Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 16.12.2017

Gå til toppen

Toppen

Den utrue vaktbikkja

| Den 17. november 2017

Den utrue vaktbikkja

Foto: Odin Jæger / VG / NTB scanpix

Pressa nyttar ofte si eiga mediemakt til å jage fram eigne standpunkt og vert såleis sjølv ei ugjennomsiktig samfunnsmakt.

I Noreg vert pressa kalla «den fjerde statsmakt». Det er eit misvisande og tvitydig omgrep. Samfunnsoppdraget til pressa er ikkje å vere ei ekstra statsmakt i tillegg til storting, regjering og domstolar, men å stå utanfor makta og frå denne frie posisjonen halde oppsikt med mektige institusjonar og personar, og avsløra og redusera korrupsjon og maktmisbruk. I tillegg til denne oppgåva som «vaktbikkje» inngår det i samfunnsoppdraget til pressa å gjere menneske i stand til å ta avgjerder sjølve.

Det er ei grunnidé i det liberale demokratiet at einskildindivida skal tenkje sjølve og ha eigne meiningar på eit så langt som tenleg og mogeleg sams kunnskapsgrunnlag. Ein del av grunnlaget for slik eiga meiningsdanning skaper pressa ved å vere forum for intellektuelle utspel og ordskifte.

Pressa skal gje ei så sann og dekkjande rapportering frå røynda som mogeleg, og ho skal vere agora – eller torg – for samfunnsdebatten.

Les heile kommentaren i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

knapp knapp