Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 23.06.2018

Gå til toppen

Toppen

Det starta med Rushdie

| Den 16. januar 2015

Det starta med Rushdie

Satirisk religionskritikk råkar eigenleg ikkje trua eller den einskilde truande, korkje muslimar eller kristne. Han råkar presteskapet som sit med makt over sinna og nokre stader òg med statsmakt. 

Korleis kan menneske svara på latterlege teikningar med massedrap?

På overflata er det absurd at noko så uviktig som karikaturar skal føra til organisert vondskap som nedslaktinga i redaksjonslokala til Charlie Hebdo og gisseltakinga og morda i den jødiske butikken ved Porte de Vincennes. Men under overflata ligg ei rad uløyste problem som i ekstreme utslag leier mot terror.

Heimsøkinga

Massakrane i Paris står i ein større samanheng som går heilt tilbake til  oppløysinga av Det osmanske riket under den fyrste verdskrigen, då Frankrike og England tok over styringa av Midtausten, og islamsk fromskap og fundamentalisme vart sette opp mot vestleg økonomisk og kulturell overmakt.

Eit anna viktig tema er den nyare internasjonale migrasjonen, som skapte store muslimske diaspora, der delar av ein ny innvandrargenerasjon ikkje har vorte godt nok integrert, korkje økonomisk eller kulturelt. Såleis vart den gamle konflikten mellom islamske verdiar og vestleg kultur flytt frå Midtausten til Europa.

Frå Kabul til Paris

Gjennom ei rekkje krigar sidan Afghanistan i 1979 har motsetninga mellom vestleg og islamsk kultur vorte militarisert gjennom ei radikalisering som på eitt plan har gjeve oss ein væpna kulturkonflikt som strekkjer seg frå Kabul til Paris.

I eit slikt stort perspektiv kunne ein seia at historia er ein nidkjær Gud som heim-søkjer imperialismens misgjerningar på born inntil tredje og fjerde ledd, som det heiter i Exodus.

Men det er òg eit anna like viktig perspektiv: Det går ei line frå Paris-massakrane attende til den iranske prestekongen ayatollah Khomeinis oppmoding i 1989 til alle muslimar i verda om å drepa forfattaren Salman Rushdie.

Sjølvsensur

Alle er mot drapa i Paris. Men ikkje alle er tilhengjarar av satiriske bilete og teikningar som råkar openberringsreligionane. Leiaren av Islam.net, Fahad Qureshi, reiv i stykke framsideteikningar frå Charlie Hebdo for open skjerm på TV 2 medan dramaet i Frankrike enno gjekk føre seg.

Den katolske presten Haavar Simon Nilsen seier at han skjønar dei muslimane som kjenner seg krenkte av teik-ningar som harselerer med Gud, og meiner sjølv at det er feil å laga og publisera slike teikningar. Den kristne avisa Vårt Land skreiv på leiarplass at dei ikkje ville trykkja teikningar frå Charlie Hebdo, sidan dei ikkje ville håna trua til muslimar.

Åtvaring

Problemet med denne kritikken av satirisk praksis er ikkje berre at han kjem samstundes med at ein ber ut lika av myrda satirikarar. Problemet er òg at dei satiriske teikningane symboliserer all kritikk av organisert religion.

Det er ikkje noko uoverkomeleg langt steg frå fordøming av karikaturar til fordøming av religionskritikk i det heile. Difor er kritikken av satiren samstundes ei åtvaring mot all religionskritikk, jamvel om satirekritikarane kanskje ikkje meiner det slik. Den underliggjande bodskapen er at dei organiserte religions-systema skal få vera i fred for alle kritikarar, ikkje berre for dei som kan teikna, men òg for dei som kan tenkja.

Satirisk religionskritikk rettar seg inn mot kjernen i openberringsreligionane. Denne kjernen er overtydinga om at Gud har openberra sanninga til nokre få, som har danna eit presteskap for å verna om openberringa. Dette presteskapet står Gud nærare enn andre, veit kva Gud vil, og har ei guddomleg plikt til å formidla Guds vilje vidare til menneska.

I ytste konsekvens skal dette presteskapet få avgjera korleis andre skal tenkja og tru, leva og handla, skriva og teikna. Presteskapet og heile det organiserte religionsvesenet vert då Guds statsapparat i verda.

Satirisk religionskritikk råkar eigenleg ikkje trua eller den einskilde truande, korkje muslimar eller kristne. Han råkar dette organiserte religionsvesenet som sit med makt over sinna og nokre stader òg med statsmakt.

Rushdie-saka

I denne samanhengen vert det klårare at karikaturstridane har opphavet sitt i Rushdie-saka. Den gongen stod striden mellom den iranske ayatollaen Khomeini og romanforfattaren Salman Rushdie, og kjernen var ikkje provoserande teikningar, men ein vanskeleg tilgjengeleg roman av høg litterær kvalitet. Men det var same konflikt den gong som no.

Khomeini meinte at Rushdies roman Sataniske vers var blasfemisk og krenkjande, dømde forfattaren til døden og lova ei stor løn til den som avretta han og dei som gav ut romanen. Rushdie måtte leva under jorda med politivern i mange år etterpå. Det kom til valdelege episodar over heile verda, med offentlege bokbål, brannbomber mot bokhandlarar og attentat mot omsetjarar og forleggjarar. I Noreg vart Rushdies forleggjar William Nygaard skoten, men overlevde. Kvifor denne veldige reaksjonen på ein skarve roman?

Dei såkalla «sataniske versa» er ein kort tekst som var ein del av Koranen, men vart redigert bort. I Rushdies versjon er det Djevelen, forkledd som engel, som formidlar dei falske versa til romanfiguren Mahound. Men Mahound får ei ny openberring, der engelen fortel at det var Djevelen som kom med den førre openberringa. Dermed trekkjer Mahound attende versa.

Riv bort grunnen

Denne vesle historia riv grunnen bort under det organiserte religionsvesenet som byggjer på openberring, heilag skrift og presteskap. For historia med dei «sataniske versa» syner at sjåaren sjølv, han som tek imot den openberringa som heile religionssystemet kviler på, ikkje kan vita om openberringa er sanning eller blendverk.

For korleis kan Mahound vera sikker på at det ikkje var den ekte engelen som kom til han i den fyrste openberringa, medan den siste engelen han såg, i røynda var Djevelen i forkledning?

Rushdie hadde skapt ei forteljing som opna for tvilen på heile grunnlaget til religionen, den opphavlege openberringa og den heilage skrifta. Slik tvil opnar for ein prosess som fører bort frå det autoritære religionsvesenet. Denne prosessen har vi sett i Europa i nyare tid. Her miste kristendomen makta over sinnet og kyrkja makta over livet nett gjennom kritikken av Bibelen som heilag skrift.

Samanbrotet

Då filologane og historikarane fann ut at den heilage skrifta var parafraser over andre openberringar, at konkrete opplysning-ar som skulle koma frå Gud, var ukorrekte, at openberringar var attforteljingar av historier som var kjende frå før, vart den klåre og samanhangande religiøse forteljinga fragmentert og braut saman.

Men idet openberringa og den heilage skrifta vert tvilsam og bryt saman som absolutt sanning, tolka av presteskapet, raknar samstundes grunnlaget for at kyrkjeliknande organisasjonar kan halda seg som Guds statsbyråkrati på jorda. Trua på at presteskapet står nærare Gud enn andre og difor lyt avgjera kva andre skal tru, korleis dei skal leva, og på kva vis samfunnet bør organiserast, må gjevast opp. Religionen skrumpar inn til symbol, kyrkja til forsamlings-lokale for høgtider, høgtidene til fest for ungane. Og slik kjem vi fram til den moderne verda.

Likevel er meir enn ein tredje-del av den yngste generasjonen i Noreg personleg kristne. Det er fordi forskinga, tvilen og uvissa som tek livet av skrifttruskapen og det organiserte religions-vesenet som politisk kraft, gjev næring til den religiøse interessa og den metafysiske leitinga på det individuelle planet.

Det moderne mennesket likar ikkje å bøya seg under kyrkjelege eller andre autoritetar, men kan godt søkja etter svara på dei store spørsmåla på eiga hand. Slik lever religiøsiteten vidare innanfor den personlege sfæren, og som ein del av sivilsamfunnet, oftast heilt udogmatisk og utan omsyn til noko presteskap.

Bryt ned respekten

Det er denne vegen frå teokrati til modernitet som Salman Rushdie rørde ved i Sataniske vers. Nett det same gjer karikaturteiknarane, berre på enklare vis: Dei bryt ned respekten for det heilage religionssystemet. Dei sårar ikkje kjensler, dei sårar makta. Dei krenkjer ikkje trua, men presteskapet.

Dei vert ikkje straffa for å ha skrive og teikna morosamt om religionen, men for å ha opna den vegen inn i individualisme og modernitet som riv grunnen bort under slike embete som Khomeinis og slike teokratiske diktatur som Den islamske staten i Syria og Irak.

Fatwaen mot Rushdie, maskin-geværsalvene i redaksjons-lokala til Charlie Hebdo og drapa i den jødiske butikken er middel som reaksjonære krefter i eit autoritært religionsvesen grip til for å koma unna historia, i von om å unngå den lagnaden som råka kristendomen, nemleg å gå under i ei verdsleg og individualistisk, moderne ordning.

Kaj Skagen er forfattar og fast kommentator i Dag og Tid.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa