Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 19.01.2018

Gå til toppen

Toppen

Den siste oljen

| Den 28. oktober 2016

Den siste oljen

FIG 3.6 FRÅ NASJONALBUDSJETTET: I dag dekkjer 4 prosent av oljefondet akkurat det Folketrygda nyttar på alderspensjon og uføretrygd. Dimed har vi nådd toppen for oljepengebruk.

Om vi ikkje snøgt finn ny olje og gass, må det verta færre arbeidsplassar i offentleg sektor. Likevel vil Fagforbundet ha LO og arbeidarrørsla til å seia nei til leiting etter ny olje. Klimasaka er viktigare enn ny olje.

Er det noko som har lege fast, så er det at LO vil ha boring etter olje og gass i Lofoten og Vesterålen, dei mest lovande felta vi har att utanfor Noreg. Men no har stemninga snudd. Det klart største forbundet i LO er Fagforbundet; der har medlemene no vedteke denne formuleringa som dei vil ha inn i LOs program:
«For å begrense temperaturutviklingen må mye av verdens, også Norges, fossile ressurser bli liggende urørt. En satsing på å utvikle nye arbeidsplasser som tar i bruk ren energi, vil være avgjørende for å skape et lavutslippssamfunn.» Og: «Norges olje- og gassproduksjon må trappes ned i tråd med målene i Paris-avtalen, dette gjelder særlig sårbare og verneverdige områder.»
Forbundsleiar Mette Nord i Fagforbundet stadfester andsynes VG at områda dei tenkjer på, er Lofoten og Vesterålen:
«– Ja, det vil gjelde Lofoten, Vesterålen og Senja.
– De bør vernes?
– Ja, skal vi ta Paris-avtalen på alvor, så må vi faktisk gjøre noe også her i Norge. Vi har varige vern av vassdrag i Norge, og jeg synes vi må tørre å ta en slik prinsipiell debatt på kongressen.»

Nye tonar
Dette er noko heilt anna enn handlingsprogrammet LO-kongressen vart samd om for fire år sidan: «LO vil arbeide for igangsetting av konsekvensutredninger i de stengte og uåpnede delene av Barentshavet, Norskehavet og Skagerak.»
Det er kan henda ikkje naudsynt å seia det, men forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi er djupt usamd og varslar kamp på LO-kongressen: «Det vil ikke hjelpe klimaet noe som helst: Hvis Norge legger ned sin olje- og gassproduksjon, vil det ikke gi noen klimaeffekt, fordi etterspørselen er der og andre vil levere.»
Dette argumentet avviser Nord i Fagforbundet. Ho er klar på at norsk oljeutvinning har konsekvensar for både velferdsstaten og folk i tekniske etatar. «Det er våre medlemmer som rydder opp etter skadene fra det ekstremværet vi etterhvert har fått. Det ser vi både når det gjelder ras og flom», seier ho til Dagens Næringsliv.

Nord vinn
No ligg det an til at Nord får viljen sin, for etter at Fagforbundet vedtok nei til oljeboring, fylgde Handel og Kontor opp med eit liknande vedtak, og dimed er det no eit klårt fleirtal av LO-forbunda som ikkje vil opna opp for oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen. Vedtaka til Handel og Kontor, Norsk Tjenestemannslag og Fagforbundet er elles eit klart brot med LOs historie; det har vore kutyme at forbunda ikkje blandar seg inn i område som høyrer til andre forbund, men dette kan altså verta endra, og det vil få konsekvensar, store konsekvensar.
Fyrst klima. Der er effekten uklår, men om vi legg modellane til FNs klimapanel til grunn, vil eit Noreg utan klimautslepp kunna seinka den globale oppvarminga med knapt to veker i 2100. Det føreset at kutta Noreg gjennomfører, ikkje vert erstatta av andre land, altså at den oljen og gassen som kunne ha vorte teken opp utanfor Noreg, inkludert Lofoten og Vesterålen, ikkje vert erstatta av andre produksjonsland. Men som vi veit: Peak-oil-teorien har synt seg feil. Verda er framleis full av olje og gass, særleg etter at USA utvikla teknologiar som har gjort skiferolje og -gass lønsamt å produsera for ein pris på rundt 40 dollar fatet. Om andre land ikkje fylgjer Noregs eventuelle avvikling av olje- og gassproduksjon, er vi altså like langt. Dessutan har vi Statoil som i det siste har kjøpt store oljefelt i Brasil – når Statoil ikkje får vinna ut heime, dreg dei utanlands.

Dårleg økonomi
Så økonomien: Skal Noreg gjera seg uavhengig av olje- og gass, må vi gå gjennom ei storstila omstilling av økonomien. Den omstillinga har late venta på seg etter at oljeprisen gjekk ned. Om lag ein tredjedel av alle som arbeider i Noreg, er offentleg tilsette. Vi er det landet i OECD som har flest tilsette i offentleg sektor. Desse har vi kunna tilsetja hovudsakleg av di vi har tent så godt på oljen og gassen. Sidan Ekofisk vart funne i 1969, har talet på offentlege årsverk vorte tredobla. Men også privat sektor har tent gode pengar på oljen. Under den raudgrøne regjeringa då oljeprisen var høg, vart to av tre nye arbeidsplassar skapte i privat sektor. Rett nok gjekk alle desse i praksis til EØS-innvandrar, men jobbskapinga var høg fram til finanskrisa.
Under den blåblå regjeringa, som har hatt låg oljepris dei to siste åra, har jobbskapinga derimot vore låg, og to av tre nye arbeidsplassar har kome i offentleg sektor. Siv Jensen har kunna nytta svært mykje oljepengar av di oljefondet vart så stort då oljeprisen var høg. Det har heller ikkje vore omstilling til nye eksportarbeidsplassar. Dei nye jobbane som har kome i privat sektor, har i hovudsak kome i bygg- og anlegg og er mykje ein konsekvens av at Jensen har auka det offentlege konsumet og dei offentlege investeringane. Men norsk velstand kan ikkje basera seg på at vi byggjer stadig nye vegar og nye hus. Dei tapte arbeidsplassane i oljesektoren må i stor grad verta erstatta av arbeidsplassar i konkurranseutsett sektor, og ein slik tendens finst ikkje i norsk økonomi.

Avhengig av olje­industrien
Det er altså ikkje til å koma utanom: Noreg kjem i mange år til å vera avhengig av oljeindustrien. Spørsmålet er om han kan levera arbeidsplassar om ikkje nye felt vert opna. Dessutan er offentleg sektor heilt avhengig av direkte og årlege skatteinntekter frå privat sektor om vi skal finansiera eldrebylgja og dei stadig veksande utgiftene til uføretrygd og alderspensjon.
I Nasjonalbudsjettet for 2016 finst det ein figur som er nokså urovekkjande (sjå figur under). Handlingsregelen seier at vi kan nytta 4 prosent av oljefondet per år. I dag nyttar vi knapt 11 prosent av verdiskapinga (BNP) på fastlandet til uføretrygd og alderspensjon, som svarar til nett 4 prosent av oljefondet, som igjen altså er knapt 11 prosent av BNP. Denne balansen mellom tilskotet frå oljefondet og overføringar til trygder vert dramatisk forverra i dei komande åra. Medan tilskotet frå oljefondet berre vil gå ned og ned, vil kostnadene til trygder gå opp og opp kvart einaste år fram mot 2060. I 2060 trur Finansdepartementet at tilskotet frå oljefondet, om vi nyttar 4 prosent, vil svara til knapt 6 prosent av verdiskapinga på fastlandet. Uføretrygd og alderspensjon vil på si side utgjera knapt 14 prosent av BNP. Dimed får vi eit stort gap mellom forpliktingane folketrygda har, og tilskotet oljefondet kan gje, og då er ikkje dei dramatisk auka utgiftene til eldreomsorga som medlemene av Fagforbundet skal stå for i form av mange fleire arbeidsplassar, rekna med.

Urolege byråkratar
Eller for å sitera dei anonyme økonomane i Finansdepartementet:
«Etter å ha falt jevnt siden tidlig på 1990-tallet, begynte antall eldre (67 år og over) å øke i 2010 målt som andel av befolkning­en i yrkesaktiv alder. Den utvikling­en vil fortsette i tiårene fremover og medføre markert økte utgifter til pensjoner, helse og omsorg. Sparingen i Statens pensjonsfond vil gjøre det lettere å møte disse utgiftene, men som vist i figur 3.6 ligger det an til at finansieringsbidraget fra fondet vil avta målt som andel av trend-BNP for Fastlands-Norge. Finansieringsbidraget vil heller ikke på langt nær være tilstrekkelige til å dekke fremtidige pensjonsforpliktelser. I tillegg medfører aldringen av befolkningen økte utgifter til helse og omsorg.»
Men det er ikkje berre oljefondet som vil gje eit stadig lægre tilskot til statsbudsjettet og velferdsstaten, det vil òg olje- og leverandørindustrien – om ikkje noko skjer – gjera over skattesetelen. Leverandørindustrien på Vestlandet er ein særs stor leverandør av velferd via skattar og avgifter til stats- og kommunebudsjetta. I dag er det litt over 800.000 alderspensjonistar i Noreg; i tillegg går det tapt knapt 700.000 årsverk mellom folk i yrkesaktiv alder. Desse vert også finansierte av Nav og folketrygda. På toppen av dette har vi no 700.000 årsverk og 814.000 tilsette i offentleg sektor, som altså er ei tredobling av årsverk sidan 1970. Samla sett vert 2,2 millionar årsverk, og 2,4 millionar menneske, finansierte over statsbudsjettet.
I privat sektor som skal finansiera offentleg sektor, er det drygt 1,5 millionar årsverk og 1,77 millionar tilsette om vi inkluderer dei som arbeider i offentlege føretak, skal vi tru SSB. Vi er altså i den stoda at 1,5 millionar årsverk i privat sektor stør opp under 2,2 millionar årsverk som vert finansierte over offentlege budsjett.

Ubalanse
Denne balansen kjem altså til å verta mykje dårlegare i åra som kjem. Og om vi ikkje finn nye olje- og gassfelt, vert balansen endå mykje dårlegare. Eit godt døme på det finn vi på det nye store oljefeltet Sverdrup. Det skal byrja med produksjon i slutten 2019. Under den første fasen av utbygginga, som vi er inne i, fortel Statoil at feltet vil skapa 51.000 årsverk samla sett. Når den fyrste utbygginga er ferdig i 2019, i driftsfasen, vil talet på årsverk vera 2700. Johan Castberg-feltet i Norskehavet er eit anna døme. Under utbygginga vil det gje 23.000 årsverk, i driftsfasen 1100.
Castberg og Sverdrup er dei to siste store funna Noreg har. Etter at dei står ferdig utbygde, vil det ha gått tapt mange tusen arbeidsplassar om vi ikkje raskt finn nye felt. Og nye felt tek tid. Frå oljefunnet til eit felt står ferdig utbygd, går det i Noreg mellom ti år og femten år. Om Arbeidarpartiet vinn det neste stortingsvalet, vil dei møta ferdigstillinga av Castberg og Sverdrup med påfylgjande arbeidsløyse i leverandørindustrien og store gap i statsbudsjettet. Spørsmålet er om Støre då vågar å lytta til dei store fagforbunda i LO.
Vi kan i alle høve slå fast at om vi ikkje finn ny olje og gass snøgt, vil det verta færre arbeidsplassar både i Handel og Kontor og Fagforbundet. Utan oljen vil færre kjøpa varer, og færre skattebetalarar vil vera i stand til finansiera arbeidsplassar for dei organiserte i Fagforbundet.

knapp knapp