20211126
Dei strauk langs vegane
Essay
Hallvard T. Bjørgum fortel om tatersongarane Hulda og Johannes Johansen og Elias Akselsen.
Det var ein døsig laurdagsettermiddag. Sola stod lågt på himmelen, for det bar mot kveld her i sommarens Setesdal i 1961. Romanen gjev ramme for denne forteljinga. Og romani, kallar dei seg, somme av menneska denne forteljinga skal krinse om. Det var varmt og klamt. Far var ikkje ute og spela denne helga, men han sat heller ikkje med «sylvbordet» i den vesle stova, slik han kunne gjort om ikkje varmen var så sterk. Me hadde ingen markiser. Slik føremon tilkom berre samyrkelaget tett attved.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.