Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.09.2018

Gå til toppen

Toppen

Det umisselege

| Den 11. mai 2018

Det umisselege

Teikning: May Linn Clement

Det hender eg blar meg ned gjennom kommentarfelta i nettdiskusjonar. Det kan vera ei rystande oppleving. Argumentasjon og usemje blir avløyst av skjellsord og stundom trugsmål.

Eg hugsar nokre linjer frå nyleg avdøde Arnold Eidslott: «Jeg flykter til katakombene/ Demagogens bakhold skremmer meg/ Han er uten ansikt og Stefanus steines». Det finst ein vilje til vald, nede i desse kommentarane, som gjer at ein får lyst til å røma.

Slår ein tilbake med same mynt, har ein i alle fall tapt. Det kan vera meir fruktbart å ta eit steg tilbake og spørja kva vi er redde for, og i neste omgang kva slags verdiar vi kjenner blir utfordra. Kva er det umisselege, det vi ikkje kan greia oss utan? Det er noko slikt ein har freista i fleire land, ved å freista å setja opp ein kanon av det som tyder mest for oss.

Her til lands har ikkje denne diskusjonen hatt same offisielle preg som til dømes i Danmark. Ein grunn til det er at talen om norske verdiar og norsk kultur blir kuppa av det nye populisthøgre. Motivet for å definera fellesverdiar er i denne ideologiske verda først og fremst å skapa skarpe skilje mellom det norske og det framande, for i neste omgang å ringja med alarmklokkene fordi det kjem folk hit med feil verdiar, folk som trugar det gode norske samfunnet og våre verdiar, som er dei beste i verda.

Å vedkjenna seg tru på norske, tradisjonelle eller kristne verdiar, blir argument for å senda flyktningane attende der dei kom frå. I ein slik atmosfære er det ikkje hyggeleg å sitja i eit utval som skal greia ut om den norske kanon.

Den gylne regelen
Eg vil likevel peika på ein verdi som eg ser på som umisseleg. Det er ikkje ein særnorsk verdi, langt derifrå, derimot er det ein verdi som ofte møter oss i teologisk språk. I nyare etisk refleksjon er dette ein nøkkelverdi. Det handlar om å ta inn over seg situasjonen og smerta til den andre. Å sjå den andre, sjå konfliktane og påkjenningane til andre, og velja handlingar ut frå desse innsiktene er den grunnleggjande innsikta i etikken. I religiøs kontekst snakkar ein om den gylne regelen og ansvaret for nesten.

I filosofisk etikk snakkar ein om det kategoriske imperativ; at handlingane skal tola ei samanlikning med situasjonen til dei andre som er involverte. Og i nyare etikk snakkar ein om at ein skal møta den andre ansikt til ansikt, og den forpliktinga som ligg i det.

Dette kan høyrast sjølvsagt ut, når det er forankra i så mange og sterke etiske tradisjonar. Men dette er ein verdi som er utfordra. Han blir utfordra så snart ein skaper fundamentale skiljelinjer mellom si eiga gruppe og dei andre.

Dei og oss
Dette skjer på mange område. Det skjer i kriminalpolitikken, når ein skaper skarpe skilje mellom «dei kriminelle» og oss andre. Noko av det mest skremmande ved amerikansk kriminalpolitikk er at ei slik inndeling ser ut til å prega tankegangen. Den alt anna enn lovlydige presidenten seier gjerne om folk og folkeslag han ikkje likar, at dei er kriminelle. Det tyder: Dei er av eit anna slag enn oss. Difor må dei finnast og isolerast så snart som råd, og difor har ein også skapt ein industri av fangeleirar, naturlegvis i privat regi.

Tanken om å føra dei tilbake til samfunnet etter enda straff, står svakt i denne praksisen. Og tilhengjarane av det skarpe skiljet mellom kriminelle og menneske får ideologien sin stadfesta: Dei kriminelle held fram med lovbrot, og dei blir sosialiserte inn i kriminelle miljø. Det går få vegar tilbake til samfunnet. Frå eit etisk synspunkt vil ein seia at dette er ein konsekvens av menneskesynet: Dersom ein ser på kriminelle som ikkje-humane, lukkar ein dei ute i utgangspunktet.

Psykiatrihistorie
Eit anna område der det skarpe skiljet mellom dei og oss har kome til syne, er i den dystre historia til psykiatrien. Særleg i eldre tid er det lett å sjå at ein såg på psykisk sjukdom som noko ikkje-humant, noko utanfor det menneskelege. Difor kunne ein også finna på kurar som ein ikkje ville utsetja vanlege menneske for: kalde bad, insulinsjokk, lobotomering, og så vidare.

Den underliggjande premissen var at dei sjuke – dei galne, som ein sa – hadde forlate det menneskelege og difor ikkje hadde krav på menneskelege vilkår. Dette er ikkje heile historia om psykiatrien, men det er ein del av ho. Det er ei viktig innsikt i psykiatrien at skal ein hjelpa, må ein anerkjenna den andre som grunnleggjande lik seg sjølv, ein må forstå lidinga og avviket hans som noko ein kan kjenna att i seg sjølv, ein reaksjon ein sjølv kunne hatt, under andre omstende.

Ansvar

I møte med dei store katastrofane i verda må ein også halda fast ved dette. Sjølv om ein ikkje kan hjelpa alle, og kan kjenna på stor maktesløyse i møte med dei store internasjonale krisene, er det alltid ei freisting å kvitta seg med problemet ved å seia at dei som ulykkene råkar, er ein heilt annan kategori menneske. Dei er ikkje som oss, difor er vi fritekne for alt ansvar.

Når den politiske diskusjonen i Noreg er blitt ubehageleg, handlar det også om dette. Tendensen er at ein underkjenner kvarandre, lukkar seg inne i ulike ideologiar og ikkje godtek den andre. Det er det same mistaket som ligg til grunn: Ein nektar å ta innover seg den andres humanitet, og kjenner seg difor fri til å sjikanera og truga med vald.

Desse døma viser at vi meir enn nokon gong må øva oss i å ta innover oss det menneskelege i posisjonar og grupper som står eit stykke frå oss. Sluttar vi med det, kan vi stå ved slutten av ein human og sivilisert politikk.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa