JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Er det noko heft?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bakterien Calaulobacter cresentus er naturens sterkaste lim.

Kjelde: Wikipedia

4333
20220520

Lim

Adhesjon: dei tiltrekkjande kreftene mellom to typar molekyl som er ulike

Kohesjon: dei tiltrekkjande kreftene mellom like molekyl

Heft: kor godt eit materiale vert vætt

Eg ligg under båten og skrapar han rein. I skepsis til kjemi og i kjærleik til naturen brukar eg ikkje botnsmurning. Sjølv om eg polerte plastfartøyet mitt i fjor, er det igjen fullt av rur. Det er omtrent umogleg å få bort.

Eg trudde lenge at rur var festa med det sterkaste limet i naturen, men no sit eg og les om bakterien Calaulobacter cresentus. Limet bakterien brukar, er laga av lange kjeder av sukkerbaserte molekyl. Dette limet er tre gonger så sterkt som menneskeskapt superlim.

Mitt første møte med superlim fekk eg då eg byrja i industrien. I skulen gjekk det mest i trelim, Karlsons lim og engleproduksjon. På jobben skulle eg festa små elektriske komponentar på kretskort. Limet me brukte, hadde det treffande namnet Loctite. Den limte så snøgt at ein måtte passa fingrane, og limet var sterkare enn det me limte saman. Loctite inneheld nitrogen- og oksygenbindingar som lagar lange, sterke kjeder når det reagerer med vatn.

Kva eigenskapar treng eit lim? Det må hefta godt, adhesjon, til overflatene på det som skal limast. Limet må også ha stor indre styrke, kohesjon, for å tola belastningar og endringar i temperatur. For at eit lim skal kunna lima godt, må det væta ytene godt. Kor godt eit materiale vert vætt, kjem an på overflateenergien. På eit materiale med høg overflateenergi kan lim oppnå tett kontakt.

Det er tre ulike måtar å skaffa heft på. Kjemisk liming skjer ved molekylær kontakt mellom lim og materiale. Dette er den sterkaste forma for liming. Det oppstår bindingar mellom molekyla i limet og molekyla i overflata av materialet. Plastlim av typen epoksylim brukar denne metoden.

Neste limemetode er mekanisk låsing. Det skjer når limet renn inn i porene på overflata av materialet som vert limt. Låsing hindrar sprekkar og aukar overflatearealet mellom lim og materiale. Tape brukar mekanisk låsing, og kor godt tapen heftar til materialet, kjem an på kor stort trykk me brukar. Flytande lim renn ved påføring, før det tørkar og herdar. Den siste metoden er diffusjonsliming, der limen filtrar seg inn i overflata til materialet. Diffusjonsliming brukar me når plastmateriale skal limast.

Kohesiv styrke er eit mål på den indre styrken i eit lim når det vert utsett for belastning. Dess høgare kohesiv styrke dess kraftigare lim. Epoksylim, som er eit særs kraftig lim, er sett saman av ein kjemisk harpiks som syter for heft, og ein herdar som gjev indre styrke ved å byggja bruer mellom molekyla. Dei sterkaste epoksylimane har ein strekkstyrke som er ti gonger så sterk som betong.

Når ein skal festa ting, har ein mange måtar å gjera det på. Ein kan festa reint mekanisk, sveisa eller lima. Lim har dei siste tiåra gjort store framskritt og har no erstatta andre festemetodar i ei rekkje produkt. Ved å bruka lim til å setja saman to overflater kan ein i tillegg til samanbindinga syta for å halda vatn, skit og anna forureining ute. Ved mekanisk festing vert det belastning rundt festepunkta, medan liming spreier belastninga over heile festeområdet.

Av di lim er elastisk og absorberer energi, kan han redusera vibrasjonar, støy og kvalitetstap. Bruk av lim i produksjonsprosessar gjer dei meir effektive, og lim gjev ofte betre utsjånad på produktet. Me får reine overflater der me før hadde skruar, poppnaglar eller sveisemerke. Før vart til dømes bildelar sveiste saman, no er det epoksyliming som rår. Dersom du lid av flyskrekk, kan det også vera godt å veta at flya òg vert limte saman.

Apropos fly. Då eg var liten, elska eg å lima saman modellfly av plast. Eg likte lukta av lim og putlinga og hadde nok ein draum om å verta flygar. Favorittmodellen var De Havilland Mosquito. Eit kombinert jagar- og bombefly frå andre verdskrigen. For å gjera flyet lett og spara dyrebart metall vart det bygd i tre og limt i hop. På fabrikken hang ein stor plakat med følgjande påskrift: «Ikkje spar på limet».

PS! Lim er ikkje det enklaste ein kan studera. Eg har fått hjelp til fagleg forenkling ved å lesa nettsidene til 3M.

Per Thorvaldsen

per.eilif.thorvaldsen@hvl.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg trudde lenge at rur var festa med det sterkaste limet i naturen, men no sit eg og les om bakterien Calaulobacter cresentus.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis