JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Fasade og fadese i Hollywood

Kor var du då Will Smith klaska til Chris Rock? Eg sat der i salen og såg det heile.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
14345
20220401
14345
20220401

Kva gjer eg her, undrar du kanskje? Korleis i alle dagar har eg, teiknaren i Dag og Tid, fått innpass på Oscar-utdelinga i Hollywood? Er eg vorten elskarinna til ein kjent skodespelar? Kanskje eg er ein kjent skodespelar?

Det freistar å ikkje seia det, la mystikken henga der, men eg skal vera ærleg.

Podkast med May Linn Clement

Svogeren min, Howard Berger, er grunnleggar av KNB EFX Group, den største spesialeffektverksemda i Los Angeles, som mellom anna står bak alle skalperingane, amputeringane og dei elleville blodbada i filmane til Quentin Tarantino.

I 2020 vart Howard stemd fram som guvernør for hår- og sminkeeffektbransjen i Oscar-akademiet, eller Academy of Motion Picture Arts and Sciences, som det eigentleg heiter, som i alt har 53 guvernørar i 17 ulike greiner.

Det er litt som eit presidentval. Guvernørvervet har du i tre år, maks seks år samanhengande, så må du ha ein treårig pause før du kan stilla til val att. Eg vurderer å starta kampanjen «Howard 2029».

Howard er gift med systera mi. Du veit ho som teiknar kart her i avisa. Noko eg kunne tenkt meg no, her eg sit bak sota ruter på veg til Dolby Theatre og passerer teltkoloniar der heimlause menneske bur langs vegen, er eit kart over kor alle stjernene held til i byen.

Gata er sperra av, berre bilar med gjestar får køyra inn i denne delen av Hollywood Boulevard. Vanlege folk som vil ha eit glimt av det som skjer, ikkje utanfor Dolby Theatre, men utanfor det gigantiske partyteltet som er sett opp framfor Dolby Theatre, må stå bak eit fleire meter høgt gitter.

Bilen vert kontrollert både under og inni, billettar sjekka, vaksinepass og negativ covidtest vist fram, før eg tek siste steg frå asfalt og over på raudt teppe for å vera med på den 94. Oscar-utdelinga.

Eg veit ikkje kor lang rekkja av pressefolk utanfor er, men ho er iallfall lengre enn ein 60-meter. Eg tippar hundre meter. Heldigvis må dei halde seg bak eit gjerde, vaktbikkjene, dei får ikkje spankulera her med teiknaren frå Dag og Tid.

Det raude teppet tek oss vidare inn på Dolby Theatre, gjennom heile gangen i fyrste etasje, og fylgjer trappa opp i andre høgda, før eit beige teppe overtek i området med baren, der dei har ein eigen 94th Oscar Awards-drikkemeny.

Eg bestemmer meg for å halda meg til boblene, Champagne Fleur De Miraval Rosé ER2, frå champagnehuset som Brad Pitt og Angelina Jolie var medeigarar av, men så skilde dei seg, og eg ser føre meg Brad seie at «du får borna, eg tek boblene». Uansett, han enda opp med å kjøpa henne ut.

Eg finn eit rundt, høgt bord, set frå meg glaset og sjekkar telefonen. Nokon har sendt meg eit bilete av TV-skjermen sin, Channel 7. Der står Howard og eg like bak Jamie Lee Curtis når ho vert intervjua rett utanfor. Eg har bøygd hovud, dobbelhake og krum rygg, og eg fiklar med noko i veska. Ouch, det var ikkje nett slik eg hadde tenkt å sjå ut, men la gå.

Eg har ikkje stått der lenge før fingermaten er i omløp. Delikate kanapear signerte Michelin-stjernekokk Wolfgang Puck vert serverte på sølvfat, og eg et med eg orkar. Er det éin ting eg veit om Oscar-utdelinga, er det at ho varar lenge. Fire timar med effektiv filming, og ofte går dei over tida.

Den fyrste Oscar-utdelinga vart halden i 1929, og året etter vart utdelinga send på radio. I 1953 vart ho for fyrste gong vist på fjernsyn, og i dag er sendinga eit av dei største underhaldningsprogramma i verda.

Flest sjåarar var det i 1998, då 55,3 millionar skal ha benka seg for fylgja showet. Dei siste åra har sjåartalet dala, og i fjor var det nede på 9,85 millionar – det lågaste nokosinne.

Med tre løgne kvinner som vertar, storslegne musikalske innslag og ei stjernespekka liste over prisutdelarar, vonar akademiet at årets show skal snu kurva.

Teppegolvet går vidare inn i salen der sjølve utdelinga går føre seg. Det er behageleg å gå på, men eg kan ikkje dy meg og tenkjer på kor skitsamt det må vera. Eg lurer på kva støvsugar dei nyttar.

Eg set meg på plassen min, i seksjon K, rekkje 7 og sete 5, og ventar på at lokalet skal fyllast opp av kjendisar som eg kan sjå på. Dei nye kjendisane gjev meg ikkje så mykje, men berre synet av ein person eg har kjent frå film- og TV-verda sidan eg var lita, får meg til å kjenna ein snev av rus.

Som barn av 90-talet kribla det i magen då eg hin dagen såg Quentin Tarantino vandra rundt på Governors Awards i eit sært, kult ganglag, små rykkingar i eine handa og ei jakke som såg ut til å vera sydd av ein bossekk. Hadde han vore ein kven som helst annan person, ville eg gått ein annan veg, men då Howard sa «Let’s say hi to Quentin» , var eg ikkje vanskeleg å be.

Her i Dolby er eit stjernehierarki, der dei nominerte skodespelarane med kjende andlet sit nærast scena. Bak vellukka skodespelarar sit gode regissørar, kostymedesignarar, sminkørar, frisørar, kinematografar og lyddesignarar.

I augnemål tippar eg det er rundt ein halv sekstimeter mellom meg og scena.

Skodespelarane frå Verdens verste menneske, Renate Reinsve, Anders Danielsen Lie og Herbert Nordrum, kjem inn og set seg seks rader framfor meg.

Når dei skal ut av lokalet, mot baren, går dei opp trappa like ved her eg sit. Utan heilt å meine å stira, folk må jo få røra seg som dei vil, registrerer eg kvar gong Renate passerer meg.

Fyrste gongen kjem ho snart inn att med to glas champagne balanserande i eine handa og eit glas med ei ubestemmeleg væske i andre. Kanskje er det vatn. Ho rekk tilbake til plassen sin før lysa byrjar å blenkja og ei stemme over høgtalarane seier at showet held fram om ti sekund, finn seta dykkar og gje applaus.

Om gjestane ikkje kjem tilbake når lysa blenkar, vert seta deira på éin, to, tre fylte opp med liksomgjestar, kalla seat fillers, setefyll. Dette er fint kledde personar med éi oppgåve: Å få det til å sjå fullt ut i salen når kameraet går. Då Kramer i Seinfeld hadde jobb som setefyll, enda han opp med å ta imot ein pris.

I ein pause på eit kvarter nyttar eg høvet til å sjekka ut toalettfasilitetane. Mange andre damer har tenkt det same, så eg vert ståande i ein kø og betrakta meir eller mindre påfuglkledde kvinner.

Det går fort unna, for det er ei lang rekkje av båsar med toalett her, litt som på ein flyplass. Er det éin ting eg ikkje likar, er det nett slike rekkjer av toalett som dei har her på Dolby, der dørene og veggane byrjar 30 centimeter over golvet. Ein byrjar jo å lura, kven sit bak dodør nummer éin – er det Meryl Streep eller kanskje Nicole Kidman?

Medan eg er i båsen min, kjem ein overdådig kjole tytande inn frå eine sida, eg må flytta beina mine for ikkje å vera i vegen.

Ein stad eg ikkje vil ta i med eldtang eingong, er langs slepet til ein kjole på Oscar Awards.

Attende i salen går det mot ei ny prisutdeling. Ei utdeling byrjar med at publikum klappar sceneshowet i gang. Deretter kjem det ein person som skal dela ut prisen, ut på scena, og då klappar me denne personen inn. Han eller ho seier noko som anten skal vera rørande eller humoristisk, og eg sukkar eller ler alt etter som. Så vert dei fem nominerte presenterte, og me klappar for kvar av dei. Vinnaren vert lesen opp, og me klappar han opp på scena. Så er det å lytta til ei tale som gjerne er litt personleg og litt politisk, før publikum rundar av med ein siste applaus. Det er såleis ni applausar per kategori, og 23 kategoriar.

Det er minipausar som eg reknar med er reklamepausar i fjernsynssendinga, etter nesten kvar prisutdeling. I minipausen etter at prisen for det beste manuset er delt ut, til Belfast, og det er klart at Verdens verste menneske ikkje får nokon Oscar, går både Renate, Anders og Herbert ut av salen, og dei kjem ikkje att når lysa blenkjer. Dei treng jo ikkje det, no er det ikkje lenger fare for at dei må opp på scena eller figurera i ein klem med regissøren og manusforfattaren. Eg ser tre setefyllarar trippa bort til plassane deira.

Dei heng sikkert ute i baren, tenkjer eg, for det har eg lese at Renate ville gjera.

Dei siste dagane har eg slukt alle nyhende frå Hollywood-villaen Norsk filminstitutt har leigd til 312.000 kroner for tre dagar, som ein stad der folk i bransjen kan møtast, mingla og networka. Med tanke på at norsk presse har stilt mannssterke i Los Angeles, må eg seia at det har vore litt få oppdateringar frå villaen. Berre eit innspel til seinare: Kva med å montera små kamera i huset, slike som ein har i fuglekasser for å fylgja med på klekkinga, så kan me fylgja nettverksbygginga minutt for minutt?

Så langt eg har lese meg fram til, er éin kontrakt signert her, ein såkalla millionkontrakt. Ein film om norske fjøsnissar er seld til Hollywood, skriv NRK og TV 2 og VG og Dagbladet, og kontrakten er verd fleire millionar. Kor mykje er fleire millionar? Alt frå to millionar og opp til ein milliard? Eller reknar ein i tiarar? Slik at om kontrakten til dømes hadde vore på 20 millionar, ville ein sagt fleire titals millionar?

På eitt bilete står kulturminister Anette Trettebergstuen og forevigar signeringa mellom den norske og amerikanske bransjen ved eit rundt bord framføre bassenget. Ein perfekt kontraktskrivesetting og førebiletleg networking.

Det er i ei av desse sakene frå fuglekassa eg les at Renate seier at ho har høyrt at det er i baren på Dolby Theatre det er mest spanande å vera under prisutdelinga. Å sitja i over fire timar i ei livesending, der mykje av tida går med på å klappa i hendene, vert litt trøyttande i lengda. Eg må medgje det. Så eg klandrar ikkje Renate, Anders og Herbert for å trekkja ut og stå over ei prisutdeling når dei fyrst kan.

Det er berre litt dumt at det er nett no, når standupkomikar Chris Rock skal dela ut prisen for beste dokumentarfilm, og han seier til kona til Will Smith, Jada Pinkett Smith, som er skalla som fylgje av ein sjukdom, at han ser fram til å sjå henne i filmen G.I. Jane 2, altså oppfylgjaren til G.I. Jane, der Demi Moore spelar ein skalla soldat, og det ke-likkar for Will Smith. Han går opp på scena og smekkar Chris Rock i fleisen, før han snur seg og går dei få stega tilbake til stjerneplassen sin ved sida av kona.

Dei neste sekunda skjer det noko med stemninga i lokalet. Fyrst ler eg – å iscenesetja eit slag er jo ikkje uvanleg i skodespelarland. Men så byrjar Will å ropa mot Chris: «Keep my wife’s name out of your fucking mouth

Det går ei frysning gjennom salen, eg får ståpels på armane. Så dette er altså lyden av 2500 menneske som held pusten.

Eg tenkjer på Renate, ho står sikkert i baren og anar fred og ingen fare. Kanskje tek ho seg ein margarita, eller kanskje ho – som eg – held seg til berre Brad Pitt-champagne i kveld. Det er ikkje lurt å blanda for mykje, men det veit ho sikkert.

Chris Rock – han heiter ikkje Rock utan grunn – står steinstøtt i det, han deler ut prisen og fullfører programmet.

Pausen byrjar, Renate og dei kjem tilbake i rommet, og det lyser frå telefonskjermane til folk i salen. Eg smugles meldingar som «Kva skjedde?» og «Var det ekte?».

Til og med eg sjølv får melding av ei veninne som sit heime i Noreg og fylgjer med: «Tre ord om Will Smith?» Eg svarar med eitt ord: «hårsår».

Eg ser mot Liv Ullmann, eg lurer på kva ho tenkjer om dette som nett hende. Liv sit til høgre for meg i salen, langs eine veggen, saman med Samuel L. Jackson. Begge fekk dei Æres-Oscar, ei utnemning dei 53 guvernørane gav under Governors Awards to dagar tidlegare, to etasjar over her me no sit.

To gongar i løpet av ein gjennomsnitts­-
kvardag tenkjer eg på Liv Ullmann. Fyrste gongen er når eg vaknar og kjenner eit behov for å strekkja meg før eg går ut av senga. Då vurderer eg om eg skal gjera litt morgontøying, slik Liv gjer i ei scene frå Scener fra et ekteskap (1973). Det ser lurt ut, men eg landar som regel på ikkje å gjera det.

Andre gongen er når eg sit og teiknar eller skriv, og tek meg sjølv i å ha beina kryssa to gongar. «Du blir krøpling om du sitter med bena krysset», sa lærarinna til unge, skuletrøytte Liv. Det er om lag den same leksa eg har fått heime. «Som voksen krysser jeg bena to ganger rundt hverandre», responderer ho i den sjølvbiografiske boka Forandringen (1976).

I 2018 skreiv eg ein artikkel om Liv Ullmann her i Dag og Tid. Eg ville eigentleg intervjua henne då ho fylte 80 år, men fekk ikkje svar på dei to e-breva eg sende assistenten hennar. I staden las eg bøker ho har skrive og såg filmar ho har spelt i, og skreiv saka ut frå dette.

Det vart ei ganske fin sak, om eg kan seia det sjølv, og eg hadde lyst at ho skulle nå Liv. Difor sende eg ein PDF på e-post, men i kjend stil fekk eg ikkje svar.

Nokre månader seinare var Liv på turné med Riksteatret og framsyninga Liv. Eg drog til Os for å sjå framsyninga, med eit prent av artikkelen i veska, men fann ikkje eit passande høve der eg kunne stikka det til henne.

Då tilfellet ville ha det til at me begge skulle på Governors Awards, freista eg lukka igjen. Lat meg seia det slik: Denne dagen fekk ikkje Liv Ullmann berre ein Æres-Oscar. Ho fekk òg overlevert saka eg skreiv om henne i 2018.

Med delte kjensler klappar eg slapt når Will Smith får prisen for beste mannlege skodespelar. Det er ikkje det at eg misliker han, eg er berre så svolten, og takketala hans så lang. Det er vanskeleg, seier han, å ta imot drit og lata som det er OK.

Will Smith er eit resultat av Hollywood. Han er blitt dulla med, løfta fram av ein mektig filmbransje, og plutseleg er han på Red Table Talk, TV-programmet til kona si, der ho sit i lotusstilling og fortel at ho i lengre tid har hatt eit seksuelt forhold til August, ein god ven av sonen deira. Både ho og den unge rapparen trong det, og Will nikkar, lèt som det er OK.

Will Smith, du er som ein kjole med slep på Oscar-utdelinga. På toppen glitrar du, men på botnen er det mykje skit.

Sjåartala går opp til 15,36 millionar – det nest dårlegaste i Oscar-historia. Til gjengjeld fekk årets show ein YouTube-rekord: Klippet der Will Smith smekkar til Chris Rock, nådde 48 millionar visingar på 16 timar.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og skribent i Dag og tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg klandrar ikkje Renate, Anders og Herbert for å trekkja ut og stå over ei prisutdeling når dei fyrst kan. Det er berre litt dumt at det er nett no.

Om gjestane ikkje kjem tilbake når lysa blenkjer, vert seta deira på éin, to, tre fylte opp med liksomgjestar.

«Tre ord om Will Smith?» Eg svarar med eitt ord: «hårsår».

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis