Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.11.2018

Gå til toppen

Toppen

Ein pris mot mikrotyranni

| Den 5. juli 2018

Når ein kar som Donald Trump er nominert til Nobels fredspris av Frp-politikarane Christian Tybring-Gjedde og Per-Willy Amundsen, er det ikkje underleg at nokon ser etter alternativ. Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) har såleis nominert #metoo-rørsla til den same prisen. Eitt er sikkert: Fredsprisen blir aldri delt mellom desse kandidatane.

Framlegget frå Hauge er interessant, sett bort frå problemet med nett kven som skal ta imot prisen, for #metoo kan vera alle og ingen. Dette er vel òg styrken til #metoo. Fredsprisen kunne tvinga fram ei organisering som vil gjera denne rørsla meir formell og ansvarleg, men difor òg meir blottlagd og sårbar. Ein fredspris kunne gje motkreftene handfaste mål.

Anniken Hauglie nominerte ikkje #metoo som våpen i julebordsstria i den rike verda. Ho argumenterte med at ein systematisk i krig og konflikt bruker valdtekt og misbruk av kvinner og born som våpen. I fyrste omgang kan det verka som litt av ein omveg å gje prisen til denne vestleg-urbane rørsla dersom det er dei aller armaste og mest utsette ein vil nå, til dømes i Afrika og Midtausten.

Men ettertanken seier at det kan hende ikkje er så dumt likevel. Me veit kor lite fred mellom nasjonane, verdsfred, er verdt for dei som møter terror, tyrrani og overgrep i eigen heim, i omgangskrinsen, i kyrkja eller på partikontoret. #metoo har vist seg særs effektivt mot overgrep i lukka rom. Prisen kunne hjelpa rørsla å breia seg i retning av den uttalte og eigentlege målgruppa. Finst det betre alternativ mot mikrotyranni enn #metoo?
Nobels fredspris frå Noreg til #metoo vil ikkje minst møtast med interesse i Svenska Akademien, som er paralysert dette året – takk vera #metoo-avsløringane frå den inste Nobel-krinsen der.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa