JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Best utan press

I morgon byrjar kvalifiseringa til fotball-EM for herrar i Tyskland neste år. Av seksten EM sidan 1960 har me nådd eitt, i 2000. Då var me best utan ball. Sidan har me vore best utan press. I dei siste fem kvalikane har me snubla like før mål.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
13. juni 2000 og norsk opningskamp i EM 2000. Nitten minuttar ut i andre omgang vinn Steffen Iversen (18) ein luftduell mot Spanias målvakt José Francisco Molina (22) og vert matchvinnar. Duellen vert fylgd av Pep Guardiola (4) og Ismael Urzaiz (20) på det spanske laget og Dan Eggen (16) på det norske. Artikkelforfattaren sit på tribunen.

Foto: Tor Richardsen / NTB

13179
20230324

25. mars

Noreg byrjar kvalifiseringa til Europameister­skapen i fotball for herrar i Tyskland sumaren 2024. Dei åtte kvalifiseringskampane går frå 25. mars til 19. november. Av dei fem laga i Noregs gruppe går dei to øvste til EM.

havard@dagogtid.no

Det er den draumen me ber på, at Noreg skal koma seg til ein meisterskap. Draumen bar eg på ein våt november­kveld i 1972 då Noreg møtte Nederland borte, i Rotterdam, med 57.000 på tribunen og meg ved radioen heime. Jau, dei hadde Neeskens og Cruyff der me hadde Trygve Bornø og Fuglset-brørne, men dei leia berre 1–0 til pause, og me låg øvst i VM-kvalikgruppa etter siger mot Island i opningskampen. Eg hadde trua eller vona. Men då trettenåringen la seg, hadde Nederland vunne 9-0.

Nei, me kom oss ikkje til VM i 1974. Det var ein mannsalder sidan sist, VM i 1938, før mi tid.

EM-tala

No har det igjen gått ein mannsalder sidan sist me var i ein meisterskap. EM-soga til herrelandslaget er mørk, verre enn OL- og VM-soga. Me har kvalifisert oss til seks fotball-OL og spela i tre verdsmeisterskapar, men vore med i berre eitt av seksten EM –?for 23 år sidan.

Til samanlikning har det norske kvinnelandslaget kvalifisert seg til tolv EM. Med to gull og to sylv er dei den nest beste EM-nasjonen gjennom tidene, etter Tyskland – medan herrelandslaget ligg heilt nede på 32. plass på EMs maratontabell, i lag med Latvia, Albania og Nord-Makedonia, bak Island og Bulgaria.

Gruppa vår

Men draumen ber me på. I år kjem eit syttande forsøk, i ei gruppe på fem land, med Fifa-rankinga i parentes: Spania (10), Skottland (42), Noreg (43), Georgia (78) og Kypros (110).

Kva gjev von? To av dei fem går rakt til Tyskland neste sumar. Og kampen om andreplassen står mellom to land som ligg side om side på Fifa-rankinga. Alt er mogeleg.

Gruppesiger er ikkje saka. I lag med Tyskland er Spania den beste EM-nasjonen. Det er dei tre andre laga me må slå heime og ta poeng frå borte. Dei tre heimekampane kjem på rekkje og rad: mot Skottland laurdag 17. juni, mot Kypros onsdag 20. juni og mot Georgia tysdag 12. september.

Alltid sist

Norsk EM-soge har ikkje handla om sluttspel, men om å ta eit kvalikpoeng no og då. Den våren eg vart fødd, spela Noreg sin fyrste EM-kvalikkamp. Onsdag 20. mai 1959 var Ullevål stadion fylt med nær 28.000 tilskodarar, mellom andre dei då kring 50 år gamle spelarane på Bronselaget frå OL i 1936. Austerrike vann 1–0, og returoppgjeret i Wien i september 5–2. Noreg skåra! Men kom seg ikkje til Frankrike-EM i 1960.

I neste kvalik tok Noreg eit poeng! Motstandar var no Sverige. Me heldt dei til 1–1 i Malmö, men tapte på Ullevål, og kom oss ikkje til Spania-EM i 1964.

Etter fire nye år vann Noreg ein kamp! Framfor 32.000 på Ullevål, etter mål av Harald Berg, Sven Otto Birkeland og Harald Sunde, slo me Sverige 3–1, gjævt nok, men me tapte returoppgjeret i Råsunda 5–2 og hamna sist i gruppa. Me kom oss ikkje til... og så bortetter.

Slik heldt det fram. Frå 1960 til 1988 enda me på sisteplass i kvar einaste kvalik til kvart einaste EM – åtte i alt. Det er soga si. Vond å slå.

1992: Drillo

Hausten 1990 byrja ein ny EM-kvalik så dårleg at trenaren gav seg og ein ny tok over, Egil Olsen, kjend som Drillo etter driblekunstane ­–?som eg hadde sett med eigne augo på Ullevål i 1973, der Olsen sensasjonelt vart matchvinnar då Frigg slo favorittklubben min, Arsenal, som nyleg hadde vunne engelsk liga og cup. Alt var mogeleg.

No gjorde Olsen underverk att. I EM-kvaliken vann Noreg tre kampar på rad, den tredje på Ullevål onsdag 5. juni 1991 – mot Italia! Vona voks.

Så det vart tungt å tusla heim frå Ullevål i august då me tapte snautt for Sovjetunionen. Med åtte deltakarland var EM i 1992 siste gongen berre gruppevinnaren kvalifiserte seg.

I takt med oppløysinga av Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia og Jugoslavia vart talet auka frå åtte til seksten, og sidan til 24 deltakarland.

2000: Best utan ball

Framgangen heldt fram, takka vera Drillo og dei nye smånasjonane. Til EM i 1996 var me særs nær, og til EM i 2000 vann me kvalikgruppa. Me var kjende som best i verda utan ball og kom til meisterskapen i Nederland og Belgia.

Eg var der. Det er den draumen. Og høyr: Me opna EM med å slå ein av favorittane, Spania. Matchvinnar: Steffen Iversen. Banens beste: Erik Mykland. Det var heilt vilt. Feyenoord sentrum vart raudt, kvitt og blått. Sjølv feira eg med landslagstroppen i kjellaren på spelarhotellet. I Noregs snart 65-årige EM-soge ragar den kvelden like høgt som Steffen Iversen i det 65. minutt – høgt over hjelpelause Pep Guardiola, no Haaland-sjef, på den spanske midtbanen.

Så rauk me likevel ut av det innleiande gruppespelet, og på verst tenkjeleg vis: Feigt spela me på resultatet i ein samtidig kamp. Åttandedelsfinalen missa me med minst mogeleg margin: innbyrdes oppgjer.

Av dei seksten landa som spela i EM 2000, var det berre to land som aldri hadde vore i EM før: Noreg og Slovenia. For Slovenia var forklåringa grei: EM 2000 var berre det andre EM dei freista å kvalifisera seg til etter at dei fekk sjølvstende i 1991.

For Noreg er ikkje forklåringa så grei. EM 2000 var det ellevte EM me freista å kvalifisera oss til, etter å ha freista fånyttes i ti meisterskapar sidan 1960. Me hadde aldri greidd det før.

Og me har aldri greidd det sidan.

Dei nakne tala

Er det lov å vona no når me i morgon tek fatt på ein ny EM-kvalik? Ja. På grunn av stjernespelarane eller gruppetrekninga? Nei, ikkje fyrst og fremst. Meir på grunn av den historiske kvalikstatistikken. At fotballnerdar vert reknearknerdar, kjem av rein nervøsitet. Fram mot ein avgjerande kamp er spaninga så høg og kjenslene så mange at ein lyt døyva dei med tal.

Og kva fortel EM-tala? At det er tid for stang inn.

Her kjem den norske EM-kvalikstatistikken i reine tal: Før me møter Spania i morgon, har me i alt spela 120 kvalikkampar, med om lag like mange sigrar (47) og tap (48), og med ein tilsvarande jamn målskilnad: Me har skåra 163 mål og sleppt inn 159. Poengsnittet vårt er såleis 1,4 poeng per kamp (her er alle kampar rekna om til 3 poeng for siger, også kampar før 3-poengsregelen kom på 90-talet).

Men bak det greie poengsnittet gøymer det seg ei dramatisk vending. Før 1990 er poengsnittet så lågt som 0,45 per kvalikkamp. Etter 1990 er snittet så høgt som 1,92.

Før 1990 og Drillo hadde me på 44 kvalikkampar berre fire sigrar. Etter 1990 og Drillo har me på 76 kvalikkampar 43 sigrar. Før Drillo vann me nær éin av ti EM-kvalikkampar. Etter Drillo har me vunne nær to av tre.

Seks stang ut

Skilnaden er enorm –?frå eit halvt poeng til to poeng per kamp. Men merkeleg nok: ei firedobling av poeng per kamp har likevel ikkje enda i kvalifisering (anna enn i 2000). Korleis er det mogeleg?

Stang ut gongar seks. Frå å hamna sist i kvaliken, kvar gong, har me vorte nesten best i kvaliken, kvar gong. Sidan 1996 har me roke ut med minst mogeleg margin. Sjå sjølv – det er ikkje til å tru:

I kvaliken til EM 1996 var me eitt poeng frå gruppesiger og eit innbyrdes oppgjer frå play-off.

I kvaliken til EM 2004 var me igjen eitt poeng frå gruppesiger. Me fekk play-off mot Spania, ein kamp me leia, men tapte.

I kvaliken til EM 2008 var me for tredje gong eitt poeng frå andreplass og direkte kvalifisering –?etter at me hadde leia nummer to-finalen på Ullevål.

I kvaliken til EM 2012 var marginane matematisk små. I kampen om andreplass og play-off stod me likt med Portugal i innbyrdes oppgjer (båe vann 1–0 heime), men rauk ut på målskilnad.

I kvaliken til EM 2016 var me for fjerde gong eitt poeng frå andreplass og direkte kvalifisering. Me var dessutan særs nær gruppesiger i ein gruppefinale mot Italia som me leia, men tapte 2–1. Me gjekk til play-off, som me tapte.

I kvaliken til EM 2020, spela i 2021, kom me på tredjeplass, men vann nasjonsligagruppa vår og kom til play-off mot Serbia, på heimebane, men utan hjelp frå heimepublikummet –?på grunn av pandemien slapp berre 200 inn på Ullevål. Kampen tapte me i ekstraomgangane.

Best utan press

Korleis er det mogeleg å gjera det så godt i åtte EM-kvalikar på rekkje og rad utan å kvalifisera seg meir enn éin gong? Så mange stang ut handlar om meir enn uflaks. Regelmessig uflaks i fotball heiter dugløyse.

Går ein djupare i tala, ser ein endå eit mønster: Me sprekk på oppløpssida, me snublar når det gjeld. Om Drillo-åra på 90-talet heiter det at me var best utan ball. Sidan har me vore best utan press.

Tilstanden er kjend frå skiskyting. Alle hugsar me somme skiskytarar som gjerne skaut fullt hus når dei ikkje var under press, i byrjinga av tevlinga eller når slaget var tapt. Men låg dei an til å vinna, bomma dei, særleg på stafett, der presset er størst. Ingen nemnd, ingen gløymd. Det er det traumet.

Fotballversjonen er det norske landslaget i avgjerande kvalikkampar. Stang ut gonger seks. Me såg det sist i fjor haust, i Nasjonsligaen, ein bakveg til EM. Lenge leia me gruppa, etter å ha opna imponerande med siger og seks poeng i to bortekampar, mot Serbia og Sverige.

Men så fekk me skjelven på siste ståande, fyrst med eit tap mot svake Slovenia, og så eit trist heimetap mot Serbia, som dimed vann gruppa og fekk ein ekstra sjanse til EM-deltaking neste år.

Nok er ikkje nok

Der og då, for eit halvt år sidan, på Oljeberget, heimetilhengjarsvingen på Ullevål, tenkte eg: Nok er nok. Det var 30 år sidan eg stod same stad og såg eit snautt tap mot Sovjetunionen. Det var 50 år sidan eg sat ved radioen heime med vona før Nederland vann 9–0 og ikkje berre kom til VM, men til finalen – i ein meisterskap eg såg alt av, på eit leigd fjernsyn på guterommet. EM og VM treng ikkje norsk deltaking. Det er ikkje det det handlar om.

Kva handlar det om då? Eg veit ikkje. Fedrelandskjærleik. Oskeladdoptimisme. Underdog­fetisjisme. Dark horse-kjepphestar. Eg berre vil at me skal greia det.

Men no var eg lei. Om kvelden tysdag 27. september 2022 la eg dei raude tilhengjartrøyene i vaskemaskinen saman med draumen og vona. Kill the flame.

Vona vaknar

To veker etter, i oktober i fjor, trekte dei kvalik­gruppene til EM 2024. Trekninga var god for Noreg. Rett nok fekk me storlaget Spania, men andreplassen gjev EM-plass, og dei tre andre laga kan me slå: Skottland, Georgia og Kypros. Ei lita von hang no på turkestativet, eg såg det.

Vona voks gjennom vinteren då norske spelarar markerte seg i dei største ligaane. I januar vart landslagsspissen Alexander Sørloth kåra til månadens spelar i den spanske serien etter mål i fem strake kampar for Real Sociedad. Då var nett Martin Ødegaard kåra til månadens spelar i engelske Premier League, etter storspel og mange mål som kaptein for serieleiaren Arsenal. Månadens spelar i den engelske ligaen i august var norsk, han òg, Erling Braut Haaland.

Stang ut i september var gløymt. Billettar til EM-kvalikkampane på Ullevål i år vart sikra. Etter at all verdas ulukker slapp ut av Pandora-øskja, var berre ei att: vona. Kva med å døypa Oljeberget om til Supporterklubben Sisyfos?

Oskeladd på leirføter

Nok ein gong har eg suggerert meg sjølv til at jau, denne gongen kan me greia det. Etter seks stang ut vert det stang inn. Me kan slå Skottland i både Oslo og Glasgow. Me rår over stjerner.

Men landslaget liknar ein oskeladd på leirføter. Det er den draumen til Nebukadnesar: Hovudet er av gull (Haaland), brystet av sylv (Ødegaard), magen av bronse, men føtene er av leire. Det norske forsvaret, målvakta medrekna, har nesten ikkje spelt kampar i vinter. Anten sit dei på reservebenken i ein europeisk klubb, eller så spelar dei i ein norsk klubb og har ikkje kome i gang med sesongen.

Få dagar før kampen kom ei ny ulyske: Gullet vart transportert til England.

Kva er trøysta? Spania-kampen i morgon er den minst viktige kampen vår i gruppespelet –?om målet er ein andreplass og direkte kvalifisering til EM i Tyskland. Når Haaland fyrst skulle skada seg, var det hell i uhell at han skadde seg til borteoppgjeret mot Spania. Det er den kampen me har mest råd til å tapa.

Laurdag 17. juni

At han er ute, tek bort ein del press. Kva kan koma ut av det? Me er jo best utan press.

Haaland går inn i ti helvetesveker for Manchester City for å kjempa om tre titlar: den engelske eliteserien, den engelske cupen og Meisterligaen. Han kan få to toppkampar i veka i månadsvis, i eit hardkøyr som kan henda varar heilt til laurdag 10. juni og Meisterliga-finalen i Istanbul.

Ei veke etter Istanbul, laurdag om tolv veker, 17. juni, byrjar EM-kvaliken for alvor. Då møter me den fremste utfordraren til andreplassen, Skottland, heime, i ein kamp me vinna.

Berre éin norsk kamp i gruppespelet er endå viktigare: den siste. Om kvelden sundag 19. november, i Glasgow, møtest Skottland og Noreg i det som kan verta ein rein finale om andreplassen og billett til Tyskland-EM.

Det handlar om tru, von og kjærleik. Og størst av dei er ikkje trua.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Frå 1960 til 1988 enda me sist i kvar einaste kvalik til kvart einaste EM.

Spania-
kampen i morgon er den minst viktige på vegen til EM.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis