JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Besteforeldra i Siebe

Frå ei krå i stova ser to menneske på meg. Blikka deira går gjennom papir og glas, gjennom to generasjonar og nesten eit hundreår av levd liv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Far min fekk kamera som tolvåring i 1952 og var ivrig til å fotografere familien, gjerne med sjølvutløysar. Her står alle framfor huset i 1956. Frå venstre: Johan Daniel, Daniel, Susanne, Sara Inger Anne, oldemor Sara, far min Odd Mathis og Solveig Kristine. Fremst: Brita Ellen Marie.

Foto: Odd Mathis Hætta

23040
20230224
23040
20230224

redaksjonen@dagogtid.no

Bileta er teknisk gode, med godt lys, roleg bakgrunn og høveleg kontrast, tydelegvis tekne av ein profesjonell fotograf. Daniel er 36 og Susanne er 31. Han sit i ein korgstol med hendene saman, kledd i ein vakker pesk og ein tynn gullring. Ho poserer på same vis, med daglegkufta, sjal, søljer og tre gullringar. Blikka deira er alvorlege; er dei litt vaktsame? Passbileta er tekne 18. mars 1941.

Røter på Finnmarksvidda

Siebe ligg på ei elveslette der Oskáljohka svingar på Finnmarksvidda, 18 kilometer sør om Guovdageaidnu/Kautokeino og 26 kilometer nord for den finske grensestasjonen Kivilompolo i Eanodat/Enontekiö. Seks personar er fastbuande i Siebe, uløyseleg knytte til Hætta-namnet, og eg er i slekt med alle.

Siebe er min hjartestad, og eg er oppkalla etter bestemor mi, áhkku. Ho kalla meg gáibmi, eit av dei vakraste orda eg veit. Gáibmi ber i seg meir enn berre å dela namn, for oppkalling er ei ære og skapar spesielle band. Eg ser banda når eg ser meg sjølv i spegelen. I Susannes blikk, med bestefars kløft i haka. Eg har arva haka, som far min og den yngste dotter mi òg.

Bestemor Susanne i Siebe og bestefar Daniel, áddja, gifte seg i 1938. Vaksen var ho, om ein veit at giftealderen for kvinner på den tida kunne vere 18–19 år. Då tyske krigsskip segla inn i Drøbaksundet to år etter, var far min, Odd Mathis, berre nokre veker gamal. Passbileta eg no har i glas og ramme, vart tekne av politiet under andre verdskrigen, til identifikasjonskorta alle måtte ha.

Hendingane tusenvis av kilometer vekke greip direkte inn i den vesle bygda på Finnmarksvidda. Familiehistoria mi kunne teke ei heilt anna vending, bestemt av hell eller uhell.

Mangesyslar

Medan Noreg førebudde folkerøysting om monarki eller republikk, vart Máhte-Dánel/ Daniel Mathisen Hætta fødd, i 1904. Foreldra Gárena-Máhtte/ Mathis Mathisen Hætta og Kristine Mathisdatter Triumf dreiv eit av småbruka i Siebe, men hadde òg rein. Daniel hadde åtte sysken som voks opp og var både arbeidsam og ikkje så reint lite eventyrlysten.

På garden i Badje-Siebe (øvre Siebe), nett same området som eg no sit og skriv i, arbeidde bestefar som barn og ungdom. (For nøyaktig 170 år sidan vart det fyrste skøytet for eigedomen utferda.) I ungdommen var han til dømes fast leverandør av brenselsved til skuleinternatet i Guovdageaidnu, og i 1937 vart han landpostbod, med ei av dei lengste rutene innanfor grensene til kongeriket.

I alt slags vêr henta han posten i Guovdageaidnu annakvar veke, før han tok fatt på ruta til Siebe, Oskal, Áidejávri og Siccajávri med dei mest føremålstenlege framkostmidla: båt, reinslede eller sine eigne føter, med ski eller skeiser, alt etter vêr, føre og årstid. Han trong verken kartblad eller Google Maps, men heldt auge med terrenget og følgde faste stiar.

Daniel og trekkdyret var kollegaer på vidda. Ein erfaren køyrerein kunne vegen mellom dei ulike stoppa utan rettleiing. På vidda vart innovasjon og nyskaping sette på med entusiasme, i alle fall når det gjaldt nye framkomstmiddel, og Daniel var ein av dei fyrste som skaffa seg sykkel i tenesta på Finnmarksvidda. Posten som landpostbod hadde han til 1969, med eldste sonen, far min, som fast vikar, men dei yngre syskena kunne òg trø til sommarstid.

Mitt yndlingsbilete av Daniel er når han står med postlua på og held ei daud kongeørn med vengjene utspilte. Vestfinnmark Arbeiderblad hadde snusa opp at han ein gong måtte avlive ei sjuk kongeørn som søkte mot han då han rodde postruta, men avisa framstilte historia såpass dramatisk at Daniel framstod som ein modig helt. Smilet hans er lurt, og det er eit så slåande bilete at far min har ramma det inn. Eit anna bilete av ein kuftekledd Daniel med sykkel vart nytta i ein postreklame på 1980-talet.

Maden-Sunna/ Elen Susanne Mathisdatter Hætta kom til verda i 1909 i ein handelsfamilie, det vi kallar gemanni på samisk. Ho og Daniel var frå to ulike greiner av den store Hætta-familien, der den tidlegaste med Hætta-namnet vart fødd på 1600-talet. Leammo-Máhtte/ Mathis Klemetsen Hætta og Sara Mathisdatter Tornensis var foreldra til Susanne, og dei dreiv butikk på garden i Vuolle-Siebe (Nedre-Siebe).

Sikfiske var ein del av naturalhushaldet i Siebe, og Daniel heldt garna i orden.

Sikfiske var ein del av naturalhushaldet i Siebe, og Daniel heldt garna i orden.

Foto: Odd Mathis Hætta

Barnet og krigen

Attende til aprildagane i 1940. Daniel hadde tent i militæret som alle andre menn, og vart difor sporenstreks kalla inn til Altabataljonen då krigen var eit faktum. Eg kjenner sorga til Susanne som vart åleine med den vesle guten då ektemannen reiste av garde. Til ei uviss framtid for både Daniel og den vesle familien, kan hende til fronten?

I Alta gjekk soldatane rett i kamptrening, og som vi veit av historia vidare, vart Altabataljonen send til kampane ved Narvik. I Sør-Noreg var dei under okkupasjon, medan vi i Nord-Noreg var i krig. Ingen var gladare enn Daniel då han tapte ei loddtrekning om å reise til fronten, kan hende med unnatak av Susanne.

Dette tenkjer eg på, nei, eg kjenner i hjartet korleis den enorme letnaden må ha vore. Men like fullt: Det var krig. Sjølv om nazistane hadde forbode private å ha våpen, eigde dei fleste i Siebe hagle eller rifle. Fleire gonger vart Daniel nesten avslørt, men han klarte å halde våpenet løynt.

Den tradisjonelle samiske vårjakta på ender var ein del av sjølvberginga også gjennom krigsåra. Far min fortel at han knapt fikk losne skot då han vart gamal nok til å jakte, fordi det fanst så lite ammunisjon etter krigen, medan Daniel fleire gonger fekk to fuglar med eit skot. Effektivt måtte det vere.

Etter at far min var fødd, i 1940, kom syskena i 1942 (Ole Andreas, som døydde berre halvtanna år gamal), 1944 (Sara Inger Anne, som døydde i 2013), 1947 (Solveig Kristine), 1949 (Johan Daniel) og 1952 (Brita Ellen Marie). Dei var ikkje arbeidslause, skulle ein tru, på ein gard med kyr og nokre høns, og med naturrikdomar i mil etter mil, med myrer og vidder, vatn og elver i alle retningar.

Etter kvart som dei fylte sju år, bar det av garde til internatet i Guovdageaidnu i periodar, der både gode og dårlige minne vart skapte. Dei kunne ikkje eit kløyva ord norsk, vel, tante Solveig kunne seie ja og nei. Finsk var det framandspråket dei kjende best, og far min snakka det flytande i tolvårsalderen etter at ein finsk snikkar hadde budd hos familien i to år medan han gjorde ferdig våningshuset innvendig etter krigen.

Eg gløymer det iblant og kvepp litt når pappa plutseleg durar av garde på finsk med folk han treffer. Ikkje rart, når vi har fuolkkit, nære slektningar, spreidde på begge sider av den grensa vi ikkje kan sjå. Det var til finsk side familien flykta i 1944, stikk i strid med ordren om å møte i Alta for tvangsevakuering med båt sørover.

Bestefar og bestemor på kjøkenet, med storesyster mi, Anja, som var tre år i 1969.

Løynde joikar

I det vesle raudmåla huset som vart ferdigstilt i 1950, med krigsskadeerstatninga som Susanne og Daniel fekk, bur no to av tantene mine, Rihtt-Elle (Brita Ellen Marie Hætta) og Ristiinna (Solveig Kristine Hætta). Tante Britt Ellen, som eg kallar ho, den yngste i syskenflokken, tok over garden på 1980-talet. Då tante Solveig vart pensjonist, flytta ho like godt til syster si, til barndomsheimen sin.

I fjor fekk eg høyre eit slite kassettopptak av joikane til bestemor og bestefar. Joiken hennar har ein glad tone, med raske vendingar og høge tonesprang. Og sidan joik er ein gestalt av ein person eller stad, vitnar det om Susannes smilande vesen, ifølgje tante Solveig.

Oppdaginga av at Susanne sjølv joika i løyndom, var ei openberring. Låge dører vart til høge portar, eit lite rom opna seg og vart ein katedral. Ho var læstadianar, og blant dei var joiken syndig, men ho gjorde unntak for husdyra og borna, som ho joika likevel. Born får ein dovdna, ein barnejoik, som på eit vis gjer dei til ein del av familien. Når dei vert større, får dei vaksenjoiken dei så ber med seg resten av livet.

Eg undrar meg på om eg fekk ein dovdna. Religionen var ikkje så tydeleg når vi besøkte Siebe, men radioen var på berre når det var gudsteneste og nyhende. Kortstokk og alkohol såg eg ikkje i stova. Ingen sydde eller slo gras på sundagar. Det var ei ro over bestemor. Ho var aldri streng, kjefta aldri, men lytta og smilte. Song med på salmane i radioen. Kokte mat, baka brød, spann garn og sydde. Saman mykte vi senetråd, og ho lét meg karde ull. Avstanden mellom oss var av ein kommunikasjonsmessig art; språket hadde vi ikkje felles, eg snakka mest norsk, men den sjelelege nærleiken var desto sterkare. Når eg tenkjer på bestemor i dag, er ho berre kjærleik.

Somme namn går att gjennom slektsledda, som Mathis, Daniel, Johan, Susanne, Kristine, Brita, Sara og Inga, oftast med ein annan uttale enn den norske. Etter tvangskristninga av samane måtte borna døypast med norske fornamn (som øvrigheita kunne uttale) og gjerne eit patronym, men alle hadde samiske namn attåt som knytte kvar enkelt til si familiegrein, sin familiestad og foreldra.

Somme har fleire variantar av det samiske namnet sitt. Mitt er Máhte Dánela Odd Máhtte Susanne. Daniels son Odd Mathis si dotter Susanne. Men svigermor mi kallar meg Madenin-Sunna. Det likar eg.

Handel og eventyrlyst

Siebe er ei grensebygd, sjølv om ein må køyre forbi bygdene Oskal og Áidejávri før ein kjem til Finland. Nærleiken til Finland var både relevant og ikkje relevant. Grensene hadde i alle høve ikkje noko å seie for slektskap, handel og giftarmål, som gjekk føre seg relativt fritt, då som no. Den samiske levemåten, både for dei nomadiske reinsamane og dalonat (bufaste småbønder), tek ikkje omsyn til nasjonalstatanes grensetrekkingar. Ein kan jo ikkje sjå grensa på Finnmarksvidda.

Ein geskjeft dei dreiv med i Siebe i mange år, var handel med reinsdyrkjøt og duodji-produkt, til dømes vovne teppe og gállohat, fottøy laga av reinsdyrpels og -skinn, både i Guhttás/Kuttanen i Sverige og på den årvisse Bossekop-marknaden i Alta.

Bestefar Daniel var godt van med å krysse grenser i nord då ein agent gav han eit tilbod. Eit tilbod om å reise til Tyskland saman med andre samar frå Guovdageaidnu. Ei lang reise, ja vel, men eit stødig engasjement i mange månader, godt betalt og ikkje så hardt arbeid. Slik hamna Daniel på utstilling i fleire zoologisk hagar i 1930.

Borgarskapet i tyske byar hadde knapt høyrt om samar, men betalte pengar for å sjå samar og urfolk frå både Asia og Afrika. Eg synest det høyrest tvilsamt ut, men slike utstillingar var heilt vanlege i ein lang periode frå slutten av 1800-talet heilt til ut på 1950-talet.

Eg har sett fleire bilete som viser korleis samane stilte seg når dei «arbeidde». Kvar dag gjekk dei i bryllaupsprosesjon og sveitta nok fælt i dei tjukke vinterpeskane av reinskinn. Reinsdyra hadde òg problem med varmen, og nokre strauk med undervegs.

Dei innleigde folka var ikkje dummare enn at dei forstod korleis fine folk med hattar og store kjolar såg på dei «edle ville», men tok det som ein jobb. Daniel har fortalt pappa at dei trass alt hadde fritid og vandra ein del rundt i byane. Ikkje alle folkeslaga fekk lov til det.

Eg reknar med at han òg kika på damene, som den ugifte unge mannen han var. Løna kom i alle høve godt med. Daniel nytta pengane vel og kjøpte 30 mål jord i Siebe, bygde våningshus og var i gang med fjøset før bryllaupet.

Ei lesande bestemor

Kva gjorde Susanne før ho vart gift som 29-åring? Som jente i ein barnerik familie var det barnepass, fjøsstell, sanking og slikt som då var kvinnfolkarbeid. Det var brørne hennar som arbeidde i handelsverksemda; eine bror hennar var han som dreiv vidare på kyrkjestaden etter krigen. Skiljet mellom husarbeid og handelsverksemda var ikkje så skarpt, og Susanne gjorde saumarbeid, vedhogst og lavsanking; ho skaffa og preparerte varer for sal.

Ho gjorde òg noko som var ganske nytt for meg inntil nyleg: Ho tok seg av ein gut som vart sett bort. Susanne var glad i ungar og flink med dei, og eg trur nok at det var sørgjeleg då guten etter fem–seks år vart henta heim til foreldra sine. Men han besøkte fostermora jamleg i mange år etterpå og kalla ho for si andre mor.

Susanne var van med at familien hadde pengar. Ein mann som skulle gifte seg, måtte på friarferd med ganske omfattande ritual og vise at han kunne forsørgje den komande kona. Sidan Daniel hadde pengar frå tysklandsturneen, tente eigne pengar som landpostbod frå 1937 og heilt sikkert eigde nokre reinsdyr, gjorde det utslaget for at bryllaupet kom i stand i 1938. Gjettar eg på.

Nokre år før hadde ein finlendar spådd Daniel og synt han bilete av ho han skulle gifte seg med, i et vassglas. Kan hende kjende Daniel Susanne att då? Kvar paret skulle bu, var klarlagt på førehand; Daniel hadde alt bygd hus ved elvebreidda der Susanne vaks opp.

Susanne var ein lesehest. Eg er akkurat som mi gáibmi! Ho las alt ho kom over, og hadde eit ønske om å ta utdanning. Då var det ikkje vanleg å koste utdanning på jenter, og då ho fikk eigne born, oppmuntra ho difor deira ynske om meir skule etter folkeskulen.

Daniel måtte avlive ei sjuk ørn då han førte post med båt sommaren 1957.

Ukjend fotograf / Vestfinnmark Arbeiderblad.

Verdde-relasjonar

Korleis dreiv ein eit småbruk på Finnmarksvidda i etterkrigstida? Vintrane er lange og somrane korte her. For det fyrste må eg slå fast at samar, om eg skal skjere alle over ein kam, er mangesyslarar, meg sjølv inkludert. På den tida venta ein heller ikkje at styresmaktene skulle ordne alt, til dømes under attreisinga.

Over to år tok det før krigserstatninga kom, men då var finske snikkarar alt i gang med å fullføre fleire hus, fjøs og låvar i Finnmark. Mellombelse bustader hadde folk ordna sjølve – reist lávvuar og bygd torvgammar eller skjåar. Kreativitet, nytenking, entreprenørskap og pengeøkonomi kombinert med tradisjonelt naturalhushald bidrog til ei blomstringstid i Siebe.

Bestemor og bestefar hadde fem born som kunne drive gard og ta over etter dei, og eldstesonen var venta å gjere det. Men tidene var i endring, ja, heile Noreg var i rask endring. I Siebe var det fem småbruk på 1950-talet, med over 30 innbyggjarar, og borna hadde mange å leike med. Om vinteren gjekk dei på ski og skeiser og heldt tevlingar. Somme deltok i større tevlingar på kyrkjestaden, og far min var aktiv i både skihopp, skeiselaup, reinkappkøyring og friidrett. Finsken var nyttig fordi også finske utøvarar tevla.

Ein skikkeleg heilårsveg som kunne bere tunge køyretøy frå Alta og Guovdageaidnu til Siebe, vart ferdig rundt 1960. Pappa deltok i stikkinga av traseen. Dimed kunne fjøsa fyllast med fleire kyr, og meieriet i Alta byrja då å hente mjølka eit par gonger i veka. Før det var mjølka til heimebruk og nærmarknaden.

Landbruksagronomen var særs aktiv i kommunen frå 1950-talet, noko som førte til meir drenering, nydyrking og driftsendringar i Siebe. Ein måtte syne stor fleksibilitet, for i denne naturen gjaldt det å kunne utøve sesongaktivitetar, nytte alle høve for utkome og samstundes vere ein del av fleire nettverk for samhandel.

Difor eigde Daniel og Susanne òg reinsdyr, for her var den eldgamle verdde-ordninga gjeldande. Verdde kan omsetjast med «gjestevenn». Dalonat kunne ha sine eigne reinsdyr som flyttsamane tok vare på, medan fastbuande kunne ha ei av kyrne til flyttsamane i fjøset.

Fleire gonger i året kom reinsamane til gards, og det vart utveksla varer og gåver dei imellom. Nokre bønder heldt seg jamvel med tamme køyre- og mjølkereinar i innhegningar ved garden heile året. I tenåra tamde pappa køyrereinar til både seg sjølv og til flyttsamane. (Då var det viktig med sterke køyrereinar med staseleg seletøy, medan no gjer ein sprek Tesla same nytta.) Reinsdyr og hest var viktige arbeidsdyr også ei tid etter at bilvegen kom.

Kunnskapar som rikdom

Både pappa og syskena arbeidde på garden i oppveksten, og det var eit skilje mellom kvinnfolk- og mannfolkarbeid. Sanking av planter og reinlav for sal, bærplukking, snarefangst, fiske til eige bruk, for sal og til tilleggfôr, sying av gállohat og andre klede, veving av teppe og felling av ved for sal og så mykje, mykje meir. Pappas år på lærarskulen vart mellom anna finansierte av Susannes sying. To finske snikkarar som var med på attreisinga i 1950-åra, emigrerte til Canada, og dei formidla sal av gállohat over there.

Tante Solveig hugsar at då ho kom heim på juleferie i 1964, var det lys i alle husa, til og med utelys! Vaskemaskina var kjøpt før straumkablane kom, og kort tid etter vart både komfyr og fryseboks borne inn i det vesle huset.

Eg må smile, for eg er nok slik Susanne var på det punktet. Eg planlegg for å vere budd for slike endringar. Kan hende er eg òg glad i å bruke pengar på utstyr, noko eg berre kan vedgå når eg skjøner at det er ein arv, noko eg ikkje er åleine om. Det er eit faktum at vaskemaskina er den teknologiske nyvinninga i det 20. hundreåret som har letta kvinnfolka for dei tyngste arbeidsbørene. Ei anna sak var det at vassrøra hos bestemor og bestefar ofte var frosne frå jul til jonsok.

Medan eg har vorte meir kjend med familiehistoria i denne skriveprosessen, har eg tenkt mykje på oppfatninga som eg iblant møter på, det at samar var, og er, fattigare enn andre nordmenn, pengemessig og intellektuelt.

Det sjablongmessige biletet av den smilande, litt einfaldige samen med reinsdyr på fjellet som vart skapt etter andre verdskrigen, som snakka gebrokkent og gjekk med samekufta ved alle høve, skulle liksom vere fattig. Dei fleste samiske familiar var ikkje fattige, nett fordi dei meistra å sanke ressursar frå naturen og hadde allsidige kjelder til pengeinntekt.

– Vi hadde alltid nok klede, og vi gikk aldri svoltne, konstaterer tante Solveig.

Om pengar ikkje var noko alle samar hadde rikeleg av, var det ikkje alltid det som utgjorde rikdomen, men kunnskapen om korleis ein nytta naturressursane til mat, klede og bustad og klarte seg gjennom vekslande vêr, naturtilhøve og dei åtte samiske årstidene.

Forkleet var oftast på. Susanne i stova i 1984.

Fråflytting

Endringane hende raskt i landbruket etter rundt 1960. Frå heilårsveg til meieriet, frå trekkdyr til traktorar (den fyrste i 1957), frå handmjølking til mjølkemaskin, frå øks til motorsag, frå reinsledar til bilar og snøskuterar, frå ljå til slåmaskin og fôrhaustar, frå hesjing og silo til rundballepakkarar. Eg er ikkje gamal nok til å ha opplevd alt det, men eg har sveitta og klaga nok ved hesjene og i siloen til å vite kor beinhardt arbeid det er, så eg er ikkje nostalgisk.

Eg synest besteforeldra mine følgde godt med i tida og nytta dei teknologiske nyvinningane etter kvart som dei kom. Kan hende difor skjedde skiftet i landbruket i eit relativt kort tidsrom på Finnmarksvidda, i motsetnad til i andre grisgrendte strok i Noreg? Daniel og Susanne utvida til og med huset så seint som på 1970-talet, då dei sjølv var i pensjonsalderen.

Sidan ein av sønene var venta å ta over garden, var det nok eit medvite val å ta lån; det ville betale seg. Dalonat levde ikkje i fortida, men nytta den nye teknologien like flittig som reinsamane gjorde. Men til tross for dette, i samspel med fleire andre grunnar, vart fire av fem gardsbruk i Siebe nedlagde i fyrste halvdel av 70-talet, og mange flytta frå bygda.

Dei vala foreldregenerasjonen min gjorde, førte til at det vart den yngste som tok over garden, tante Britt Ellen. Ei lita, artig og grepa dame som er kjapp i armane og i replikken. Daniel og Susanne var sjølvsagt mykje til hjelp, dei andre syskena og tanteungane tok del i slåtten kvar sommar, men det vart for mykje for helsa til tante. Etter nokre år med sauedrift vart dei siste dyra sende til slakteriet like før slutten på hundreåret.

Daniel og Susanne fekk seks born, fem levde opp, og til saman er vi fem syskenborn. Eg hugsar Daniel som ein litt taus gamling, med dårleg syn og høyrsel, som ofte arbeidde ute med vedkløyving eller garnbøting. Kan hende var det difor vi ikkje fekk det nære forholdet, i tillegg til den språklege avstanden, sjølv om han kunne norsk. Finsk og litt tysk var heller ikkje noko problem for han, men når ein måtte rope for at han skulle høyre, vart det vanskeleg.

Han og tante Britt Ellen, som altså vart buande på garden (med unnatak av nokre års utdanning), var dei som gjennom året fiska, slakta, skaffa vinterved og gjorde dei fleste praktiske gjeremål utandørs i barndomen min.

Eit bilete eg har av bestefar Daniel, er at han sit i sofaen ved stovevindauget som vender mot riksvegen, med kaffikoppen og sukkerbiten i kvar si hand, under eit maleri av engelen Gabriel og nokre andre småenglar, medan ei stor, brun treklokke tikkar på veggen. Ho går alltid etter finsk tid, éin time framfor Noreg. Ingen andre lydar, berre denne tikkinga, dempa lydar frå riksvegen, og ein bestefar som slurpar kaffi.

Eg vender attende

Eg hugsar ein oppvekst med hyppige ferie- og helgebesøk til Siebe gjennom heile året, til garden med eit grønt fjøs, raudt vedskjul, lafta gamalhus og våningshuset nokre titals meter frå elva, der båten låg. Ein gardsplass med fin, brun sand, trippande høner nokre år, gjæser (som vi var livredde for) nokre år, kyr på jordene om sommaren, sauer nokre av åra, ein kosete gris som vi klødde på ryggen, men som ikkje fekk nokon etterfølgjar fordi det var så trist å slakte han, store jorde med hesjer omringa av moltemyrer og krattskog.

Den blå Ford-traktoren som syskenborn Dan-Eirik fekk køyre som gut, og ikkje eg, rimfrosne tre i minus 40 i januar, pluss 30 i juli og veggar av mygg, folk inn og ut av huset i ein ujamn straum, der skoa aldri blei tekne av, men kaffikanna alltid stod på bordet. Jul, påske, sommar, haust, vi var der stadig og heile tida, køyrande i enten ein grå Saab, ein brun Citroën DC eller ein kvit Citroën BX, alt etter kva år det var, syster mi og eg, sovande på seta, liggjande på golvet, masande, «kor tid er vi framme?».

Daniel og Susanne var alltid gamle i minnet mitt, pensjonistar alt før eg vart fødd, og eg tenkjer på at om eg hadde kunna samisk betre, hadde vi snakka meir, hadde eg spurt dei om kven dei var då dei vart fotograferte i 1941, spurt dei om livet. Susanne og Daniel, bestemor og bestefar, gjekk ut av tida i 1994 og 1995. Før begge gravferdene drøymde eg om dei. Eg tok farvel i desse draumane.

Eg tenkjer og minnest når eg sit her i Badje-Siebe, i den lafta fjøskassen som no er hytta mi, på heimstaden til bestefar Daniel. Vegetasjonen har grodd att ned mot elva, men eg høyrer bruset på tre kantar der elva svingar. Ingen husdyr har beita ned krattet på mange tiår, men eg kan så vidt skimte huset og fjøset i Vuolle-Siebe der tantene bur, staden der bestemor Susanne vaks opp.

Eg ser trea, lyngen og elva dei betrakta for 50, 70 og 170 år sidan. Eg høyrer elvebruset, songsvanenes song og raslinga i bjørketrea. Skuggane til forfedrane og formødrene kviler her enno. Kvar gong eg kjem, bøyer eg hovudet og ber om lov, før eg går inn og seier: No er eg her.

Kjelder:

Samtalar med tantene mine, onkelen min og far min. Odd Mathis Hætta 2016: Samebygder på Finnmarksvidda 1 og 2 (utgjevne på eige forlag). Mammas upubliserte memoarar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis