🎧 Griseflaks
Etter ei natt i historiske omgjevnader set vi kursen mot Windsor.
The Olde Bell i Hurley viste seg så å vere Englands eldste hotell, grunnlagt i 1135. Her har både Winston Churchill og Elizabeth Taylor vore innom.
The Olde Bell i Hurley viste seg så å vere Englands eldste hotell, grunnlagt i 1135. Her har både Winston Churchill og Elizabeth Taylor vore innom.
Nei, slik ein griseflaks. I går kveld stod Dale og eg molefonkne på elvebreidda av Themsen i den vesle landsbyen Hurley, som knapt kan kallast ein landsby, det var ei klyngje av grå hus og ei steinkyrkje, og alt låg midt i ingenting. Mørkeret fall som ein jutesekk om oss, det var råmen luft og vått i graset, og vi kjende begge uvilje mot å slå opp teltet. Der stod vi, altså, i tussmørkeret, og eg leita fram telefonen for eit siste fortvila forsøk, og for å gjere ein lengre historie kort: Vi fekk rom på puben The Olde Bell (di-åldi-bell).
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.