meiner eg i stor grad mannen min og eg. Han er bibliotekar, har ei dragning mot lister og formidling, og som det står i formålsparagrafen, legg han vekt på «kvalitet, allsidighet og aktualitet».

Når det gjeld å finna fram ulike filmar, er biblioteket godt å ha. Med tenesta Filmoteket.no kan du finna eit breitt utval du enkelt kan sjå med lånekortet ditt. Gjennom det lokale biblioteket ditt kan du òg få tilsendt DVD-ar frå andre bibliotek i landet. Legg du til strøymetenesta Mubi, har du det som skal til for å fullføra filmreisa vår.

Sønene våre på sju og elleve år har vore med på å sjå fleire, som kvalfilmen frå New Zealand, samuraifilmen frå Japan, fotballfilmen frå Kenya og bandmusikalen frå Irland.

Å sjå film saman er ein måte å danna seg felles referansar på. Felles referansar er noko av det eg finn mest relasjonsbyggjande. Difor meiner eg at å dela filmopplevingar styrkjer forholdet til dei du ser film med.

Om eg nokon gong får feira diamantbryllaup og vert spurd om råd for eit langt og lukkeleg ekteskap, skal eg svara nettopp det: Sjå film saman.

Likeins, om eg nokon gong skal sjå meg om etter ein ny make, vert det eit kriterium: Personen må lika film, og helst vera bibliotekar.

Det krev lite å sjå film. Spencer Tracys (1900–1967) udødelege oppskrift på korleis ein klarar seg som skodespelar, var: Hugs replikkane dine, og ikkje dult borti møblane. Å sjå film er om mogeleg endå enklare: Sit i ro og ikkje sovn.

Attende til verdskartet: Frå Nord-Korea gjekk me sørover gjennom Sør-Korea, til Kina, Hong-Kong og Taiwan. Eg har alltid likt meg i Aust-Asia – filmatisk sett, eg har aldri vore der sjølv. Desse landa, og spesielt Sør-Korea, som med Parasitt fekk oscarpris for årets beste film i 2019, har i grunnen kvalitetane eg ser etter i ein Hollywood-film. Det spektakulære, vakre og fengjande. Dei vrir og vender på sjangrar og gjer noko nytt og friskt som overgår dei store Hollywood-filmane eg har sett dei siste tjue åra.

Frå nemnde Sør-Korea såg me Kammerpiken (2016), eit fyrverkeri av ein film som fengsla meg totalt i 2 timar og 25 minutt.

Filmlanda sør for Kina var eg lite kjend med, men har du fyrst sett ein spelefilm frå Thailand, er det ikkje vanskeleg å sjå ein frå Kambodsja.

Etter ein kort visitt innom Australia og New Zealand, fedrelandet til far min, er me i det store filmlandet India. Der Hollywood har vore premissleverandøren for meg, har Bollywood vore viktig for personar som Shabana Rehman og Abid Raja, som sistnemnde skriv om dette i boka Min skyld (2021).

Eg må nemna moderlandet deira, Pakistan, og dokumentaren Chupan Chupai (Hide and Seek) frå 2013. Filmen gav eit fasinerande bilete av korleis ei gruppe transpersonar lever i landet. Éin lèt seg kastrera, ein annan vert kjærast med onkelen sin.

Etter Iran, Tyrkia, Libanon og Israel kjem me til Afrika. Det store uoppdaga filmkontinentet for min del. Det vil seia, eg har sett filmar laga i Afrika før, men storparten av dei har vore Hollywood-produksjonar, som mest av alt viser seg sjølv. No ville eg ikkje sjå verda gjennom hollywoodlinsa.

På same måte som dei beste filmane om 1930-talet vart laga på 1930-talet, er det utan unnatak meir gjevande, og underhaldande, når ein filmskapar skildrar eige land med eige blikk.

I Afrika var me i 19 land – det er fleire enn eg plar vera innom når eg spelar Den forsvunne diamant med borna. To tema som går att i filmane, er maktkritikk og skildringa av å vera menneske i eit system som ikkje fungerer for den einskilde, gjerne med eit snev av magisk realisme.

Frå Cairo Station (1958) tek me toget sørover. I Zambia viser I Am Not A Witch (2017) på tragikomisk vis skjebnen til ei jente som vert rekna som ei heks. Ho vert sett i ein slags dyrepark for hekser, der turistar kan koma og ta selfiar med den søte, fastbundne jenta. Vidare vert ho utnytta til å gjera heksekunstar for ein lokal politikar som tener pengar på henne.

I Kongo syng Félicité (2017) på barar og spelar i band, men får livet snudd på hovudet då sonen hamnar i ei trafikkulukke og skadar ein fot. Félicité gjer alt for å skaffa pengar til den stigande sjukehusrekninga. Filmen var blant dei beste frå heile verdskartet.

Oppover Vest-Afrika, gjennom Mali, Senegal og Mauritania, reiste me over Gibraltarsundet frå Marokko til Spania og såg Viridiana (1961) av den store Luis Buñuel. Etter ein båttur frå Portugal til Cuba, med eit stopp i Jamaica og den kriminelle underverda i The Harder They Come (1972), som kjem med eit svingande lydspor frå hovudrolleinnehavar Jimmy Cliff, gjekk me i land til spenning i Venezuela og tok føre oss Sør-Amerika.

Søramerikansk film er ikkje redd for å bryta med konvensjonane me kjenner frå Hollywood, med romantiske kjærleiksforhold og lukkeleg slutt. Det er ein styrke. Men etter karneval i Brasil med Orfeu Negro (1959), vill dans i Chile med Ema (2019) og far-og-son-portrettet Alamar (2009) i Mexico, kom me endeleg til draumefabrikken Hollywood. For eg har lengta.

Men kva film skulle me sjå? Det måtte vera ein stor ein, som innkapsla mykje av det som gjev meg stjerner i augo. Det måtte bli Giganten frå 1956, på 3 timar og 21 minutt.

Det er fleire grunnar til det. Ikkje berre er det ei episk forteljing om rikdom, olje og USA, men på rollelista har han nokre av favorittane mine: James Dean, Elizabeth Taylor og Rock Hudson.

Åh, James Dean. Dette var siste filmen han spela i før han døydde i ei bilulukke, året før filmen kom ut. Men i filmen var han ikkje den unge og rotlause, han spela ein stakkarsleg type som ved eit lukketreff vert rik på olje og eldast stillaus og usjarmerande. Han var forelska i karakteren Elizabeth Taylor spelte, men fekk henne aldri.

Åh, Elizabeth Taylor. Den mørkhåra venleiksdronninga med så mykje å by på som skodespelar. I fyrste delen av filmen har ho råskapen og intensiteten eg elskar frå Hvem er redd for Virginia Wolf (1966) og Katt på hett blikktak (1958). Samstundes som karakteren vart eldre, vart rolla hennar meir passiv bak dårleg sminke. For meg er Elizabeth Taylor ein villkatt som ikkje skal temjast slik.

Rock Hudson stod fjellstøtt gjennom heile filmen, men eg vil heller ha han som den kjenslevare fyrsteelskaren, som i Med kjærlighetens rett (1955) enn den aldrande, forsmådde ranchherren i Giganten.

Tre amerikanske ess tapte seg mot ein afrikansk flush.

Noko slukøyrd gjekk me vidare over til Canada, som med gode Nawals hemmelighet (2011) fekk humøret opp att. Samstundes som me hoppa frå øyane Island og Irland til Storbritannia, landa den ferske The Greatest Films of All Time-lista i e-postkassa.

Kvart tiande år sidan 1952 har det britiske magasinet Sight and Sound kome ut med ei liste over dei hundre beste filmane i verda, og i desember 2022 kom ei ny oppdatert rangering. Dei som røystar, er 1639 bransjefolk.

