🎧 Midt i mitt eige matfat
Jammen har ein det godt når middagen smakar som eins eige liv.
Kortreist, langsteikt ribbemiddag ein heilt vanleg tysdag. Overflod eller berre goda frå ein aktiv matkvardag?
Foto: Siri Helle
Kortreist, langsteikt ribbemiddag ein heilt vanleg tysdag. Overflod eller berre goda frå ein aktiv matkvardag?
Foto: Siri Helle
Eg set det svorfrie, vesle svineribbestykket i omnen før eg set meg sjølv ned framfor skrivemaskina. Ribba kjem frå ein ullgris som har trakka glade dagar og vorte feit og fin på øya Reksta nokre få sjømil frå der eg no sit. No skal ribba få kose seg der inne i varmen i nokre timar. Å kunne ha slik middag til kvardags er så absolutt eitt av goda med heimekontor. Å lage ribbebitar som høver til to personar ein tysdag, er eitt av goda ved å finpartere grisen sjølv. (Til dømes er ribbe utan svor mykje enklare og nesten like godt som ribbe med svor.)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.