JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

«Så kom den dagen i usyrdebrødshelga då påskelammet skulle slaktast. Då sende Jesus Peter og Johannes i veg og sa: ‘Gå og stell til for oss, så vi kan halda påskemåltid.’» Joh. 22, 7

Alle foto: Håvard Rem

ReportasjeFeature

Uskuld og blod i Midtausten

ARRABA: Me laga maten frå botnen av – kjøpte eit levande lam, fekk det slakta og flådd, og steikt i sin eigen magesekk. Det smakte påske. 

10294
20200403
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Eg trivst i lag med folk frå Midtausten. Høgenergien deira gjer meg rolegare og tryggare enn tagal skuling frå ein landsmann. Eg synest eg veit kvar eg har dei. Som ei kokeplate med fire temperatursteg kan menneskeleg samkvem gå frå 1) keisemd via 2) tryggleik og 3) spaning til 4) frykt. Det er greitt at det kokar litt. I Midtausten syner dei eit engasjement som me i nord ikkje er tente med å syna, trur me, anna enn i fest og forelsking. 

For ikkje så lenge sidan vart eg vitja av ei lærd kvinne som voks opp i Saudi-Arabia. Me prata om sed og skikk i Skandinavia og Midtausten. Ho fortalde om Mekka og eg frå ferdene mine. Ho lente seg fram og spurde:

– Har du teke vare på han?

Då hadde eg nett nemnt at eg ein gong kom heim med ein djellaba, ein slik kjortel som læresveinane til Jesus gjekk med på flanellografen i sundagsskulen.

– Tru om han framleis heng der, undra eg. 

– Gå og sjå, sa ho. 

Jau, inst i klesskåpet, bak smoking­skjorta, hang han, lang og kvit.

– Korleis fekk du han, spurde ho.

Arraba

Eg var i landsbyen Arraba i Galilea, nord i Israel, midtveges mellom Middelhavet og Gennesaretsjøen. Ein sliten sjuande sans syner at det var våren 1999. Me var nokre tilreisande og fastbuande som hadde gått saman om å laga til eit måltid – heilt frå botnen, utan snarvegar. Når ein sit på restaurant og ventar i lengste laget på maten, heiter det: Dei er vel ute og kjøper dyret fyrst. Her drog me for handla eit årsgamalt lam. 

Me henta det i ei varevogn og køyrde til den lokale slaktaren. Alt laut gå rett føre seg. Han stod og slipte knivane då me kom med det uskuldige lammet. Som det heiter i ei gamal bok herfrå: «Lik eit lam som vert ført til slakting, opna han ikkje munnen.» Det gjorde ikkje teikn til å vilja stikka av.

Men andre hadde stukke av. Den norske fotografen var vekk. Nei, han hadde gått bortetter vegen for å plukka markblomar, fekk eg vita, og då la eg to og to saman, for eg visste at han var vegetarianar.

No kom eg i ein skvis, for då me tinga tid hjå slaktaren, spurde han om eg ville assistera han, og det takka eg ja til, eg var vand med slakting og flåing frå mi tid som dreng på Vestlandet. Men eg ville ha bilete av hendinga og henta kameraet.  

Det var greitt. Det hadde no samla seg ein del skodelystne, mest vaksne karar som ikkje var vonde å be om ei handsrekking. Nysgjerrige småborn var òg komne til. Eg veit ikkje om det var skandinavane eller slaktinga dei ville sjå. 

Cheeseburgaren

Kvifor eg var i Arraba? I lag med ein kokk og ein fotograf skulle eg rapportera heim om kjøkenet her inst i det austlege Middelhavet, frå gatemat og gourmetrestaurantar til tradisjonskost. Ein rett ein kan lesa om i dei eldste kjeldene, frå bronsealderen, er heilsteikt lam: «Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta seg ut eit lam, eitt til kvar huslyd! Men er ein huslyd for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og næraste grannen ta eitt i lag, etter som dei har folk til. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle vert mette.»

«Småborn var òg komne til. Eg veit ikkje om det var skandinavane eller slaktinga dei ville sjå.» 

Slaktinga no – nokre tusen år etter –? gjekk føre seg utandørs, på plassen framføre huset til slaktaren. Son hans vende lammet over på ryggen, slik ein gjer med ei bikkje for å klø henne på magen, og sitjande på huk samla han dei fire føtene i eit fast grep med båe hender. 

Så kuttar faren strupen, så lammet blør godt medan det lever. Slik har skikken vore her i Midtausten, hjå jødar og muslimar. Som slaktaren er mange i Arraba muslimar. 

Fleire av matreglane er sams, som forbodet mot å eta svinekjøt. Andre gjeld berre i judaismen, som forbodet mot å blanda kjøt og mjølk. I Israel får du ikkje yoghurt, men tahinisaus til kebaben. Ein gong var eg vitne til eit rabalder i ein ortodoks del av Jerusalem. Utan at eg skjøna kvifor, demonstrerte dei utanfor eit nyopna gatekjøken. Eit år seinare stod dei ortodokse i same gatekjøken og åt hamburgaren i fred. Dei hadde demonstrert mot blandinga av kjøt og mjølkeprodukt i cheeseburgaren, og då retten vart fjerna frå menyen, kom dei som kundar. Eit bronsealderbod låg til grunn for kampen mot cheeseburgaren òg: «Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si.» 

Frå krok til kross

Før lammet vårt vart hengt på ein krok, vart magesekken fjerna med stor varsemd og kunne. Seinare på dagen skulle me steikja lammet i magesekken, så han tolte ikkje riper og hòl. Men no, før flåinga, vart lammet hengt på kroken – eg hadde nær sagt: på krossen. 

Borna som stod og såg på, minte meg på kor kvardagsleg slakting av lam har vore. I gamal jødisk soge var det lam dei åt den siste natta i Egypt – det fyrste, men ikkje siste, påskemåltidet. Påske, eller det hebraiske passah, tyder å passera, som i engelsk pass. Den natta dødsengelen gjekk til kvart hus i Egypt for å drepa den fyrstefødde, skulle hen passera husa der lammeblod var smurt på dørstolpane. 

Yngre kjelder, frå fyrste hundreåret, stadfestar at alle åt påskelam. Når folk strøymde til Jerusalem i høgtida, flaut gatene av blod frå tusentals av lam som vart slakta. Det var kvardag og høgtid, blod og uskuld, i ein eldgamal tradisjon som det ikkje var gjort i ei handvending å endra då dei urkristne etter kvart vart ei eiga rørsle. 

Dei heldt på påska, på høgtida og lammet, sett bort frå at lammet no var Jesus og slaktarkroken ein romersk kross. Blodet var framleis blodet som berga dei, no som raudvin. Ein variant av bronsealderlammet vert eten i kristne kyrkjer no i påska, som oblatar, med same regel for matsvinn: «Dei må ikkje la noko av lammet bli att til neste morgon.»

Lammemetafor

At eit lam på ein krok vart eit menneske på ein kross, er i evangelia meir enn ein metafor. Det handlar om kvardagslege detaljar òg. Element frå Mosebøkene, som isopkvasten og forbodet mot å knekkja bein på lammet, finn ein att i langfredagsforteljinga.

Men i breva til Paulus er det lite lam – truleg av di den europeiske målgruppa hans ikkje hadde eit nært og kvardagsleg tilhøve til påska og påskelammet.

Men i den siste boka i Bibelen vert påskelammet høgst metaforisk. Ein kan fylgja det gjennom heile Bibelen, både den hebraiske og kristne delen, frå Andre Mosebok til Johannes’ openberring på Patmos, og der er det ikkje eit kvardagsleg lam som syner seg. Rett nok er det slakta, men det har sju auge og ei bok: «Og eg såg eit lam som stod midt på trona, mellom dei fire skapningane og i krinsen av dei eldste, og det såg ut som lammet var slakta. Det hadde sju horn og sju auge, og auga er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda. Lammet kom og tok imot bokrullen frå høgre handa til han som sat på trona.»

Slaktevekt kring tjue kilo

Kvinnene på kjøkenet vaska no lam­­meskrotten og sette han inn med kvitlauk og spisskum og andre krydder og urter. Magesekken var alt grundig reingjord, og no vart lammet lagt i sekken, så ingen smak vart borte. Så vart sekken lagd i omnen. Der låg han i fire timar. 

«Før lammet vårt vart hengt på ein krok, vart magesekken fjerna med stor varsemd og kunne.»

Som lågkostnadsdyr har sauen vore sikringskost i ein region med svineforbod. Etter at Israel vart erklært som eigen stat i 1948, har menneske frå fleire titals land teke med seg ulike mattradisjonar hit, men det er det lokale, osmanskprega kjøkenet, basert på dei lokale råvarene, som dominerer. Betre lammekebab enn i Jeriko åt eg aldri. 

Slaktevekta på lammet vårt var kring tjue kilo, så mange var inviterte. Gjestene kom. Dei var av alle slag. Slaktaren kom med familien sin. Eit par av borna frå slaktinga var her. Kjentmannen vår, Haim, var israelsk jøde. På teppene sat nokre new age-folk som heldt til i eit senter oppi fjella, og dei hadde med eit spedbarn. Somme av skandinavane var konfesjonslause. Far i huset og folka hans var av beduinslekt. 

«Påskelammet steikte dei over elden, som føreskrive var.» 2. Krøn. 35, 13.

Rettene vart sette fram på golvet. Me sat og låg på puter attmed veggen. Måltidet var himmelsk. Kvardag og familie, ikkje religion og politikk, var tema. Ikkje var det påske heller. Men det var like før. Utanfor stod månen høgt i den milde vårnatta. Då alle var meir enn mette, vart det sett fram kaker til somme, vasspiper til andre. Ved sida meg på puta låg eit kamera og ein djellaba. 

Høgvasskjortelen

Attende til notida: Ho som voks opp i Saudi-Arabia, var ikkje nøgd med å sjå djellabaen, ho ville sjå han – på meg. Då eg kom kjortelkledd ut i stova, møtte eg eit merkeleg andlet – i ei sjeldan blanding av forskrekking og lått. Då sjokket gav seg, berre lo ho. 

– Lov meg at du aldri syner deg i det antrekket, bad ho. 

– Kva er gale? spurde eg. Same kva var problemstillinga konstruert. Djellabaen nytta eg aldri, korkje til jol, påske eller elles. Han var ein suvenir, ei gåve som eg fekk av den hyggjelege og dugande slaktaren, sjølv om eg ikkje hadde vore assistenten hans, men berre fotograf. 

– Du ser ut som ein salafist, sa ho. Eg tenkte: Ja vel. Eg visste at ho ikkje likte salafistar. Ho heldt fram:

– Kjortelen er grei, men han er for kort for deg. Salafistane går i kvite, litt for korte kjortlar. Dei meiner det er ein skikk som går attende til Muhammed og tilhengjarane hans. 

Eg såg ned. Jau, kjortelen rakk knapt til oklene, om lag som høgvassbukser. Kvifor kort og kvit?

I mange trusretningar står lamma for uskuld og reinleik, som på sundagsskulen, der me var lamma til den gode gjetaren. Dei reinaste og heilagaste trusbrørne kler seg gjerne i kvitt, som salafistane. I kjærleiksdikta i Høgsongen liknar elskaren den kvite tanngarden hennar med sauer og lam: 

Dine tenner er som nyklypte sauer,

nett komne or laug.

Tvillingar har dei alle,

og ingen av dei har mist sine lam.

Dette er vent. Lammet er vent. Å pynta seg i kvitt til eit himmelsk måltid er vent. Alt er vent og vant –? sett bort frå det vonde imellom, blodet og slaktinga. Og at det er sjølve uskulda som vert slakta, for å berga dei hine. Må det vera sånn? 

Eg veit ikkje. Men i dei lange, store forteljingane – dei som overlever frå feiring av grøde og årsvekst i steinalderen, via påskehøgtid i bronsealderen og krossfesting i jarnalderen, til tida vår – der er det visst sånn. Uskuld og blod. Sånn er måltidet. Sånn er livet. Sånn er det.

God påske!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis