Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 11.12.2018

Gå til toppen

Toppen

Etterlyser norsk reaksjon

| Den 3. august 2018

Etterlyser norsk reaksjon

Båten «Kårstein» på veg til Gaza. Den norske skøyta vart seinare borda av styrkar frå den israelske marinen. Foto: Ship to Gaza Norway

Havrettsjurist Alla Pozdnakova meiner at Israels bording av den norske båten «Kårstein» er eit brot med folkeretten, og at norske styresmakter burde protestere.

Den norskregistrerte båten «Kårstein» vart sundag kveld borda av soldatar frå den israelske marinen då han var på veg mot Gaza med medisinsk naudhjelp. Båten segla under namnet Al Awda og var del av solidaritetsorganisasjonen Ship to Gaza Norway, som jobbar mot den israelske blokaden av Gazastripa. Båten vart ifølgje NTB borda 53 nautiske mil frå kysten, i internasjonalt farvatn.
Alla Pozdnakova er professor ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo, og har spesialisert seg på havrett.
– Kven har rett til å borde eit skip i internasjonalt farvatn?
– Her er det heilt klart at seglingsfridom gjeld. 53 nautiske mil unna kystlina er det ikkje lov å stogge skip under framandt flagg, med mindre det skulle vere mistanke om sjørøveri, narkotikasmugling eller andre unntak frå alminneleg folkerett. Sjølv om Israel ikkje er part i havrettskonvensjonen, er dette folkerettsleg sedvane som er bindande for alle statar.

Les heile kommentaren i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa