JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Elva og bilen

EIDSBERG: Di meir landheving øydela vassvegane, di meir avsondra vart innlandet, og di meir feirar dei no dei frigjerande motorkøyretøya.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Glomma og Vamma bru på grensa mellom Skiptvet og Eidsberg.

Alle foto: Håvard Rem

14896
20230203
14896
20230203

havard@dagogtid.no

Ein bygard ved Mysen stasjon er pryda av eit digert veggmåleri med mellom anna hestar og bilar. Og Narvesen-kiosken byr på eit uvanleg stort utval av motormagasin på papir. Under fire hyllemeter med «Erotikk» står fjorten hyllemeter med «Bil og MC», bilblad, lastebilmagasin og ikkje mindre enn seks ulike traktortidsskrift.

Indre Østfold er kjend for ein sterk kultur for hestehald før og bilhald no. Kvifor? Brått, som fekk eg ein takstein i hovudet, ser eg samanhengen mellom den moderne motorkøyretøyfetisjismen her på den eine sida og på den andre sida fråværet av vassvegar på grunn av landhevinga etter istida. Men kva har bilkulturen i Indre Østfold å gjera med mesolitikum, mellomsteinalderen?

Arkeologiprofessoren

Perioden byrja for drygt 9.000 år sidan med menneska som kom hit etter istida. Mysen har ein mellomsteinalderforskar, fødd, vaksen opp og busett her, Ingrid Fuglestvedt, men kontoret hennar ligg på Universitetet i Oslo der ho er professor i arkeologi.

– Kva er Indre Østfold? Kva skil Indre Østfold frå resten av fylket, ringjer eg og spør.

– Lat meg tenkja nokre dagar på eit mogeleg inngangsmotiv, så høyrer du frå meg, seier ho.

– Eg har funne eit inngangsmotiv, meldar ho etter nokre dagar.

–?Glomma. Ta utgangspunkt i Glomma og kor langt ho har vore farbar, fortel ho når eg vitjar hjørnekontoret hennar i Blindernveien, på Institutt for arkeologi, konservering og historie.

Me sit framføre to skjermar medan ho forklårar. Elva, sjølvsagt. Kva har eg ikkje lært på ferdene kring i norske regionar? At kva som har definert distrikt, gjerne er elvene. Størst av dei er Glomma.

Professoren preikar og peikar med pennen på vassdraget. Det renn i nord–sør-retning, og det er nord–sør-aksen som definerer skilnaden på Indre Østfold i nord og Nedre Glomma i sør, og grensa mellom dei. Langsamt vert Østfold mitt eige. Glomma, takk.

Uvanleg stort utval av bil- og traktorblad i Narvesen-kiosken på Mysen stasjon.

Monaryggen

I Mysen nokre dagar seinare står me på Monaryggen, som gamle E18 fylgde, nokre mil nord for raet som E6 fylgjer. Her er mellomsteinalderen ein levande del av kvardagen. Vegen heiter Platåveien. Kjøpesenteret heiter Morenen.

Eg ser fylket stiga av havet som ei skråstilt vaskerenne, ei slik som gullgravarar nyttar, og attmed heile renna har historia avleira seg som rike funn gjennom alle periodar frå istida tok slutt til i dag. Det 13.000 år gamle raet gjennom Østfold, det som Sarpefossen bryt gjennom. Og andre, yngre og eldre trinn i tilbaketrekkinga til isen. Det 13.250 år gamle trinnet ved Skjeberg, om lag der kystlina går i dag. Det 14.000 år gamle trinnet ytst i havkanten på Hvaler. Monaryggen, eit 10.300 år gamalt trinn, som då låg i havkanten, og som i dag ligg 200 meter over havet.

Frå ryggen ser me i sør Glomma og spiret på Eidsberg kyrkje. For eit utsyn. Bak meg dundrar trafikken. Men kva har desse trinna å gjera med motorkulturen?

– Fylg Glomma

Når landet ikkje lenger låg dekt av is, vart det dekt av hav. Men landet steig, og kvitta seg med havet òg. Land kom til syne.

Men ikkje så mykje. I den fyrste tida steig både landet og havet. Landet steig av di vekta av isen var vekke. Havet steig av di isen smelta og vart hav. Prosessane merkar me ikkje – landhevinga av di ho ikkje sest frå generasjon til generasjon, havstiginga av di ho stogga då breane var smelta. Men havstiging høyrer me stundom om i nyhende om Grønlandsisen.

Då havet stogga å stiga, vart landhevinga meir merkbar – ikkje minst for Glomma, som me no vil fylgja, for å fylgja det professorale rådet.

For 10.000 år sidan munna Glomma ut i havet her ved Mysen. Sarpsborg-området låg på havbotnen. Glomma-ferda vår byrja der Monaryggen låg som ei avlang sandbanke i sjøen, og herfrå var det stort sett farbar vassveg mot Mjøsa, mellom holmar og øyer som i dag er heier og høgdedrag.

Ein fjellterskel

Me gjer eit sprang til overgangen mellom yngre steinalder og bronsealder for kring 4000 år sidan. Kor går havkanten og kystlina då? Meir enn nokon stad i verda er det avmerkt i Østfold og Bohuslän. Områda har verdas rikaste førekomst av helleristingar frå bronsealderen, dei fleste med marine motiv. Skipsfetisjimen då var like omfattande som bilfetisjismen i dag. Kystnære gjev dei eit hint om gamalt havnivå.

Di meir land som steig av hav, di lengre vart sjølvsagt Glomma. No munna ho ut sør for dagens Sarpsborg. Ei lang og stor elv var vel bra? Over heile verda har sivilisasjonar og metropolar vakse fram attmed storelver som Amazonas og Nilen, Eufrat og Chang Jiang. Men nei, det vart ikkje heilt slik i Skandinavia.

Kvifor ikkje? Landhevinga. Ho reiv i sund elvene. Gjorde dei dels ufarbare.

Der Sarpsborg ligg i dag, fer Glomma over ein fjellterskel – lat oss kalla han Sarpeterskelen. Han var fyrst skjult av is, og sidan av hav, og lenge av elva. Men terskelen lyfta seg meir enn landskapet sør for terskelen. For 4000 år sidan vart elva kring terskelen til eit stryk –?lat oss kalla det Sarpestryket.

Laksen sprang nok over, og mindre fartøy kunne ein frakta landeveges forbi stryket.

I bronsealderen var landhevinga langt større og sterkare enn ho er i dag, og Sarpeterskelen heldt fram med å lyfta seg. Sarpestryket vart ein foss –?lat oss kalla han Sarpefossen. Då Jesus vart fødd, hadde han fått eit fall på femten meter. Laksen kasta inn handkleet. Ja, kongar og helgenar òg.

Arkeologiprofessor Ingrid Fuglestvedt under Olav den Heilage-figuren over hovudinngangen til Eidsberg kyrkje, der ho jamleg går.

Norsk tid

Då Heilag-Olav Haraldsson ein gong sigla inn Viken, og var komen ei dryg mil opp i Glomma med langskipa sine, møtte han veggen i form av ein foss. Sarpr var då tjue meter høg. Men han snudde ikkje. Der vassveg møtte landeveg, hadde det vakse fram eit knutepunkt der han skipa Noregs fyrste hovudstad, Borg, som med kvart fekk namn etter fossen òg, Sarpsborg. Så viktig var vassfallet der Noregs største elv vert Europas største foss.

Byen definerte delar av det austafjellske. Borg gav namn til Borgarting, eitt av dei fem lagtinga i landet i mellomalderen. Borg gav namn til fylket òg, sysla, som ein kalla det, Borgarsyssel ­– det gamle namnet på fylket eg fer i.

Fylkesgrensene har vore om lag dei same i tusen år, men namnet har endra seg. For tusen år sidan heitte det ikkje Østfold, men Borgarsyssel. Slik ein i dansketida gav norske fylke namn etter dei største byane, som Bergenhus, fekk fylket namn etter byen Borg. Namnet vert nytta i dag òg. Eit steinkast frå Sarpefossen ligg Borgarsyssel Museum.

Len, amt, fylke

I dansketida, kring reformasjonen, vart dei gamle syslene eller fylka kalla len (len heiter det framleis, det me mista i 1658, Bohuslän, Østfold-granne i sør), og dei mange smålena her i fylket fekk samlenamnet Smaalenene, som framleis går att i namnet på Indre Østfold-avisa Smaalenenes Avis.

Med eineveldet sist på 1600-talet vart len til amt, Fredrikstad amt eller Smaalenenes amt. Då nemninga fylke kom att for hundre år sidan, fann namnegranskarar ikkje-danske namn til byar som Oslo (Kristiania) og Halden (Fredrikshald), og til fylke som Telemark (Bratsberg Amt) og Agder (Kristiansand Amt).

Kvifor fekk ikkje då området vårt namnet Borgarsyssel att, men nyskapinga Østfold? Østfold var ikkje så gale. Det spelar på Folden, eit gamalt namn Snorre nyttar om havtrekanten mellom Noreg, Sverige og Danmark, Skagerrak. Når landet vest for Folden frå gamalt av heitte Vestfold, kunne landet aust for Folden få namnet Østfold.

To sentrum

–?Glomma er lang. Er det ein stad du vil råda meg til å vitja, spør eg arkeologiprofessor Ingrid Fuglestvedt frå Mysen der me står på Monaryggen.

–?Eidsberg, seier ho og peikar mot sør.

– Kva finn me der, spør eg.

– Frå Sarpsborg er Glomma farbar opp til Eidsberg. Etter Eidsberg vert elva stri, og ho var endå striare før, før oppdemminga kring Vamma kraftverk, svarar ho.

På vegen til Eidsberg gjer eg opp status: Glomma var berre farbar ei dryg mil, til Sarpefossen. Men så vart Glomma farbar att, då i eit par mil innover landet, til ein kom til ein ny stad der vassvegen ikkje vart farbar lenger.

Borgarsyssel (Østfold) var i mellomalderen delt i to prosti. I sør låg Ytre Borgarsyssel (Nedre Glomma) og i nord låg Øvre Borgarsyssel (Indre Østfold). Kva var dei to sentruma? I sør var det Sarpsborg og i nord var det Eidsberg.

Kvifor Eidsberg? Var det med Eidsberg som med Sarpsborg at eit knutepunkt voks fram der vassvegen ikkje lenger var farbar og vart landeveg? Er ikkje Eidsberg berre bondeland? Er det spor etter gamal stordom der?

Folkenborg

På vegen frå Mysen til Eidsberg ligg Folkenborg – så å seia Noregs Betlehem, med Inga frå Varteig ved Borg som Maria frå Galilea, og med Håkon Håkonsson som kongesonen, som Inga fødde på Folkenborg i 1204. Parallellane er fleire. Han vart fødd i området til fienden, baglarane, som stod tronarvingen etter livet, slik Herodes gjorde òg. For å unnsleppa barnemord vart han fødd i dulsmål, og snart laut ein flykta med gutebarnet. Josef og Maria flykta med det vesle Jesusbarnet til Egypt, og Inga og birkebeinarane flykta med den vesle Håkon-guten til Nidaros.

Og båe voks dei opp til å verta storkongar. Si største utstrekning nådde Noregsveldet då Håkon Håkonsson var konge. Skal ein tru leksikonet, vart han kring 1250 «foreslått av paven som tysk-romersk keiser». For eit år sidan vitja eg staden der han døydde i 1263, på då norske Orknøyene.

Målerikonservator Linn Solheim frå Kulturhistorisk museum ved altertavla i Eidsberg kyrkje.

Eidsberg kyrkje

Medan Håkon Håkonsson var konge, vart Eidsberg så viktig at det vart bygd ei romansk steinkyrkje på staden. Langt ute på landsbygda vert ein overraska over å sjå ei så stor kyrkje, kjend som Østfolddomen. I lag med den nye presten, Annette Kanehl, som voks opp i den nordtyske hamnebyen Lübeck, står eg og ovundrar kyrkja og landskapet kring. Kanehl fortel:

– Å koma til Eidsberg har vore som å koma heim. Landskapa her liknar dei opne landskapa kring Lübeck i barndomen. Menneska her verkar opne, dei òg, men eg har nett kome, så soga lyt du spørja kyrkjetenaren om. Han har budd her heile livet.

Richard Narvestad kan kyrkja si. Før me går inn, peikar han på ei høgd med førkristne gravhaugar. Inne i kyrkja er fyrsteamanuensis Kaja Kollandsrud og målerikonservator Linn Solheim frå Kulturhistorisk museum i gang med å undersøkja ein treskulptur av mor med kongeson på fanget – som om figuren samlar sogene om Maria og barnet og Inga frå Varteig og barnet, to av dei store opphavssogene til høvesvis kyrkja og Noreg. Eller er guten Heilag-Olav, som grunnla Borg, og som Eidsberg kyrkje er vigd til, og som går att i ein steinskulptur over hovudinngangen?

Mor og son-figuren skal i katolsk tid ha vore i Tenor kyrkje, i dag ein ruin ei halv mil herfrå, og skal etter reformasjonen ha vore på Slitu gard i nærleiken. No er han i trygge hender.

Narvestad syner stolt fram eit verdfullt sylvkrus som er kome til rette. Han fortel:

– Det har høyrt til kyrkja her særs lenge, men vart kverrsett av tyskarane under okkupasjonen og lagra på Slottet i Oslo. Kort før kapituleringa var det ein tysk soldat som tok det med seg til heimlandet, og på eit eller anna vis hamna det i USA, hjå ein kar som på dødslega letta hjarta sitt for einkvan, slik at kruset til slutt hamna her i kyrkja att.

No er forsoninga fullført med tysk prest og det heile.

Kanalisering

For kvar meter landet heva seg, var det kvadratmil som vart meir eller mindre veglause. Landtransport var ti gonger så kostnads- og tidkrevjande som vasstransport. Då teknologien og økonomien tillét det, nytta ein på 1800-talet statsbudsjett på å betra transporttilhøva, ikkje minst med jarnvegar og kanalisering. Jarnvegen batt saman vassvegane, som Hovudbanen mellom Mjøsa og Oslofjorden.

Kanaliseringa forlengde vassvegane, som for å innhenta ei landheving som hadde gjort eit vassdrag ufarbart. Då Stortinget ville binda saman Byglandsfjord og Kristiansand hamn, drøfta ein både jarnbane og kanalisering. Med kanal og sluser vart Telemarkvassdraget farbart att. Att? Ja, Heddalsvatnet inst ligg berre 18 moh. og var i bronsealderen farbart frå havet. Førre veke skreiv eg frå Ørje i Marker kommune, heilt aust i Indre Østfold, der storstila kanalisering gjorde større delar av Haldenvassdraget farbart – att.

Det handla om å utvida sivilisasjonen. Utan farbar vassveg, eller frå kring 1850 jarnveg, låg ein utanfor folkeskikken. Slik hadde det alltid vore. Leidangsplikta, og sidan dugnadsplikta, gjekk berre så langt inn i landet som laksen kunne symja.

Jarnbanen

Lokomotiv og jarnbane nådde lenger inn i landet enn sluser og kanalar, men ikkje langt nok. Indre Østfold fekk ei sløyfe, og ho var viktig nok, og skapte grobotn for stasjonsbyar som Askim og Mysen. Person- og tungtransport vart revolusjonert. Jarnveg var meir effektivt enn vassveg, og midt i Indre Østfold kryssa dei kvarandre som spegelbilete, Glomma-bogen kring Askim og jarnbanebogen frå Spydeberg til Rakkestad.

Med lokomotivet brenn tampen. For fyrste gong sidan Indre Østfold vart lyfta ut av vassvegnettet, ein gong i mellomsteinalderen, fekk ein no ein transportveg som kunne måla seg med vassvegane.

Men mange grender låg langt frå både skjenegang og elv. Og skal toget leva, held det ikkje med éin bane; ein lyt byggja eit jarnbanenett. Men før det kom seg vidare frå teiknebrettet, kom bilane.

Slusefetisjisme er nok sjeldan, men ikkje jarnbanefetisjisme. Leiken med modelltoga er ei feiring av eit transportmiddel som endra verda og delar av Indre Østfold.

Motorkøyretøy

Men feiringa varte ikkje så lenge. Det gjekk berre ein dryg mannsalder frå toget kom tøffande inn i dei nye stasjonsbyane til bilane og bussane kom.

Men ein fekk vel bilar utmed kysten òg? Jau, men der kom bilen og bussen som ei erstatning og forbetring av noko ein alt hadde – båten. Der ein hadde vassvegar, kom den nye landevegtransporten som ein mjukare overgang, med ei viss overlappingstid dessutan. Utmed kysten hadde ein lenge hatt sjøen som ein autostrada til dei sju hav.

I Indre Østfold kom bilane og bussane, lastebilane og traktorane til ei verd der transport hadde gått i langsam film heilt sidan landhevinga sleit sund vassvegane. Det var nok vegar der, kløvveg og kjerreveg, men kva med tømmeret? Indre Østfold er skog. Å transportera tømmer på vatn, is eller snø er éin ting. På berr kløvveg er det noko anna.

Det var i Indre Østfold ein hadde grunn til å feira motorkøyretøya på landevegane –?meir enn andre stader. Her kom bilen som anna enn ei forbetring av båten. Her kom han som fridom frå ei lekkje som hadde sinka all ferdsle heilt sidan vassvegane forsvann.

Difor er det fjorten hyllemeter med motor­køyretøypublikasjonar i kiosken på Mysen stasjon. Difor har ein bondeson i Trøgstad fylt den store gamlelåven på garden med ei enorm samling av traktorar, den eldste av dei frå 1919, framleis i køyr­bar stand. Neste veke går ferda til traktormuseet på garden Bratvedt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis