JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

Eg elskar ungdomshus

For å verta ein god vaksen trengst ein god plass å vera ung.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Kollasj: May Linn Clement

Kollasj: May Linn Clement

12348
20230505
12348
20230505

britaksnes@gmail.com

Det luktar kaffi i gangen, formkakene står oppstilte på disken i tilbygget. Eg er tolv år, og det verkar som «alle» er her. Og det er dei jo på mange måtar, all den tid dette er dei einaste som tel i den verda eg enno har. Nervane kjem når eg trekkjer på meg dokka på armen og me går bak forhenget for å framføra det sjølvlaga dokketeaterstykket Den stengde hagen.

Etterpå skal alle skryta av oss, inkludert lokalavisa, og det finst ingen kulare stad på jorda enn Lidarende samfunnshus. Eller ungdomshus, som det heitte då det vart bygd i 1924. For det var ungdomslaga som bygde husa, eit lag av ungdom. Serviset var merkt med U.L. Samhald, og eg stussa alltid på at U.L. stod for Ungdomslaget, då det med mine auge ikkje var ein einaste ungdom involvert i drifta av Lidarende, berre foreldra mine og andre på deira alder, synleg godt vaksne folk.

Lidarende har alltid sett heilt likt ut. Det er ikkje før no eg tenkjer over at det moderne tilbygget er nydeleg integrert med det opphavlege bygget. Det vart teikna av den lokale arkitekten Alv Martin Vangdal i 1979 og oppført av tømrarlinja på yrkesskulen i Norheimsund i 1980. Då var eg tre år gamal, og eg var nesten garantert med foreldra mine på opninga av tilbygget.

Naboen vår i Homlagarden laga dei fine keramikklampane som heng frå den høge himlingen som på same tid ser 70-talsmoderne ut som ei forlenging av stilen inne i hovudsalen. Noko anna som alltid fascinerte meg, var at det var ikkje berre to toalett, men tre: ein med WC Damer, ein med WC Herrar, men også ein med breiare dør og med bokstavane HC på. Denne overdimensjonerte doen, som nesten aldri var i bruk, hadde òg plass til vaskeutstyr og dopapirlager, så utforminga fungerte universelt, sjølv i ei tid då ein ikkje var pålagd universell utforming. Eg blir imponert av vidsynet og framsynet på Lidarende i 1979.

Basar, bingo, åresal, marknad, haustfest, revy, bokkveld, kunstutstillingar og ørten 4H-samlingar. «Eg lovar å arbeida mot det mål å verta ein ungdom med klårt hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse.» Eg lovar å hugsa på å vera takknemleg for 4H og slenga ein tanke tilbake til øvingar og omkledningar, Liv Marit og Hildegunn og dei andre som gjorde at me fekk testa eigne evner og utvikla ein sped start for kulturinteresse. Eg lovar å snikdrikka meg full bak Lidarende etter at eg er konfirmert og skal på dans.

Eg har tenkt at ein av grunnane til at ungdomshusa vart bygde, som det ukristne motstykket til bedehusa som dei var, måtte vera at ein skulle på fest der, fest som involverte alkohol. Men sjå – ein av føremålsparagrafane var fråhaldssaka. «Sjølvsagt kan ein ikkje sjå burt frå dei negative sidene som følgde med det festlivet som føregjekk i desse husa og som enno er eit problem for mange ungdomslag», meinte Knut Lauvrud i boka Ungdomshuset. Eit kultursenter i Bygde-Noreg (1986). Å, som eg saknar dans på Lidarende.

I bedehusmiljøet vart bygginga av ungdomshus sett på med skepsis og forakt, kanskje ikkje overraskande. Dei som gjekk på ungdomshuset, kunne gå i bedehuset, men ikkje motsett. I den nemnde boka står det at då ungdomshuset Breidablikk i Bud i Romsdal vart bygd, gjekk «dei sanne troende lange omvegar, dei tolde ikkje sjå huset for augo. Og då det stod ferdig oppført kalla dei det for ’satans synagoge’».

Eit omgrep som gjerne dukkar opp i sidestillinga bedehus/ungdomshus, er kristen/frilynt. Ordet frilynt er ikkje brukt i stor grad lenger, men om du slår opp i Store norske leksikon, så er definisjonen så vakker at ein kan grina: «Frilynt er eit ord som betyr fordomsfri, tolerant eller frisinna.»

Frilynt-omgrepet blei brukt frå slutten av 1800-talet om bygdeungdom som gjerne snakka fritt om politikk og religion, og som brann for at Noreg skulle bli norsk, men ikkje på den ekle «Noreg for nordmenn»-måten, meir på «me vil ikkje skriva dansk»-måten. Dei alt eksisterande bedehusa og skulehusa tillét ikkje kva som helst av samlingar, og det vart til at ein møttest i heimane til dei mest liberale og dei som hadde plass.

Fyrst med Grunnlova i 1814, så med unionsoppløysinga i 1905 – folk hadde behov for ein plass å samlast, ein plass der dei kunne snakka fritt, øva seg på å tala offentleg og diskutera politikk, noko som generelt ikkje var tillate på bedehusa. Berre noko så politisk lada som det å synga nasjonalsongen var uynskt i bedehuset, for ikkje å snakka om dansing, som ikkje var lov verken der eller i skulane.

Inn frå sidelinja kan far min opplysa at Lidarende faktisk, som eit av få ungdomshus, også vart brukt til å halda andaktsmøte, altså ein bedehusfunksjon. Om dette var eit utslag av romsleg innstilling eller at ungdomslaget følte seg forplikta til å stilla huset til disposisjon sidan grenda ikkje hadde eit bedehus, er ikkje så godt å seia lenger. Eg går for romsleg innstilling.

Noko måtte dei vel bruka fritida si på i 1924 òg, som sjølvsagt er grunnen til at det var omtrent på denne tida det poppa opp ungdomshus over heile landet. I 1919 stadfesta Stortinget at arbeidsveka skulle vera avgrensa til 48 timar fordelt på maks 8 1/2 time per dag. Arbeidarrørsla sin kamp for lovfesta normalarbeidsdag medførte også at ein no fekk fri tid til å gjera kva ein ville.

Og kva ville ungdomen? Det burde ikkje overraska så mange at lysta til å ha det moro, til å utvida horisonten, til å få kunnskap og til å diskutera kunnskapen er relativt universelt og tidlaust. Fagforeiningane hadde sine bygningar, særleg med Folkets hus i industristadene, men då som no var Noreg eit distriktsland med bygder, grender og tettstader, og her var det ungdomslaga som fyrst og fremst klarte å mobilisera til byggjedugnad.

Det tidlegast registrerte ungdomshuset er Morgenrøden, tilhøyrande Os Ungdomslag i Østerdalen, som skal ha vorte teke i bruk i 1890. Den første årsmeldinga til Noregs Ungdomslag melde inn 15 lag med eigne hus i 1897. I 1920 hadde talet auka til 330 hus, og 200 fleire lag jobba med å få på plass finansiering.

Rundt om i landet har det altså stått mellom 500 og 600 ungdomshus på det meste, frå Laudal i Lindesnes til Klubben på Nordkapp. Ein kan vel trygt seia det er arkitektonisk hummar og kanari, men det er noko elskeleg over både dei nesten brakkeaktige konstruksjonane til nærast katedralliknande bygg.

Dei store Hardanger-arkitektane, som stod for mange av husa i nabobygdene mine, har vore hovudinspirasjon for sløydlærar og møbelsnikkar Odd M. Aksnes, som teikna Lidarende. Lidarende er med andre ord ikkje av dei staselegaste, dei som vart førte i pennen av arkitektkjendisane i samtida.

Lars Kinsarvik teikna Krossvoll på Lofthus (1901), eit bygg tydeleg inspirert av vikingskip og stavkyrkjer. Eleven hans, treskjeraren Magnus Dagestad, teikna Ungdomshallen i Norheimsund (1920) og arkitekt Torgeir Alvsaker stod for fleire av dei mest staslege husa som Jonsvoll i Jondal (1933), Elvatun (1934) og Holmatun i Øystese (1927).

Andre markante arkitektar som Johan Lindstrøm og Frederik Konow Lund hadde mindre sans for desse nasegrust tilbakeskodande bygga som dukka opp rundt om: «Dei hev her i landet i den siste tidi vore reint sjuke etter å stasa bygningane til som dei skulle på fest.» Same kor einig eg sikkert ville vore då, så elskar eg desse småslotta som dei er i dag. Og så Lidarende, då.

Lidarende fekk endå ei skikkeleg overhaling seint på åttitalet, då scena vart forlengd og omkledingsrom sett inn. Og rundt speglane: lyspærer tett i tett! Som om me var backstage på Broadway! Den satsinga på kultur finn eg rørande.

Æra for det skal den mindre respekterte kultursjangeren revy ha. Det var utvilsamt årets høgdepunkt, sånn frå tidleg i tenåra, då me byrja få lov å gå. Vaksne menn utkledde som damer, høgrøysta damer som klaska menn på rumpa, naboen utkledd som prest, abortdebatt på vakraste naudrim.

Og ein gong uti gymnastida fekk me vera med. Det å få dela scena med vaksne menneske, å bli rekna som likeverdige utan omsyn til alder, det var kanskje noko av det eg i ettertid tenkjer var ein stor del av det formative i oppveksten min. Det fekk meg ikkje til å elska revy, men det fekk meg til å føla at eg kunne syngja og bli teken på alvor. Det er nesten svimlande å tenkja på kor stort det må ha vore i 1924 å få ein sånn arena for fri utfalding.

Ein gong var Bjørnstjerne Bjørnson på besøk i Hardanger, og då var han på ungdomshuset Krossvoll på Lofthus. Dette var i 1903, altså to år før unionsoppløysinga. Bjørnson skildra huset som «en Gildehall som i Snorre», og etter at forsamlinga hadde sunge Garborg-songen «Gud signe Noregs Land» uttalte han: «Dette var jo kultur! Hvorfor har ingen fortalt meg dette? Hva der er vokst opp her hjemme!»

Apropos gildehallar og Snorre – denne hangen til norrøne tilbakeblikk og nasjonalromantikk går mykje igjen i ungdomshusa, noko som kanskje ikkje er så underleg all den tid dei byrja dukka opp mot slutten av 1800-talet.

Namnet Lidarende er teke frå Njålssoga og den historiske personen Gunnar frå Lidarende høyrest ut som ein slags arisk posterboy. Lidarende inni er eit godt eksempel på typiske ungdomshus frå si tid – høg kvelving, treskurd på brystpanelet og sceneramma, bakteppe med klassisk nasjonalromantisk motiv.

All den i utgangspunktet velmeinte stoltheita over det norske gjev ein mindre god assosiasjon med tanke på at fleire ungdomshus vart rekvirerte av tyskarane under andre verdskrigen, og mange av ungdomslaga vart «nazifiserte», ifølgje den nemnde ungdomshusboka. Det var utvilsamt noko kyrkjeleg over mange av bygga, ofte med spir og tårn og staselege inngangsparti med ornament. Om ungdomshuset Elvatun i Ulvik har det vorte sagt at det mest sannsynleg blei spart under andre verdskrig fordi tyskarane gjekk ut frå at det var ei kyrkje.

Etter krigen var ein del av ungdomslaga nedlagde som følgje av nazifiseringa, og utan ungdomslaga gjekk ein del av husa over i ein ny fase. Med nye byggtekniske krav og eit generelt behov for vedlikehald valde ein del ungdomslag å inngå samarbeid med idrettsorganisasjonar eller kommunar.

Underlagd kommunen vart det kalla samfunnshus eller grendehus, noko som gav grunnlag for å kunna søkja om tippemidlar til større utbyggingsprosjekt. Også den sterke påverknaden frå Arbeidarpartiet i etterkrigstida la til rette for at husa tilhøyrde samfunnet meir enn berre ungdommen, og dermed fekk fleire hus ny nemning. Derav Lidarende samfunnshus, ikkje ungdomshus, i dag.

Det er framleis behov for mykje vedlikehald. Det finst over 5000 forsamlingshus rundt om i landet i dag, inkludert bedehus, og det trengst kring 2 milliardar kroner for å dekkja oppussingsbehova, berre så det er nemnt.

Men kva skal me med hundrevis av gamle hus med storkjøken, scene og dansesal, anna enn som eit manifest over frigjering, norskdom og gryande kulturopplysing? Kor mykje er manifestet verdt, og har det eigenverdi i dag? Det skal seiast at etter glanstida på 90-talet, har ikkje revymiljøet blømt på same måte, utan at huset kan eller skal ha skulda for det.

Spørsmålet er vel om ungdomen brukar huset. Eller må det vera ungdom? Kva med samfunnet? Eller grenda? Eller bygda? Folk er mobile på ein heilt annan måte enn før. Dei aller fleste har bil, og nærmiljøa har utvida seg i takt med at ein har lagt ned skular og samla elevane på større stader. Før var næraste vener gjerne dei i nabolaget; i dag er det ofte basert på kven ein møter på skulen, og sjelevenen er ikkje nødvendigvis frå same bygda.

Ser du på offentlege undersøkingar som Ruralis’ Telemarksundersøking, der dei kartlegg aktivitet på bygda, er det ikkje teke med private arrangement som basarar, juletrefestar, 4H-møte, haustfestar og korøvingar – det er kort sagt særs underrapportert aktivitet.

Eg elskar Lidarende. Nostalgisk? 100 prosent! Men desse husa kan ha ein funksjon langt inn i framtida. Nostalgien kjem til å halda fram lenge etter at gravøla og 40-årsdagane til min generasjon er ferdige, for slike hus er ein minnefabrikk: slowdansing på diskoteket i Bygdatun, haustfest i Dalatun, snika seg inn på dans i Haugatun, rockemønstring i Ungdomshallen, andredagsfest på Skogheim, russerevy i Holmatun – og Lidarende, Lidarende, Lidarende.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Etter krigen var ein del av ungdomslaga ned­lagde som følgje av nazifiseringa.»

«Dei som gjekk på ungdomshuset, kunne gå i bedehuset, men ikkje motsett.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis