JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Å forstå fischersjakk

Carlsen freista skjøna kva som skjedde då amerikanaren Hikaru Nakamura (34) vart verdsmeister i Reykjavik femti år etter at Bobby Fischer vann klassisk VM i same by.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Magnus Carlsen vann bronsefinalen i fischersjakk.

Foto: David Llada

6311
20221104

VM i fischersjakk

Reykjavik 25.–30. oktober 2022

Åtte kvalifiserte/inviterte deltakarar

1. Hikaru Nakamura

2. Jan Nepomnjasjtsjij

3. Magnus Carlsen

4. Nodirbek Abdusattorov

5. Vladimir Fedosejev

6. Wesley So

7. Matthias Bluebaum

8. Hjörvar S. Grétarsson

Finale og bronsefinale

Nakamura – Nepomnjasjtsjij 3-2 (etter «ragnarok» i 5. parti)

Carlsen – Abdusattorov 3-1

Magnus Carlsen (31) var irritert på seg sjølv – og litt på motstand­aren – etter semi­finaletapet i verdsmeisterskapen i fischersjakk. Carlsen kom med eit stikk til Jan Nepomnjasjtsjij (32) som eg tykte var djupt tenkt, ei aha-oppleving for ein fischersjakk­entusiast som meg sjølv. Meir om det seinare.

Med halen på hovudet

Kva er problemet med fischersjakk, der offiserane vert plasserte på fyrste- og åttanderada gjennom loddtrekking 15 minutt før partiet?

Det fyrste problemet er at utgangsstillinga, til skilnad frå klassisk sjakk, har fleire disharmoniske brikker. Offiserane samarbeider ikkje perfekt. I verste fall kan ei startstilling minna om ein hund med fem føter og halen på hovudet. Kva gjer ein med slikt?

Vladimir Fedosejev (27, russar i eksil i Spania) var irritert på stillinga han fekk utdelt av datamaskinen mot Carlsen i gruppespelet. Men den kvite og svarte startstillinga er alltid symmetrisk, så det er likt for båe spelarane.

Det andre problemet med fischersjakk er fråvær av kulturhistorie. Klassisk sjakk har 1500 år med historie, som eg skriv om i stubben «Frå sjakkverda». Fischersjakk har ikkje mykje å skryta av, jamvel om såkalla shuffle chess (loddtrekking av offiserane) har eksistert som ein variant nokre hundreår. Det var fyrst i 1996 at fischersjakk tok form, då den ellevte verdsmeisteren, Fischer sjølv, formulerte komplette reglar òg for rokaden:

Carlsen - Fedosejev, gruppespelet.

Carlsen - Fedosejev, gruppespelet.

Her ser vi eit døme på fischerrokade. Dei to kongane starta på felta c1 og c8. Carlsen har fått rokert til h-sida med kongen på g1 og tårnet på f1 som i klassisk sjakk. Om Fedosejev kunne gjera det same (få kongen til g8 og tårnet til f8), ville svart stå best med to bønder over. Men den svarte kongen, som i klassisk sjakk, har ikkje lov til å passera eit truga felt, i dette høvet feltet e8 som er kontrollert av den kvite dronninga. Med andre ord lukkast ikkje Fedosejev i få kongen i harmonisk tryggleik, og han tapte etter få trekk.

Rokadeproblematikken var sentral på Island. Den regjerande verdsmeisteren, amerikanaren Wesley So (29), vart slegen ut av Nepomnjasjtsjij i gruppespelet då han ville rokera i ei stilling der kongen var i sjakk. Men heller ikkje i klassisk sjakk er dette lov. Eigenleg er rokadereglane genialt enkle: Dei er identiske med klassisk sjakk. Resultatet av rokaden vert som vanleg, men utgangspunktet er annleis.

Postmodernisme

Fischersjakk er disharmonisk modernisme, eller sjakkens postmodernisme, om ein vil, og eg elskar det. Dei beste spelarane i verda er samde med meg. Kvart einaste intervju med NRK etter partia på Island byrja med setninga «It was a very interesting game». Spelarane er endeleg frie kunstnarar og sportsutøvarar som kan setja strek over opningsteori og remisdøden.

Det norske TV-publikummet, som held eit moderat sjakkfagleg nivå, skjønar òg at partia er uvanleg underhaldande. Skepsisen mot fischersjakk kjem frå meir røynde amatørar: Dei vil ha harmoni og kulturhistorie. Ja vel. For kulturhistoria kan dei lesa Dag og Tid, og eg vil heller ikkje ta frå dei harmonien.

Ingen ynskjer å skrota klassisk sjakk. For praktiserande amatørar er den harmoniske klassiske utgangsstillinga krevjande nok, slik norske amatørar på snø som regel går klassisk langrenn, men dei beste må òg kunne konkurrera i fristil.

Misnøgd Carlsen

Kva var det Carlsen klaga over denne gongen, då? Han var misnøgd med tida: 25 minutt frå startstillinga er altfor lite i ei så spanande utgangsstilling, meiner sjakkgeniet, som vil ha lang tenkjetid i komplisert fischersjakk og kort tenkjetid i den mykje enklare klassiske sjakken. Han har rett!

Som det var på Island, fekk vi sjå to ulike strategiar: Nepomnjasjtsjij og Nakamura spela snøgt i opninga etter prinsippet: «Kor som er, vil vi aldri skjøna noko av stillinga». Carlsen, på si side, nytta mykje tid frå start for å skjøna essensen i disharmonien.

I alle dei fire partia i semifinalen mot «Nepo» stod Carlsen best etter opninga, men han tapte 1–3, då han fekk lite tid og miste kontrollen i tidsnauda. Han kan takka seg sjølv, sjølvsagt, men det er irriterande, for det er ikkje sikkert veteranar som Carlsen kan halda den nye generasjonen i sjakk i neste VM om to år.

Fischersjakk er så krevjande at unge reknemonster har ein føremon. I gruppespelet vann usbekaren Nordibek Abdusattorov (18) 4–0 mot Nepomnjasjtsjij! Så skjedde det rett nok i semifinalen at same Abdusattorov tapte 0–3 mot røynde Nakamura, så det svingar av fischersjakken.

Resultatet var at vi fekk to interessante finalar: I gullfinalen vann «Naka» mot «Nepo», og godt var det. «Naka» hadde kvalifisert seg på vanleg vis, medan russiske «Nepo» hadde fått ein friplass av den russiske Fide-presidenten Dvorkovitsj. Tenk om Fide i staden hadde gjeve friplassen til ukrainaren Ivantsjuk!

I bronsefinalen var Carlsen særs motivert. Han veit at han må slå dei unge hardt og brutalt for å skaffa seg ein psykologisk føremon til framtidige oppgjer. Unge Abdusattorov, regjerande verdsmeister i snøggsjakk, kvalifiserte seg til fischersjakk-VM gjennom å vinna ei kvalifisering på plattforma Lichess mot over 73.000 konkurrentar. Han vann òg fyrste parti mot Carlsen, men så snudde bronsefinalen:

Carlsen - Abdusattorov, 3. parti i bronsefinalen.

Carlsen har endeleg knekt koden. Stillinga er heilt unik i toppsjakken med to kvite hestar på kanten etter berre 11 trekk! Diagrammet er den venaste hunden med halen på hovudet eg nokon gong har sett. Legg merke til at om svart freistar fanga hesten med tårnet til a8, vert han sjakkmatt i eitt trekk: Sxb7#!

Carlsen vann bronsefinalen 3–1 og konstaterte at tredjeplassen er betre enn andreplassen. Å vinna bronsen gjev ei god kjensle med duellsigar på siste speledag. Det er synd det er over, for no skjønar Carlsen fischersjakken.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis