Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 26.06.2017

Gå til toppen

Toppen

Ei vinterreise

| Den 9. januar 2014

Ei vinterreise

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Stadig meir gods går på veg. Det er liksom lettaste løysinga – for alle andre enn dei som skal levere. 

Motoren går, men traileren eg sit i, flyttar seg ikkje. Det er mørkt og har vore det lenge: Klokka nærmar seg ni. Ein mann med refleksvest og raudt lys i handa har stoppa oss før ei tunnelopning mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Sjåfør Gudmund Furnes rullar ned vindauget.

– Er tunnelen stengd? spør han mannen i refleksvesten. Han er ikkje særleg pratesjuk, eller kanskje høyrer han ikkje så godt. Gudmund må ta opp att:

– Kvifor er det stengt? Vert det lenge å vente?»

– Det er visst ein elektrikar inni der, svarar mannen i vegen omsider og peikar mot tunnelen.

– Vert det lenge å vente? tek Gudmund opp att.

– Hæ?

– Må vi vente lenge?

– Nja … Nei då, eit kvarter kanskje. Mannen dreg på det.

– Eit kvarter her og eit kvarter der, sukkar Gudmund og rullar opp att vindauget.

– Vi får ta oss ei skive.

Det er ikkje fyrste skiva vi et denne dagen. Heller ikkje fyrste kvarteret vi står stille og ventar. Det som skulle vere ein grei tur frå Førde via Årdal til Holmestrand, med gode vêrmeldingar og berre vegar, vart eit langdrygt døme på utfordringar som forplantar seg. Velkomen til vintertransport på vestlandsvegar.

Stein i vegen

Sikkert som mørkret om vinteren er det at vegkantane vert fulle av vogntog. Utanlandske bilar med dårlege dekk får mykje av skulda. Men korleis er det eigentleg å føre femti tonn gods og bil kringom på norske vegar? Kan det vere ei utfordring med norsk utstyr òg?

Gudmund Furnes’ utfordringar startar alt før han har trilla ut frå terminalen til arbeidsgjevaren Kårstad transport ved E39 utanfor Førde: Det har gått ras langs den vegen vi eigentleg skulle køyre, ved Jølstravatnet. Store steinar midt i vegen som ikkje vert opna eller rydda før ein geolog får godkjent fjellveggen. Rasstaden var tilsynelatande ferdigsprengd for lause steinblokker førre vinter. Det skulle ikkje rase meir her.

Kanskje var det ingen som hugsa å fortelje dette til fjellveggen. Steinblokkene kom i alle fall ned, og det tyder ny arbeidsdag for Gudmund og meg. Vegen må no gå sørover, om Høyanger, Balestrand og ferja frå Dragsvik til Hella. Men før ferja vert det ein avstikkar: Skipsverftet i Leirvik ventar på ein traktor, og Gudmund får jobben.

Resten av artikkelen kan du lesa i papiravisa

 

knapp knapp