Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 23.07.2018

Gå til toppen

Toppen

Det nye utgiftspartiet

| Den 13. april 2018

Det nye utgiftspartiet

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Til helga har Høgre landsmøte. Kva har dei fått til av det dei lovde å gjennomføra? Fint lite.

Kva tenkjer du på når du tenkjer på Høgre? Det er eit vanskeleg spørsmål. Å definera Høgre er som å spikra gelé oppetter veggen, men sjølv om det vanskeleg, er det ikkje umogleg. Når vi tenkjer på Høgre, tenkjer vi sterk nasjonalstat i kombinasjon med eit sterkt forsvar, lægre skattar, litt deregulering og meir personleg ansvar, og ikkje minst god hushaldering – pengar og ressursar er knappe gode og difor lyt ein halda att på bruken av dei.

Lat oss sjå nærare på kva Høgre har oppnådd, for til helga er det landsmøte i Høgre. På landsmøtet skal dei feira den store sigeren. Erna Solberg vann valet, ho som skeiv boka Mennesker, ikke milliarder før ho vart statsminister. Tittelen må seiast å vera grovt misvisande, for er det noko Solberg har vore oppteken av, så er det milliardar. I samarbeid med Frp har ho pøst rekordmykje oljepengar over oss nordmenn.

250 oljemilliardar
Vi kan byrja med skatt og oljepengar før vi går vidare til andre tema. Vi kan samanlikna 2007 og 2017. I 2007 var underskotet på statsbudsjettet før vi henta pengar frå Oljefondet, på 1,4 milliardar. Kristin Halvorsen leverte den beste budsjettbalansen sidan Gunnar Berge. Likevel kritiserte Høgre henne for å bruka for mykje pengar. Så kan vi spola fram til 2017, då Erna Solberg hadde hatt makta i fire år. I statsbudsjettet for 2017 var underskotet før oljepengebruken på 250,6 milliardar. Kvart einaste år i den fyrste regjeringsperioden til Solberg har det vore ein dramatisk auke i oljepengebruken. Under Erna Solberg passerte den offentlege pengebruken, inkluderte offshoresektoren, 50 prosent av verdiskapinga, bruttonasjonalproduktet (BNP).

Men når Solberg og Høgre har funne å kunne nytta 250 milliardar meir enn Halvorsen, må vi vel rekna med at ein del av desse kronene har gått til skattelette. Vel… Om vi samanliknar skatte- og avgiftsopplegget i 2007 og 2017, finn vi at skattane over statsbudsjettet var vel 20 milliardar lægre i 2017 enn dei ville ha vore med det same skatteopplegget som i 2007. Dei resterande 230 milliardane har gått til å auka statens utgifter.

Kommunane dreg opp
Men staten er ikkje heile den offentlege sektoren, vi har òg kommunane. Dei tek stadig meir pengar frå innbyggjarane. Under Erna Solberg har kommunane auka eigedomsskatten frå 3,7 milliardar til 7,5 milliardar. Der rauk vel tre milliardar av skatteletten. I tillegg kjem dei kommunale avgiftene og ulike typar brukarbetalingar, som òg har gått sterkt opp. I si tid gjorde Stortinget eit vedtak som dei trudde var lurt, eit vedtak Solberg ikkje har prøvd å reversera. Kommunane fekk berre lov til å taka inn dei reelle kostnadene dei hadde på renovasjon og vatn i avgifter. Samstundes fekk dei heller ikkje lov til å subsidiera desse tenestene. Men dette opna opp for at kommunane kunne byggja store og ambisiøse anlegg som til dømes skulle vinna att energi frå bos. Sidan desse anlegga er dyre, har renovasjonsavgiftene gått kraftig opp.

Tala er smått utrulege. Om vi set 1991 som 100, er dei kommunale gebyra og eigendelar for tenester no på 350. Dersom dei skulle ha fylgt inflasjonen, ville indeksen berre ha stått på 170. Kvart einaste år har dei kommunale gebyra i gjennomsnitt auka mykje meir enn den generelle inflasjonen. Då Erna Solberg tok over i 2013, var den samla kommunale brukarbetalinga på 53 milliardar. I fjor var ho på 63 milliardar. Der rauk 10 milliardar til av skatteletten til Solberg og Høgre.

TEK15
Det finst òg kostnader som ikkje syner att korkje i kommunale eller statlege budsjett, det er kostnaden ved reguleringar. Den største kostnaden eller investeringa vi nordmenn har og tek, er i bustad. Her har reguleringane vorte særs omfattande dei siste åra, det er nesten ikkje grenser for kor mykje dei som byggjer nytt, må nytta på isolasjon og friskluftanlegg. Om vi seier at byggjekostnadene var 100 i 2000, er dei no på 185. Det vil seia at inflasjonen for husbygging har vore på 85 prosent. Den generelle inflasjonen sidan 2000 har derimot berre vore på 40 prosent. Eit hus som kosta 10 millionar å byggja i 2000, vil i dag altså kosta 18,5 millionar, men burde inflasjonsjustert berre ha kosta 14 millionar.

Kva har Høgre gjort for å få ned byggjekostnadene? Særs lite. Under Solberg har prisen for nybygg gått opp med 23 prosentpoeng om vi nyttar 2000 som utgangspunkt. Dette er langt høgre enn den generelle inflasjonen. Hovudgrunnen til denne siste kostnadsauken er at Høgre innførte byggforskrifta TEK15, som foreininga Boligprodusentene seier auka prisen på ein gjennomsnittleg bustad med 200.000. På grunn av reguleringar har prisen på ei ny vanleg toromsleilegheit gått opp med 1 million kroner mellom 1997 og 2017, målt i faste prisar. Høgre har gjennom TEK15 gjeve eit kraftig tilskot til denne prisauken.

Ingen reell skattelette
Om vi legg saman bompengar, reguleringar av bustadbygging, kommunale avgifter og eigedomsskatt, ja, så er det vanskeleg å sjå at det har vore ein reell samla skattelette for det norske folket. Dei auka avgiftene og reguleringane har etter alt å døma kosta veljarane meir enn dei 20 milliardane Høgre hevdar dei har gjeve oss skattelette.

Det vi derimot kan slå fast som eit faktum, er at det har vore ei omfordeling frå dei yngre til dei eldre. Under Solberg har formuesskatten gått litt ned, samstundes som rentefrådraget har vorte lægre. Det vil seia at dei unge som har høg skuld, har fått skatteauke, medan dei eldre med formue har fått lægre kapital- og formuesskatt, samstundes har pensjonistektepar fått mykje høgre pensjon gjennom redusert samordning.

Denne politikken har sjølvsagt vore lur om ein tenkjer på veljarar. Pensjonistane og dei eldre røystar oftare konservativt og vert både stadig fleire og stadig rikare. Å taka frå dei unge og gje til dei eldre gjev difor meining, men om det er god konservativ politikk å omfordela frå barnefamiliane til dei eldre, er eit anna spørsmål. Og nei, barnetrygdene har ikkje gått opp heller. Arbeidarpartiet kan framleis med godt samvit syngja: «Imot oss statens lover bøyes, av skatter blir vi tynget ned.»

Nei til forsvar
Så var det Forsvaret, den kanskje mest tradisjonelle kampsaka for Høgre. Det har vi skrive ein god del om i Dag og Tid. Det vi kan slå fast, er det same som Jens Stoltenberg har slege fast: Erna Solberg har lovt USA og alle dei andre Nato-landa at Noreg skal nytta 2 prosent av verdiskapinga (BNP) på Forsvaret. Ingenting tyder på at ho vil halda den lovnaden, sjølv om det i utgangspunktet burde ha vore nokså enkelt når ho nyttar heile 250 oljemilliardar. Vi kan samanlikna med kva Noreg fekk til under Gerhardsen, då Noreg ikkje hadde oljepengar.

I 1960 nytta Einar Gerhardsen 4 prosent av BNP på Forsvaret. Om vi hadde nytta det same i dag, ville forsvarsbudsjettet ha vore på 128 milliardar. Vi er ikkje i nærleiken. I år skal vi nytta 55 milliardar. Så seint som under den store økonomiske krisa mellom 1986 og 1990, då Gro styrte, nytta vi 3 prosent av BNP på Forsvaret. I dagens pengar svarar det til om lag 100 milliardar.

I røynda er trenden for bruk av pengar på Forsvaret på veg ned. I fjor nytta vi 49,7 milliardar på Forsvaret, og i år har veksten tilsynelatande vore på 5 milliardar. Men mykje av pengebruken kjem av ekstraordinære kjøp som Stortinget har sett av ekstra pengar til, F-35-flya er som kjent dyre. Om vi tek desse kjøpa ut av budsjettet, var den reelle pengebruken i fjor på berre 42,5 milliardar. I september i fjor sa vi i Dag og Tid at Forsvaret ville få ein redusert del av BNP når denne stortingsperioden er over. I vinter vedgjekk forsvarsminister Frank Bakke-Jensen at dette var rett. På direkte spørsmål frå Stortinget sa han at Forsvaret med den langtidsplanen som ligg til grunn, berre vil få 1,5 prosent av BNP i 2020, og at pengebruken ville liggje fast i det området heilt fram til 2024.

Konklusjon
Lat oss prøva å summera opp: I 2013 la Høgre fram eit program for den komande stortingsperioden. Der stod det at Høgre vil «si nei til boligskatt». Under Erna Solberg har bustadskatten vorte dobla. Det stod òg at Høgre vil «at flere kan få mulighet til å eie egen bolig». Under Høgre har prisen for å byggja nytt gått opp med ein fjerdedel. Dei lova vidare at all ekstra oljepengebruk skulle gå til investeringar og ikkje til trygd. I statsbudsjettet for 2013 fekk folketrygda 325 milliardar. I år er det sett av 470 milliardar til trygd frå Nav.

På eitt område har Høgre i det minste tilsynelatande halde lovnadene frå 2013. Dei lovde å auka samferdselsbudsjetta. Før Jens Stoltenberg gjekk av, la han fram ein Nasjonal transportplan (NTP) for dei komande ti åra. Planen var rekorddyr. Han kom på 500 milliardar. Erna Solbergs NTP er på 1064 milliardar, eller vel 1 billion. Det tyder avgiftsauke. Under Stoltenberg vart det teke inn om lag 8 milliardar i bompengar per år. I den nye NTP-en er det lagt opp til årlege bompengar på vel 13 milliardar i gjennomsnitt. Der kom 5 milliardar til i auka offentlege avgifter.

Ulønsam
NTP-en har andre problem òg. Han finst ikkje lønsam. Regjeringa vedgår ope at NTP-en vil gjera Noreg til eit fattigare land. Den samfunnsøkonomiske vinsten er der knapt. Om alle prosjekta i planen vert gjennomførte, går vi i minus med 179 milliardar, noko som ikkje er så rart sett i lys av at bilistane må ut med 139 milliardar i bompengar. Hovudproblemet er at produktiviteten i bygg- og anleggssektoren har gått rett ned under Erna Solberg. Om vi ser på dei vegprosjekta som låg inne i Stoltenbergs NTP, har kostnadene under dei fire fyrste åra med Solberg, gått opp med 40 prosent, medan den generelle inflasjonen gjekk opp med berre med 10,3 prosent. I 2013-programmet lovde Høgre å gjennomføra tiltak som ville få opp produktiviteten i Noreg. Diverre har han stort sett gått nedover.

Men éin ting kan vi utvitydig slå fast: Vinmonopolet er no ope på påskeaftan. Elles har elavgifta gått opp med 40 prosent under Erna.

 

Prøv Dag og Tid Les e-avisa