JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Hjarterom­operasjonen

– Vil du behalda dørene, eller skal me kasta dei?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Siste kveld før utskapinga av denne innreiinga.

Alle foto: May Linn Clement

10738
20201106

Bakgrunn

Livstidsprisar på kjæledyr

Hund, 158.340 kr

Katt, 99.200 kr

Undulat, 37.350 kr

Kanin, 16.150 kr

Tal frå Zmarta Group, 2017

10738
20201106

Bakgrunn

Livstidsprisar på kjæledyr

Hund, 158.340 kr

Katt, 99.200 kr

Undulat, 37.350 kr

Kanin, 16.150 kr

Tal frå Zmarta Group, 2017

Kjøkenet: May Linn Clement er 34 år og skal kjøpa det fyrste kjøkenet sitt. Målet er at det også vert hennar siste. Del 2 av 3

To arbeidarar er i gang med å demontera kjøkenet mitt og hiva det i ein container utanfor, og dei lurer på om eg vil ha dei to gamle dørene inn mot rommet. Ei går mot gangen og ei mot stova, den eine er 190 høg og 70 brei, den andre litt høgare og breiare, men begge er i same lakkerte treverk. Dei vart sette inn i 1960-åra, då huset vart renovert.

Kva tresort er desse dørene laga av, spurde eg ein gong far min, som er gamal båtbyggjar. Han studerte dei tett og snuste på dørene, før han gissa at det var bøk. Heilt sikker var han ikkje, noko som overraska meg. Eg trudde han kunne seia kva sort det var berre ved å sjå på trevirket. Nei, sa han, for å identifisera ein tresort må du bruka nesten alle sansane. Du må sjå strukturen, lukta treet og helst skjera av ei flis og smaka på vara. Det er ein fordel om du i tillegg kan ta på treet og kjenna vekta.

For fire år sidan vart det einaste badet i huset vårt pussa opp. I samband med operasjonen vart òg døra skifta ut. Frå ei lita, lekker, lyserosa dør til ei keisam kvit i standardmål. Den gongen visste eg ikkje at det var skilnad på dører. Ei innedør er ei innedør, tenkte eg. I dag veit eg betre. Den fire år gamle døra er den styggaste, simplaste og nyaste døra i heile huset. Eg veit ikkje kva ho er laga av, men eg mistenkjer at det er pappmasjé. Kjem det eit hakk eller ei rift i døra, noko det kjem om ein berre ser på henne, tyt det fram eit grått sår. Vaskar eg døra, veks såra. Eg anar ikkje kva ho kosta, ho berre var der då badet var ferdig, og bedrog med det kvite skinnet sitt. Kosta ho meg så mykje som 50 kroner, var ho ikkje verd det.

Shame on you if you fool me once. Shame on me if you fool me twice, syng LeAnn Rimes.

Svaret mitt til arbeidarane vart difor:

– Dørene på kjøkenet skal ikkje kastast.

Rommet er tømt og alt utstyr pakka i kassar plasserte rundt om i huset. I eit hjørne av stova har me etablert eit campingkjøken for fire veker. Kaffitraktar og ei enkel steikjepanne, skjerefjøl og skarp kniv. Det gamle kjøleskåpet får nett plass ved sida av pianoet.

LP-platene er pakka i esker, slik at hyllene kan husa havregryn og kaffi, fire tallerkar og fire ulike koppar.

– Sjå godt på denne, seier eg og gjev sønene mine kvar sin kopp.

Éin med Kardemommeby-trykk, ein annan med Paw Patrol.

– Denne koppen er den einaste du skal drikka av dei neste vekene.

I vindaugskarmen på badet, mellom duftlys og badesalt, står oppvaskbørste og Zalo.

– Dette er så koseleg, seier son min når han pussar tennene medan eg vaskar opp i same vesle vask.

Det skal ikkje stå på isolasjonen.

Det skal ikkje stå på isolasjonen.

Å sjå det gamle kjøkenet bli rive frå kvarandre og lempa i containeren er ikkje berre godt. Som lita var dette det finaste kjøkenet eg visste om. Hadde slottet i Oslo vore eit kjøken, ville det sett ut som dette. Skåpdørene med glasruter minte om vindaugo, og området rundt komfyren var bygd ut i rommet, som slottsbalkongen.

Då eg flytta hit for elleve år sidan, budde eg saman med besteforeldra mine. Begge var 90 år. Om kveldane sat me på kjøkenet og nippa portvin medan besto imiterte heimesjukepleiarane som hadde vore innom den dagen.

Ein morgon meinte ho kjøkenet burde piffast litt opp. Besto likte å pussa opp, gjerne på impuls. Det trong ikkje vera så grundig utført, det viktigaste var at det skjedde fort. Ein gong ho ville hurtigtapetsera stova, var det ingen heime som kunne hjelpa henne å flytta veggseksjonen. Ho tapetserte likså godt rundt seksjonen.

Denne gongen var det listene på kjøkenet som skulle få nytt liv. Som om det ikkje var nok dill på herskapeleg-kjøkenet hennar, hekla besto metervis med blondekantar og festa dei med superlim langs listene. Golvlistene.

Me budde saman i over eitt år. Fyrst døydde besto, besten nokre månader etter. Å kasta ut kjøkenet deira er litt som å fjerna dei frå heimen sin, ein gong til.

Det er ufatteleg kor fort dei jobbar, arbeidarane. Alt fyrste dagen vert golvet rive ned til berebjelkane.

– Dei vil me ikkje byta ut. Berebjelkar som har halde seg i over hundre år, er betre enn dei du får i dag, seier eine tømraren.

For å retta ut golvet set dei opp forsterkingar langs bjelkane, fjernar litt på toppane i eine hjørnet og byggjer tilsvarande opp i det motsette. For fyrste gong i levetida mi vert golvet både i vater og isolert. Når me fyrst gjer dette, isolerer me der me kan. Det skal ikkje stå på Glavaen.

Taket vert rive ned og fylt med isolasjon. Soverommet vårt er like over kjøkenet, og isolasjonen vil dempa lyden oppover. Ytterveggane vert bygde inn 10 centimeter og etterisolerte.

Før veggar og tak vert dekte med gipsplater, skal elektrisiteten på plass. Det er her elektrikaren Lisbeth kjem inn i biletet. Ho syter for at ledspottane i taket vert plasserte på den mest praktiske staden. Eg er fyrst skeptisk når ho skisserer dei opp, berre 50 centimeter ut frå veggen.

– Bør dei ikkje vera litt lenger ut i rommet?

– Nei, då vil du bli plaga av din eigen skugge når du står og lagar mat, seier Lisbeth.

Eg har mykje å takka Lisbeth for. Hadde det ikkje vore for blikket hennar, ville ein kollega – med mitt samtykke – montert ein spott like over ventilatoren. Det ville teke seg dårleg ut, både på bilete og ved matlaging.

– Det eg i staden gjer, er å montera opplegg til ein spott der. Om du ein gong i framtida ynskjer å ha lyset der likevel, så er alt klart, like bak gipsplata.

Eg likar måten Lisbeth tenkjer framover på, og at ho gjer val eg heilt openbert ville gjort annleis. Ikkje fordi me har ulike meiningar, men fordi eg ikkje kan faget hennar.

Det finst ei vrangførestilling hos dagens menneske. Me trur me kan gjera alt sjølv. Utstyrt med ei boremaskin og eit vater vert me brått dugande snikkarar. Utan kompetanse, særleg interesse eller noka form for estetisk sans vil me helst pussa opp kjøkenet heilt på eiga hand, og trur at resultatet vert bra. Kvifor? For å spara pengar, sjølvsagt. Halvparten av oss kjøper kjøkenbyggjesett på Ikea, som legg opp til at ein skal betala så lite som råd ved å teikna det opp og skru det saman sjølv. Kor mange kjøken dei sel, seier ikkje Ikea, men i 2013 kunne dei melda om at berre det eine varehuset deira i Noreg selde 52 kjøken kvar dag.

Ein ting som går att på desse «me har gjort alt sjølv»-kjøkena, er at dei ikkje er praktiske. I dag har ikkje fyrstegongskjøkenkjøparar gått på husmorskule eller på anna vis lært seg kva eit kjøken bør innehalde. Og når dei som sel kjøken, heller ikkje har peiling, kan det resultera i at me kjem over saker på nettet om folk som endar opp utan ventilator over komfyren. Ingen i heile prosessen hadde tenkt at det kunne vore greitt at matosen gjekk ut ein stad.

Kor gjekk det gale? Då me byrja å biletgoogla «kjøken» for å få inspirasjon, i staden for å lytta til dei som kan kjøken?

Før Instagram og Pinterest fortalde oss korleis livet innanfor husets fire veggar kunne sjå ut, hadde me husmorfilmar som gjorde jobben. Dette var ein serie på i alt 26 heilaftans reklamefilmar som vart laga frå 1953 til 1972, og som retta seg mot norske husmødrer. Ein av desse er Slik vil vi ha det, som tek føre seg ulike produkt ein treng i eit moderne husvære anno 1955. Plottet er slik: Fyrstepremien i Husmorlotteriet er eit treroms husvære innreidd av to store stjerner på 1950-talet, Rolf Kirkvaag og Eva Bergh. Kirkvaag er grasenkjemann for tida, så å vera ute med Eva heile dagen passar han utmerkt. Ho er den kunnige husmora med sans for alt det praktiske, han er mest oppteken av å få ein god lenestol i hus. Men han lærer.

«EB: Kirkvaag, nå skal jeg stille deg på en liten prøve. Skal et kjøkken være ensfarget?

RK: Ikke tal’ om. Vi skal ha farger, friske farger! En husmor skal da ha det trivelig der hun oppholder seg mesteparten av dagen

På opplysande og underhaldande vis tek filmen oss gjennom alt frå arbeidstrekanten (komfyr, vask og arbeidsbenk i fin harmoni), via læra om korleis nyvinninga kjøleskåpet fungerer (kvifor det er kaldast nede og varmast oppe, som er like aktuelt i dag), til kva golv som høver seg best på eit kjøken (linoleum – slitestekt og rimeleg).

Det overordna målet med reklamefilmen er – i tillegg til å selja – å gjera kvardagen lettare for husmora. Framleis må golva reingjerast kvar bidige dag, men det vert ein leik med Lustramoppen!

Dei klassiske kjøkena frå 1950- og 1960-åra var fulle av praktiske detaljar. Alt var der av ein grunn, og ingenting var tilfeldig i innreiinga.

Ein del har endra seg i kjøkenbehova våre frå den tida og til i dag. Mellom anna har alle kjøleskåp, det vert ikkje sett på som luksus. Å ta med ein veggmontert varmtvasstank i planlegginga av nytt kjøken er det ingen som gjer lenger. Men me vil ha plass til noko som heiter oppvaskmaskin, som ikkje var utbreidd då Kirkvaag og Bergh sette standarden for ei moderne husmor.

Dørene har slamra sidan 1962 og held sikkert i 58 år til. Eg skal i alle fall ikkje kasta dei ut før eg må.

Det er over tre månader sidan eg sat i villaen på Skjold og valde korleis kjøkenet mitt skulle sjå ut. Pristilbodet kom veka etter. Du lurer på kva det kostar, ikkje sant? Slik er det med kjøken, me vil vita kva det kostar.

Alle skroga, innmaten, frontane og handtaka kostar like mykje som å eiga ein hund heile levetida hans.

Disken i rustfritt stål og alle kvitevarene kostar like mykje som ein katt, og benkeplata i eik det same som ein kanin. Frakt og montering av denne dyrehagen ligg i same prisklasse som ein undulat. Det gjev oss ein sluttsum på 313.910 kroner, og då treng eg verken gå luftetur i regnet eller få kattehår i maten.

Innreiinga er laga ved ein snikkarverkstad i Sverige og deretter frakta til Bergen. Der står det lagra fram til kjøkenrommet er heilt klart for innflytting.

No sit eg på det sjakkruta vinylgolvet i eit tomt rom. Veggane er måla sennepsgule, i ein lys valør eg myste meg fram til saman med fargeprøva av dei lyseblå frontane. Gul og blå, det ville Rolf Kirkvaag likt.

Aldri før har det vore så mange stikkontaktar på desse veggane. Aldri før har det vore så lunt her. Aldri har eg kunna leggja ein ball på golvet utan at han på ein, to, tre låg i hjørnet mellom dei to dørene som kanskje er i bøk. Aldri før har desse dørene passa betre inn. Dei har smelt og gått i 58 år. Me er elleve barnebarn som har svinga oss etter handtaka her. Eg kjeftar på sønene mine når dei gjer det same.

– Tenk at nokon lurte på om eg ville kasta dykk, då, seier eg til dørene.

No kan kjøkenet berre koma.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar i Dag og Tid.

Les fleire artiklar i serien:

Del 1:«Eit kjøken som kler huset»

Del 2: «Hjarteromoperasjonen»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis