JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

– Å, om me var del av Vestlandet

BJØBERG: I snart 200 år har høgfjellsgarden øvst i Hemsedal gjeve ly til farande i fjellet. Ivar Aasen og Fridtjof Nansen tok inn her. Men hovudnæringa til bjøbergingane er sau og rein.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå venstre: Helene Astrid Hillestad Brennhovd, Matilde Skare og Hanne Karoline Skrede frå Ulsok i Hemsedal har vore på dialektleir på Torsetstølan og er aktive i Hallingdal Målungdom. Bak ser ein elva Hemsil, som har gjeve dalen namn.

Alle foto: Håvard Rem

12329
20220715

Langfjella

Del 4. Hemsedal

I sumar fer Håvard Rem i Langfjella, frå Hjerkinn i nord mot Sirdal i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i målskilje og kulturskilje, vasskilje og vêrskilje.

24. juni. Del 1. Hjerkinn

1. juli. Del 2. Lesja

8. juli. Del 3. Lærdal

Gode lesarar og lyttarar. Takk for alle helsingar undervegs. Langfjella-serien held fram til hausten. God sumar!

havard@dagogtid.no

Fem stupbratte mil frå salte Sognefjorden går fylkesgrensa mellom Vestland (før Hordaland) og Viken (før og snart Buskerud). Skiltet på høgfjellet markerer meir enn eit fylkesskilje.

Her aust for Eldrevatnet (1110 moh.) går vasskiljet og vêrskiljet, målskiljet og landsdelsskiljet.

Vestland austafjells

Mørkedalen er fyrste dalen som ventar meg austafjells. Han ligg heilt nord i Hemsedal, som ligg heilt nord i Hallingdal. Få minutt frå fylkesgrensa svingar eg av riksveg 53, inn på tunet til den avsidesliggjande høgfjellsgarden Bjøberg (1014 moh.).

Eigedomen går opp til vasskiljet. Vêrskiljet ligg mindre fast. Det bles ein vestlandsk vind på Bjøberg, berre ei halv mil og 100 høgdemeter frå fylkesgrensa. Næraste tettstad austafjells ligg mykje lenger borte. Det er 25 kilometer og 400 høgdemeter ned til Hemsedal sentrum (604 moh.). Kring høgfjellsgarden er både vêret og målet prega av nærleiken til Vestlandet. Guro Sandvik, frua på Bjøberg, fortel:

– Det vert gjerne ikkje så kaldt på Bjøberg som nedi dalen. Midtvinters kan det vera minus ti her når det er tretti minusgrader i Hemsedal.

Det vil seia, på graderstøkken ved inngangsdøra, høvesvis «Ha på re føslutn» (Ha på deg ullsokkane) og «andæbært» (så sprengkaldt at ein ser anden sin). Her oppe kjem eit siste varmt pust frå Golfstraumen. Der nede kjem eit siste kaldt pust frå Sibir.

Sumarstid er det gjerne motsett – kaldare her enn der. Når eg dreg ned til Hemsedal for å møta Hallingdal Målungdom, stig temperaturen seks grader.

Storvegen

Korleis kom det til å bu folk her heile året? «Bjøberg er den høiestliggende faste menneske-­bolig i Norge», heiter det i ei Reisehaandbog frå seint 1800-tal.

Sist på 1700-talet kom ein kar frå Ål til grender lenger sør i Mørkedalen for å læra borna der å lese og skriva. Så godt likt var den lærde ålingen at bygda gav han ein støl, som han rydja til ein gard, før han fór heim, og ein annan åling tok over. Bygdeboka fortel: Med kone og to småborn heime på høgfjellsgarden drog han og teneste­guten «ein dag i november 1817 burt i fjellet vestafør Bjøbergo for å henta noko reinskjøt. Dei vart ute for uvêr og sette livet til. Vart ikkje attfunne før neste sommar, den 6-9-1818 vart dei gravlagde».

Så kom ein tredje åling for å freista lukka på høgfjellsgarden. Slekta hans vart her i meir enn hundre år. Andre helvta av 1800-talet var ein gullalder på Bjøberg. Det byrja med merkeåret 1844 då køyrevegen over Hemsedalsfjellet stod ferdig. Over Filefjell kom veg alt i 1793, den fyrste køyrevegen mellom Aust- og Vestlandet, men vegen over Hemsedalsfjellet, Storvegen, som han vart kalla, var kortare.

Samstundes tok sonen over, Knut Bjøbergo (1821–1902), ein driftig kar som dreiv her i nær 50 feite år. Minst like boklærd som forgjengarane vart han valmann og heradsstyremedlem og nytta mogleikane den nye vegen opna. Bjøberg fekk ansvar for vedlikehald av vegen, vart postskifte, fjellstove med statleg stønad og skysstasjon med fleire hestar. Knut reiste dei staselege husa ein framleis ser frå riksvegen. I ei ferdabok frå 1874 heiter det om Hallingdal: «Paa Næs og Bjøberg er meget godt Kvarter; Tuf [Tuv] gaar an, de øvrige Skifter ere elendige.»

«Einsløngt»

Storvegen var nokså ny då Ivar Aasen (1813­–1896) kom gåande til Bjøberg ein sumardag i 1852. Same året skreiv han «Ny Ordsamling fra Hallingdal og Ringerike» med eit uttrykk som høver om Bjøberg: «einsløngt, afsides liggende, isoleret». Han noterte: «Mørkedalen, med mange Sætrer.» Ein heilårsgard tusen meter over havet var sjeldan. Fjellmålet likte han. Medan han fann dialektane i Ringerike «ofte forvanskede eller læmpede efter det nyere Sprog», rekna han hallingmålet mellom dei «ægte Dialekter».

I 1864 kom Aasen attende til høgfjellsgarden, «siste stoggen austom Langfjella». «Det var almindelig Tale blandt Reisende, at de skulde til Bjøberg til Natten», heitte det i ei ferdahandbok på den tida. No losjerte Aasen i lag med kunstnarar, og han skreiv sjølv kunstnarleg frå ferda: «... upp yver Bjøberg ligg snjoen trått, / læst ikkje vilja brådna brått, / men når eg kjem ei mil i vester, / hallar det undan, og skogen seg fester.»

Skijubel

Vitskapsfolk budde her òg. Motsett veg av Aasen, ein mannsalder etter, i januar 1884, kom Fridtjof Nansen hit over fjellet frå Vestlandet. «Neste morgen bar det videre over [fjellet] mot Bjøberg», skreiv han. Frå dei øvste vatna såg han dei øvste dalane byrja å opna seg. Om lag der vasskiljet går i dag, gjekk breskiljet i istida. Kvar dal opnar seg i tre rørsler, rørsler som avtrykk frå brear i rørsle: 1) Dalen fell, frå til dømes 1100 til 1000 moh. 2) Dalsida svingar horisontalt, gjerne mot sør og søraust. 3) Dalsida svingar vertikalt òg, frå topp til botn.

Vinterstid inviterer dei tre rørslene til å gli av garde på ski. For eit syn dei søraustvende fallande kurvene må ha vore for den 22 år unge Nansen som hadde slite seg opp frå ferjeleiet i Lærdalsøyri (0 moh.), med skia dels på ryggen, dels i slep etter seg, dels på beina. Han var på veg frå eit regntungt Bergen til Kristiania for å tevla i Husebyrennet, forlauparen til Holmenkollrennet.

Endeleg var han øvst i Langfjella: «Ved middags-tider nådde jeg Bjøberg.» Og då Knut «Bjøberg-kongen» på 63 år skjøna at guten kunne betala for seg, vanka det kjøt og raudvin, sigar og sherry, og børse og patronar til rypejakt. Men Nansen spente motviljug på seg skia, han laut rekka Husebyrennet. Det gjekk trått no: «Drikk ikke sterkt og røk ikke, når du har langt å gå. I dag hadde jeg gjort begge deler; men jeg følte det også som bly-lodder i bena.»

Det er bratt ned mot Tuv (649 moh.). Ungdomen var leiken. «Jeg la veien over høyder og topper; det var vel ingen snarvei nettopp; men på ski fikk en da stå, og det var jo hovedsaken», skriv han, «Det jubler inne i en.»

Men han var forundra over å vera åleine i fjellet: «Men så døtt og øde! — ikke en ski-løper, ikke et ski-far å øyne på noen kant. Fantes her da ikke mennesker? Jo, det var jo mange gårder; men mennene sover nok mest om vinteren på denne kanten av lannet. Gårdene står mørke og livløse på den hvite snøen, bare røken stiger lat opp igjennom pipene. Kvinnfolkene arbeider, mens karfolkene sitter inne og henger; utenfor er det sprettende ski-føre, i fjellet er nok av vilt. For et vinter-liv her kunne leves, hvis de bare lærte å bruke skiene ...»

I dag syter skibakkane for at Hemsedal gjennom ein vinter har ein halv million gjestedøger.

Høns, sau, rein

Men til Bjøberg kom tunge tider. I 1908 var det slutt på postruta over Hemsedalsfjellet. Året etter kom Bergensbanen til Gol og tok mykje av ferdsla. Då son til Knut, Eirik Bjøberg, døydde brått og barnlaus i 1921, var det slutt på hegemoniet til ålingane som hadde drive på Bjøberg sidan kring 1800. Så kom bussrutene og bilane og gjorde ende på hestehaldet òg. Ferda gjekk snøggare. Folk klarte seg utan ei fjellstove.

Etter å ha skifta eigarar eit par gonger i 1920-åra vart høgfjellsgarden kjøpt av slekta som driv der no. Olav J. Dokk vart eigar i 1930, son hans Jæger Dokk tok over i 1959. Nevøen til sistnemnde, Runar Olav Sletten Bjøberg, tok over i 1986, og driv garden i dag i lag med kona Guro Sandvik og son deira, Sondre.

Som i gamle dagar på Bjøberg har dei mange bein å stå på. Dei har ti soverom og tjuefem sengeplassar til utleige, for éi natt eller mange, og kjøken der gjestene lagar maten sjølv, for det har ikkje Guro tid til, ho driv snikkarverkstaden på Bjøberg. Mest nytta er fjellstova om vinteren, med dagleg oppkøyring av skiløyper inn i fjellheimen. Her er hønsehus og tre bikkjer. Her er sauefjøs med 180 lam og hundre vinterfôra sauer. Og eit lite slakteri. Det siste har samanheng med den eldste næringa i fjellet, og framleis den viktigaste for bjøbergingane – rein. I lag med fire andre grunneigarar forvaltar dei ein vinterstamme på 3000 dyr.

Dialekt

Korleis har det gått med målet Aasen samla her sumaren for 170 år sidan?

Vel, i utkanten er det ein pris å betala for slikt som elles vert rekna som gode: heftig turisme, ein attraktiv arbeidsmarknad, tilflytting frå inn- og utland, god demografisk utvikling og austafjelsk nærleik til Oslo-gryta. Ein del andre stader held dialekten seg betre av di det mest er eldre att i bygda. Her har dialekten vore vatna ut av vikværsk, og jamvel om Viken vert avvikla, vil nok utviklinga halda fram.

Men i Hallingdal finst motkrefter. I Hemsedal har ein no i fleire sumrar skipa dialektleir for unge som vil halda på målet. Helene Astrid Hillestad Brennhovd, Matilde Skare og Hanne Karoline Skrede er dessutan aktive i Hallingdal Målungdom, jamvel om dei berre er 14–15 år gamle. Nei, det er ikkje lett å driva ungdomslag i ein dal utan vidaregåande skule. Alt som 16-åringar flyttar mange frå heimstaden.

I fjor haust kunne jentene feira ein stor siger. Då Hemsedal kommune heldt folkerøysting om målet i skulen, vart det fleirtal for eit dialektnært mål: nynorsk.

Men alt i februar vart sigeren vend til nederlag. Med knappast mogeleg margin sette kommunestyret folkerøystinga til sides og avgjorde at skulemålet i Hemsedal likevel skulle vera bokmål. Slik kunne ein spara pengar.

Talemålnært

For dei som har gløymd det: Jentene er i ein alder der ein lettare kan bytta mål. Helene og Matilde nyttar dialekt, ihuga og lett knotande, medan vikværske Hanne vurderer å skifta. Ambisjonen deira liknar oppmodinga på ein plakat som hang i klasserommet då eg gjekk på ungdomsskulen: «Snakk dialekt, skriv nynorsk.»

I mellomtida har det kome til eit uttrykksmiddel som ligg ein stad mellom skrift og tale: sosiale medium.

– Kva gjer de på SMS, spør eg.

– Då nyttar me nynorsk, seier Matilde.

– Skriv de då e eller eg?

Eg, seier Helene, og legg til:

– Men bestemor skriv fullt halling i meldingar.

– Eg tykkjer hallingmålet liknar på nynorsk. Difor er det like greitt å skriva nynorsk i sosiale medium òg. Det er betre enn ei blanding, seier Matilde.

Hanne fortel på austlandsk:

– Same kven eg skriv til, skriv eg nynorsk. I samband med folkerøystinga argumenterte somme med at utlendingar ikkje skjønar nynorsk. Men folk som ikkje er heilt norske, skjønar kva eg skriv. Ingen av dei har klaga, jamvel om dei sjølve ikkje har nynorsk som hovudmål. Og då er det jo litt merkeleg at dei som er heilt norske, byrjar å klaga med ein gong det kjem eit nynorsk ord på tavla.

Framtida? Om eit år eller to forlèt dei bygda. Journalistikk er eit yrke eit par av dei vurderer. Ei av dei arbeidde i lokalavisa i arbeidsveka. Når dei høyrer at det finst ei nynorsk journalistutdanning på Vestlandet, sukkar dei i kor:

– Vestlandet ...

Dei fortel om ferda til Bergen der dei var deltakarar på ein nynorskkonferanse. Så kom dei heim til ein kommune som ignorerte resultatet i folkerøystinga. Dei sukkar nok ein gong:

– Nei, me skulle ha vore ein del av Vestlandet.

Attende på Bjøberg

Om kvelden i stova på Bjøberg ser eg føre meg at Ivar Aasen og Fridtjof Nansen dukkar opp att, den eine mindre nøgd med utviklinga enn den andre. Målsamlaren må medgje at ein ikkje lenger kan rekna hallingmålet mellom dei «ægte Dialekter», og at det heller ikkje ser ljost ut når skulen no etter 85 år med nynorsk legg om til bokmål.

Nansen er derimot godt nøgd. I ein dal der han ikkje fekk auga på eit einaste skifar, er det no skibakkar overalt. Om det gjeng utfor med målet, har skileiken vorte levebrød.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om det gjeng utfor med målet, har skileiken vorte levebrød.

«Hvis de bare lærte å bruke skiene ...»

Fridtjof Nansen om hemsedølane

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis