Ein salme om synda
Det er ikkje sikkert det er von for ordet «synd».
I Nynorsk Salmebok (1925) og Landstads Kirkesalmebok av 1924 («Landstads reviderte») finn vi Blix-salmen «Synd og sorg er syskinord», tidlegare trykt i Nokre Salmar. Då den fall ut av norsk salmebok i 2013, vart også den siste salmen med «synd» som oppslagsord borte. Garborgs klage i Læraren om at vi går og vabbar i denne syndi, har tapt sin aktualitet. Ordet har etter kvart falle ut av religiøs språkbruk, nedtyngd som det er av forbod og adiaforon-diskusjonar (det som er korkje vondt eller godt). I mi tenåringstid kunne det framleis koma ut ei rettleiingsbok for ungdom med tittelen «Er det synd å…?», men det var eit siste syndesukk. Snart tok ordet nye vegar og dukka opp som reklame for erotisk freistingar; synda slo seg saman med reklamen. Derifrå gjekk ordet til oppskriftsbøkene: søtt og syndig. Freistaren sit i karbohydrata.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.