For fyrste gong er ein kvinneleg regissør på toppen. Belgiske Jeanne Dielman, 23 Quai du Commerce, 1080 Bruxelles frå 1975 av Chantal Akerman har tidlegare lege å slumra på 35. plass, men tronar no over både Vertigo av Alfred Hitchcock og Citizen Kane av Orson Welles.

Dette sjumilssteget gjorde meg nyfiken. Då me kom til Belgia i romjula, var det difor naturleg å via tre kveldstimar til tre rutineprega kvardagar hos husmora Jeanne Dielman – som ikkje må forvekslast med den danske barne-TV-figuren John Dillermand. Når ho tredje dagen overkokar potetene, er kvardagen i utakt. Men no røper eg ikkje meir!

Filmen slo meg ikkje som ein naturleg fyrsteplass, men i tida etter eg såg han, tenkjer eg på Jeanne Dielman kvar dag, her eg går rundt i huset og brettar kle, trykkjer av lyset og dreg ut støpsel frå stikkontaktar. Det er eit kvalitetsteikn.

Idet champagnekorken poppar eit nytt år, er me i Italia, eit filmland eg kjenner meg heime i. Gjennom denne reisa utanfor allfarveg har tankane mine ofte vore i Hollywood. Sjølv om eg bryr meg lite om dagens Hollywood-franchisar, som Avatar og Marvel, bryr eg meg mykje om rolla Hollywood spelar i filmhistoria. Fleire av dei eldre afrikanske filmane me såg, var restaurerte med støtte frå Martin Scorsese og George Lucas, som igjen gjorde at me kunne sjå Muna Moto, L’enfant de l’autre frå 1975 frå Kamerun.

Akira Kurosawa laga sine velkjende samuraifilmar fyrst etter å ha sett amerikanske westernfilmar. Filmane til Kurosawa var igjen inspirasjon til dei italienske spagettiwesternfilmane, der Clint Eastwood fekk ein ny oppsving i karrieren sin. Filmkunst er appropriasjon, og påverknaden frå Hollywood kan ikkje underkjennast.

No når eg ikkje lenger er bunden til masta av verdsfilmar, høyrer eg sirenene syngja og lokka til glitter og glamour i Hollywood.

May Linn Clement har sett 60 filmar frå 60 land i 2022. Her er ei oversikt over alle filmane ho såg.

1. Sverige: Roy Andersson – Giliap (1975)
2. Finland: Aki Kaurismäki – Mannen uten minne (Mies vailla menneisyyttä, 2002)
3. Russland: Alexander Sokurov – Russian Ark (Russkij kovtsjeg, 2002)
4. Nord-Korea: Kim, Bonner & Daelemans – Comrade Kim Goes Flying (2012)
5. Sør-Korea: Park Chan-wook – Kammerpiken (Ah-ga-ssi, 2016)
6. Japan: Akira Kurosawa – Livvakten (Yojimbo / Yôjinbô, 1961)
7. Kina: Wang Xiaoshuai – So Long, My Son (Di jiu tianchang, 2019)
8. Hong Kong: Wong Kar-Wai – Fallen Angels (Do lok tin si, 1995)
9. Taiwan: Hou Hsiao-Hsien – Tid å leve, tid å dø (Tóngnián wangshi, 1985)
10. Filippinene: Cirio H. Santiago – Vampire Hookers (1978)
11. Indonesia: Lucky Kuswandi – The Fox Exploits the Tiger's Might (2015)
12. Australia: Jane Campion – Sweetie (1989)
13. New Zealand: Niki Caro – Whale Rider (2002)
14. Thailand: Anocha Suwichakornpong – By The Time It Gets Dark (Dao khanong, 2016)
15. Kambodsja: Kavich Neang – White Building (Bodeng sar, 2021)
16. India: Satyajit Ray – The Stranger (Agantuk, 1991)
17. Pakistan: Munir & Khan – Hide and Seek (Chupan Chupai, 2013)
18. Iran: Abbas Kiarostami – Hvor er min venns hus? (Khane-ye doust kodjast?, 1987)
19. Tyrkia: Nuri Bilge Ceylan – Vintersøvn (Kis Uykusu, 2014)
20. Libanon: Nadine Labaki – Hvor går vi nå? (Et maintenant on va où?, 2011)
21. Israel: Maysaloun Hamoud – In Between (Bar Bahar, 2016)
22. Egypt: Youssef Chahine – Cairo Station (Bab el hadid, 1958)
23. Djibouti: Claire Denis – Beau Travail (1999)
24. Kenya: Ella Smith – Mdudu Boy (2016)
25. Tanzania: Jeroen van Velzen – Tanzania Transit (2018)
26. Zambia: Rungano Nyoni – I Am Not A Witch (2017)
27. Botswana: Sarah Vianney – Queens of Botswana (2019)
28. Sør-Afrika: Tebogo Malebogo – Heaven Reaches Down to Earth (2020)
29. Angola: Fradique – Air Conditioner (Ar Condicionado, 2020)
30. Kongo: Alain Gomis – Félicité (2017)
31. Kamerun: Jean-Pierre Dikongué Pipa – Muna Moto (The Child of Another, 1975)
32. Chad: Mahamat Saleh Haroun – En mann som skriker (Un homme qui crie, 2010)
33. Nigeria: Alex Gibney – Finding Fela! (2014)
34. Burkina Faso: Ousmane Sembene – Moolaadé (2004)
35. Elfenbenskysten: Timité Bassori – The Woman With a Knife (La femme au couteau, 1969)
36. Mali: Souleymane Cissé – Yeelen (1987)
37. Senegal: Ousmane Sembène – Black Girl (Le noire de…, 1966)
38. Mauritania: Abderrahmane Sissako – Timbuktu (2014)
39. Algerie: Gillo Pontecorvo – Kampen om Algerie (La battaglia di Algeri, 1966)
40. Marokko: Sean Gullette – Traitors (2013)
41. Spania: Luis Bunuel – Viridiana (1961)
42. Portugal: Miguel Gomes – Tabu (2012)
43. Cuba: Tomás Gutiérrez Alea – Minner fra underutviklingen (Memorias del subdesarrollo, 1968)
44. Jamaica: Perry Henzell – The Harder They Come (1972)
45. Venezuela: Lorenzo Vigas – From Afar (2015)
46. Brasil: Marcel Camus – Black Orpheus (Orfeu Negro, 1959)
47. Argentina: Martín Rejtman – The Magic Gloves (Los guantes mágicos, 2003)
48. Chile: Pablo Larraín – Ema (2019)
49. Colombia: Andrés Burgos – Sofía and the Stubborn (Sofìa y el Terco, 2012)
50. Mexico: Pedro Gonzales-Rubio – Alamar (2009)
51. USA: George Stevens – Giganten (Giant, 1956)
52. Canada: Dennis Villeneuve – Nawals hemmelighet (Incendies, 2011)
53. Island: Valdimar Jóhannsson – Lamb (Dýrid, 2022)
54. Irland: John Carney – Sing Street (2016)
55. Skottland: Bill Forsyth – Gregory's Girl (1981)
56. England: Powell & Pressburger – En sak om liv og død (A Matter of Life and Death, 1946)
57. Belgia: Chantal Akerman – Jeanne Dielman, 23, quai du Commerce, 1080 Bruxelles (1975)
58. Tyskland: Rainer Werner Fassbinder – Veronika Voss (Die Sehnsucht der Veronika Voss, 1982)
59. Frankrike: Jacques Demy – Paraplyene i Cherbourg (Les parapluies de Cherbourg, 1964)
60. Italia: Lina Wertmüller – Syv skjønnheter (Pasqualino Settebellezze, 1975)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis