JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Evolusjonen til ein lokal­avisjournalist

Då eg var lita, lurte eg på korleis eg nokon gong skulle klara å få meg ein fast jobb. No lurer eg på korleis eg kan leva godt utan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Tekning: May Linn Clement

Tekning: May Linn Clement

11369
20210212

Permisjonen

Etter elleve år som lokalavisjournalist tek May Linn Clement permisjon.

Del 1

maylinnclement@hotmail.com

Skal eg skriva ynskjer eller søkjer?

Eg er lokalavisjournalist, har to unge søner, og ein mann som har nok med å finna seg sjølv. No sit eg og formulerer eit kort, men vanskeleg e-brev til arbeidsgjevaren min. Eg ynskjer, eller søkjer, permisjon i eit år. Ikkje for å ta meg av eit spedbarn, ikkje for å studera meir, men for å jobba og tena mindre. Kvifor sit dette så langt inne? Det er ikkje arbeidsstaden det er noko i vegen med, det er meg. Eg går i loop, og er lei.

Det er elleve år sidan eg, nyutdanna i Stavanger, søkte på stillinga som journalist i Austevoll, der mor mi kjem frå. Eit krav til jobben var at eg måtte disponera eigen bil.

– Ikkje noko problem, sa eg og ringde far min, som alt den gongen var storbrukar av Finn.no.

– Eg vil ha den beste og billegaste bilen du kjem over.

Resultatet fann han i Haugesund. Ford Ka-en hadde alt eg kunne drøyma om. Bilen var knøttliten og hadde nettopp bikka tolv år, som er ein magisk alder for ein bruktbil. Det inneber nemleg låg omregistreringsavgift.

Bilen hadde hatt éin eigar. Denne eigaren var ei eldre dame som berre hadde køyrt til og frå butikken. «Eldre dame» er på bruktbilspråket synonymt med «sliten kløtsj».

– Det tek meg seg av, sa far min, som kjem frå New Zealand og snakkar slik, og kjøpte ny kløtsj til minstejenta.

Og til dei som lurer på om det ikkje var dyrt å skifta registerreim på den tolv år gamle kjerra, kan eg fortelja at Ford Ka ikkje har registerreim.

Med ny kløtsj på plass trilla bilen rett gjennom EU-kontrollen.

Ka-en kosta 10.000 kroner og gav meg jobb i lokalavisa Marsteinen, med ei månadsløn på svimlande 26.500 kroner før skatt. Eg pakka kleda mine i bossekkar og teiknesakene i bereposar og flytta inn til besteforeldra mine. Me budde saman til dei døydde. To år etter meg, og berre nokre månader før han skulle verta far, flytta den komande ektemaken min etter.

«Bruene som knyter øyane i Austevoll saman, er det største som har hendt.»

Eg hugsar mykje frå det fyrste året mitt i lokalavisa. Den fyrste hendinga eg dekte, var overrekkinga av den splitter nye ordførarkjeda til dåverande ordførar Helge André Njåstad. I rikspressa vart innkjøpet samanlikna med ein Ut i vår hage-sketsj der ordføraren, spela av Atle Antonsen, kjøper ei kjede i staden for å bruka dei sårt trengde pengane til andre kommunale føremål. Her i Austevoll kom derimot det lokale næringsrådet på banen og betalte dei 150.000 kronene kjeda kosta.

Den andre saka var eit godt og lenge planlagt besøk av kongeparet, og eg tok både kongen og dronninga i handa. Njåstad strålte i austevollbunaden og den to dagar gamle ordførarkjeda.

I det fyrste julenummeret eg var med på å laga, var det eit intervju med onkel Norvald og fetteren hans, Nilseguten. I 50 år hadde dei gjeve kvarandre ei julegåve til ti kroner, verken meir eller mindre, uavhengig av indeksen. Blant gåvene trekte dei fram arbeidshanskar, ein pakke spagetti og ei plate av Mahalia Jackson.

Før eg visste ordet av det, var dei same to kameratane i avisa igjen. Berre at no hadde dei drive på med denne gåvetradisjonen i 60 år.

Ti år – poff!

Eg vart feira med blomar og gåvekort frå eit lokalt reisebyrå og tok til å tenkja: Er det her eg skal vera til eg er pensjonist, og kven skal eventuelt portrettera meg?

I løpet av desse ti åra har eg gjort fleire intervju av personar som går av med pensjon. Somme har arbeidd 40 år i kommunen, andre har reist på fiske i 50 år og kunne vel eigentleg helst tenkja seg aldri å gå i land.

Eit fast spørsmål har vore: Kva er den største utviklinga du har opplevd? Svaret har vore det same anten det dreier seg om kyrkjetenaren, heimehjelpa eller fiskaren. Bruene. Bruene som knyter øyane i Austevoll saman, er det største som har hendt.

Sidan 2007 har ein kunna køyra bil frå øya Stolmen i sørvest, over til Selbjørn, vidare til Huftarøy, Hundvåkøy og til slutt Storekalsøy i nord, på rundt 45 minutt.

Det har vorte som ein del av årshjulet i lokalavisa at ein fersk pensjonist må minna oss om tida før bruene.

Året byrjar med ein kavalkade frå året som har gått, før austevollingane gjer bruka klare for skreifiske i Lofoten. Det vårast, og før ein rekk å tenkja seg om, er det tid for å skifta til sommardekk. Rydd framsida!

Så er det sommar og kystsogehelg i Bekkjarvik og Kvalvåg – gløym for Guds skuld ikkje Kvalvåg og kyrkjekonserten laurdagskvelden. Kjem ikkje lokalavisa der, vert det sinte telefonar og oppseiingar av abonnementet.

Haust og skulestart, det er mange spente seks­åringar, ja, men ikkje på langt nær så mange og så spente som hummarfiskarane er. Utan noko varsel, forutan at det går mot vinter, vert det brått kaldt, og meldinga må ut til folket: Skift til vinterdekk!

Jula nærmar seg, og det kan ikkje skrivast nok om kor viktig det er å handla lokalt. Finn du ein portrettverdig pensjonist som hugsar kor tungvint det var å koma seg rundt før bruene kom på plass, er dette tida å få han i tale.

Med lokalavisbrillene på ser eg saker over alt. Skal eg henta ein pakke i posten, lagar eg like greitt ei sak om at posten har for lite lagringsplass til alle pakkane som kjem inn. Netthandelen har kome for å bli, det er sikkert.

Ein kveld på bygdekinoen saman med borna mine kan med enkle grep verta ei koseleg baksidesak om filmmagien i gymsalen.

Det er om å gjera at eg kjem på saker sjølv og fyller opp dei sidene eg har teke på meg. Gjer eg ikkje det, er det overhengande fare for at eg får ein nyprenta rapport på pulten, til dømes NHOs årlege rangering Kommune-NM, der Austevoll støtt skårar høgt på eit eller anna.

– 300 kjappe ord om denne og gjerne ein kommentar frå næringslivet, ber redaktøren så venleg han berre kan.

Ingenting gjev meg mindre enn å skumlesa ein rapport og pressa ei halvside ut av han. Kjensla av å skriva den same saka om og om igjen, lammar meg.

«Dei tusen­lappane betalar eg gladeleg for å sleppa runden.»

Våren 2014 sende eg e-post til Dag og Tid. Dei var utan avisteiknar på den tida, og eg ville teikna for dei. E-brevet inneheldt tre teikningar eg hadde laga for Marsteinen, mellom anna ei av nemnde ordførar Njåstad med den nye kjeda. Eg ville knapt tru det då eg fekk positiv respons og vart beden om å prøveteikna.

Eg fekk tilsendt ein kommentar som skulle illustrerast, og laga tre ulike framlegg før han gjekk gjennom. Neste veke trong eg berre laga to. Den tredje veka eg teikna for Dag og Tid, fekk eg tommel opp på fyrste forsøk. Det var ei teikning av Barack Obama, Vladimir Putin og Xi Jinping over eit slag risk – spelet om verdsherredømet. I same utgåve kom namnet mitt i bylinen på side 2. Eg feira med bobler.

Ein ny arbeidsgneiste vart tend. Kvar onsdag etter Marsteinen var send i trykken, drog eg heim og sette i gang med teikninga, som måtte vera på desken i Oslo innan torsdag morgon. Det gjorde meg ingenting å sitja med målesakene utover natta.

Etter kvart trappa eg ned i lokalavisa, fyrst til 75 og deretter til 50 prosent. Ein ting eg har lært, er at 50-prosentstillinga berre gjeld på lønsslippen. Framleis jobbar hovudet i full stilling med å tenkja på saker til neste avis. Eg er utbrend på eiga rekning.

Difor byrja eg for eitt års tid sidan å planleggja e-brevet eg no slit med å skriva. Eg vil be om permisjon frå den trygge, faste jobben min gjennom elleve år. Eit drastisk val for min del, så eg vende meg til sjølvhjelpsguruen Tim Ferriss for å få råd. Han er kjend for boka The 4-Hour Workweek frå 2007, som går ut på å arbeida mindre og leva meir.

– Kva er det verste som kan skje, og korleis kan eg fiksa det?

Dette er eitt av spørsmåla Ferriss stiller seg før eit stort val. For min del er det verste som kan skje, at eg ikkje har råd til å betala rekningar, mat og det familien min måtte trenga. Og korleis kunne eg fiksa det? Jo, fyrst måtte eg finna ut av kva livet mitt kostar. Ein tur innom nettbanken gav meg svaret. Dei faste utgiftene til heimen, som nedbetaling av lån, barnehage, straum og vatn, bil og autopass, ligg i snitt på 16.500 kvar månad, 198.000 i året. Då kjem mat, klede og annan luksus utanom.

Deretter sette eg meg eit mål. På ein bufferkonto hadde me alt 50.000 kroner. Klarte me å auka han til 200.000 kroner, som ville dekkja dei faste utgiftene, skulle eg be om permisjon.

– Definer kva du fryktar, seier Ferriss.

Eg fryktar at avisa ikkje finn vikar for meg og seier nei. På nettsidene til Arbeidstilsynet les eg at permisjon må som regel innvilgast, dersom arbeidsgjevaren ikkje får for store ulemper. Å ikkje finna vikar ville vore ei for stor ulempe.

– Kan du gå attende, spør Ferriss.

Ja, det kan eg. Permisjonen vil vara i eitt år. Då er eg tilbake på fast arbeid og fast inntekt.

No skulle eg kanskje ha kome med ei liste over utgifter eg har måtta kutta ut for å nå sparemålet, slik dei gjer i Luksusfellen, men det er ikkje naudsynt. Eg har ikkje dyre uvanar, som hårfarging og lause augnevipper. Eg har ikkje dyre vanar heller, som hytte eller ein bil nummer to.

Impulskjøp er nær sagt umogeleg her eg bur. Får eg lyst på sjokolade, må eg fyrst køyra i ti minutt til næraste butikk. Då har eg kanskje ikkje lyst på sjokolade lenger. Her er ingen pubar eg kan stikka innom etter jobb, eller kioskar på hjørna med kaffi og röstipoteter.

Hadde eg budd i ein by, ville eg ikkje klart å spara ei krone. Sist eg var Oslo, i 2019, gjekk folk overalt med kvite dingsar i øyro: Airpods, trådlause øyretelefonar. Berre éin gong tidlegare hadde eg sett slike, og det var på den unge, fräshe sommarvikaren i redaksjonen. Ho gjekk med dei heile tida, og eg visste aldri om eg avbraut noko når eg snakka til henne.

Vel, i Oslo fekk eg akutt trong til å eiga slike sjølv. Så det siste eg gjorde før eg gjekk til flytoget for å reisa heim att, var å gå innom Elkjøp og kjøpa eit sett. På Gardermoen plugga eg øyro og lytta til ein podkast medan eg drakk kaffi på Joe and the Juice, og kjende meg direkte flau. Etter tre minutt gjekk øyretelefonane attende i den vesle boksen sin, og eg brukte dei aldri igjen. Eit halvt år seinare selde eg dei.

Så eg kan ikkje nett seia at eg er så flink økonomisk heller. Eg kan ingenting om aksjar. Ein gong i livet har eg kjøpt nokre, og det var i 2010. Etter tips frå systera mi, som heller ikkje kunne noko om aksjar, brukte eg 20.000 kroner på Northland Resources (NAUR) og mista alt.

Ikkje ringjer eg ulike forsikringsselskap for å pruta på prisen. Ei heller ringjer eg banken og pressar renta på huslånet ned, slik Hallgeir Kvadsheim rår til på alle plattformer med jamne mellomrom. Sist for berre ei veke sidan høyrde eg han på radioen igjen, med dei same tipsa om telefonrunden som kan spara deg for tusenlappar. Nei, dei tusenlappane betalar eg gladeleg for å sleppa runden. Er det naivt av meg å stola på at banken eg har hatt sidan eg var fødd, ikkje prøver å lura meg?

Eg er god på den heilt enklaste forma for økonomi: å ikkje bruka opp alle pengane eg tener, og heller ikkje bruka pengar eg ikkje har.

– Same kor lite du har, set alltid litt til sides, sa bestemora mi.

No har eg sett nok til sides til at e-brevet kan sendast.

Eg ynskjer permisjon i eitt år. Helsing May Linn. Send.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis