JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Eit lik får nytt liv

– Kva? Er ikkje Ole Johan ein kalv?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: May Linn Clement

Illustrasjon: May Linn Clement

5919
20221209
5919
20221209

Utanfor den gamle skulestova møter eg tilfeldigvis Bjørn Enes, som har flytta inn i etasjen under meg i diktarbustaden for to netter. Han driv med munnleg historie og forteljekunst, og han er i Dale for å gjera nokre intervjuopptak. No kjem han nett frå eit intervju med niesa til ein Sivert Sunde.

– Kven er det for ein fyr, spør eg.

Sivert Sunde var ein biletkunstnar frå andre sida av fjorden, fødd i 1904. Han ville ta kunstutdanning i København, men faren lét han ikkje reise. Han ville guten skulle få seg eit arbeid som genererte inntekt. Dei vart uvenar, og Sivert flytta heimanfrå og inn på ein nabogard, der han fekk teikna som han ynskte.

Det gjekk ikkje godt for Sivert. Det er ikkje dei nydelege blyantteikningane – portrett, landskap og nakne kroppar – han er best hugsa for.

Sivert tok livet sitt juni 1927 og vart liggjande to veker i sommarvarmen før han vart funnen. Han er meir kjend under namnet Ole Johan og som ei makaber skildring av eit lik.

So fann dei han Ole Johan,/ langt burte i Håsteins-hagen./ Der låg han og rotna og brann,/ med solsteiken rett i magen./ Og magen var grøn og blå,/ av steinklaka gorr og slim,/ og flugor og kvitmark små,/ aula i yrjande stim.

Slik opnar diktet «Likfunn», som er med i Svarte næter, debutboka til Jakob Sande frå 1929. I diktet skildrar Jakob korleis fluger, makk, kråker og ei rotte forsyner seg av den daude Ole Johan. Håsteins-hagen, der han vert funnen, er på Hestadstølen på andre sida av fjorden.

At kadaveret i diktet var av eit menneske, overraskar meg. Eg trudde Ole Johan var ein kalv, ein sau eller eit anna dyr, og eg veit at fleire med meg har gjort det.

– Det er nokre år sidan eg høyrde det fyrste gongen, at diktet handla om den unge kunstnaren. Eg fekk med eitt dårleg samvit, seier Bjørn.

– Som visesongar har eg opp gjennom åra drege i gang «Likfunn» på tallause festar, og det har alltid vore god stemning.

Det vert sagt at Jakob Sande stod ikkje langt frå her me no står, og såg då dei kom berande til kyrkjegarden med det som var att av Sivert Sunde.

– Og dei bar han på fire pålar, som det står i diktet, seier Bjørn.

Mange folk i Fjaler har derimot visst om koplinga mellom Sivert og Ole Johan, men det har ikkje blitt snakka høgt om. Er det ikkje slik i alle byar, bygder, i alle gater, alle hus og rundt alle kjøkenbord, at det er somme tema som gjer vondt å snakka om?

Bjørn går til diktarbustaden for å loggføra intervjuet, og eg tek ein runde langs Elvestien, ei turløype eg lærte fyrste dagen. Eg går opp mot Jarstadvegen og over brua. Derfrå fylgjer eg Storelva inn att til sentrum, so renn så elva ut omsider / i dødens gåtefulle os, altså Dalsfjorden.

Det er noko med desse elvene som skjer gjennom og deler opp bygder. Ein kan vera på rett side av elva, på feil side av elva, eller ein kan vera i elva. Elva rommar så mykje, og tek med seg så mykje.

Korleis ei elv på heimstaden kan vera ein sentral del av livet til ein ungdom, skildrar Sondre Tristan Midttun (Dalane Emoband) frå Hauge i Dalane godt i teksten 14. Hjarta til lærarane er like kaldt som vatnet i elva, hjarta til lensmannen er like hardt som steinane i elva, adle i bygda/ e liga sleibe/ så fiskane i ånå.

Ifylgje songen er det berre éin veg ut frå bygda: Viss du vil vekk herifrå/ full strømmen/ nerijønå ånå. Eg kjem til å tenkja på songar om sjølvmord i elver.

Gud æg ska øve markjå, for å drokna mæg i ånå. Sjede vatn ska dekka mæg te og i stillhet ska æg forgå, syng General Forsamling. Teksten er ein jærsk versjon av «Harlem River Blues» og vart omsett på emballasjen frå ein sekspakning pils på Varhaug ein gong. Originalen er av Justin Townes Earle (1982–2020), som truleg døydde av fentanyl i kokainen.

«Ode to Bille Joe» frå 1967 av Bobbie Gentry, om den unge Bille Joe MacAllister som hoppa frå brua og ut i Tallahatchie-elva i Mississippi, er ein annan. I teksten vert nyhenda om dødsfallet teke opp som ein del av den kvardagslege praten om arbeidsdagen, medan bønner og eplepai vert sende rundt middagsbordet.

Det vart spekulert i kven som eigentleg hadde skrive teksten, folk ville ikkje tru ei 25 år gamal kvinne kunne skapa eit slikt sterkt og gjennomført narrativ.

Jakob Sande var 20 år den sommaren den to år eldre sambygdingen Sivert tok livet litt. To unge kunstnarar frå same stad. Anten han stod utanfor og såg då dei fire karane kom med kadaveret eller ikkje, har episoden gjort sterkt inntrykk på Jakob.

Å skriva «Likfunn», som i fem strofer med groteske skildringar på rim og rytme skildrar noko samfunnet rundt vil teia i hel, er opprørsk og radikalt.

Samstundes som det er fandenivaldsk, er det skrive med respekt. Liket er så godt anonymisert at dei fleste i snart hundre år har trudd det er snakk om eit dyr. Fleire har kanskje sjølv gått i grava i god tru om at Ole Johan var ein kalv.

I søking etter meininga med døden er det lett å sitja her i dag og kopla Siverts sjølvmord opp mot eit uforløyst kunstnarskap. Faren ynskte ikkje at sonen skulle satsa på teikninga, så guten gjekk til Hestadstølen og skaut seg. Kor mange teikningar som er att etter Sivert Sunde, veit ein ikkje, men forteljesenteret vil freista å samla så mange som råd til ei utstilling i 2023. Fyrst 95 år etter at Sivert døydde, er altså ei utstilling av teikningane hans i emning.

Når eg kjem attende til våningshuset, går eg rett opp i etasjen min og hentar fram ei halv flaske gin eg heiv i baggen kvelden før eg drog heimanfrå. Eg veit eg bør ete fyrst, men det freistar ikkje. Eg tek flaska i eine handa, to små glas i andre og går ned til Bjørn. Han skal snart ta buss og båt sørover att. Eg heller litt i kvart glas og rekkjer han det eine.

– Ein stiv ein for Sivert.

– For Sivert.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis