Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.08.2017

Gå til toppen

Toppen

Den nye norske byen

| Den 8. august 2014

Den nye norske byen

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Ein ny type norsk by er i ferd med å vekse fram. Der er kjøpesentret, ikkje rådhuset eller torget, det naturlege sentrum. Taparen er lokal­demokratiet.

Den nye norske byen såg eg i sumar i Steinkjer: Turist­informasjon er lagd midt i kjøpesentersamlinga utanfor bykjernen. Det same gjeld den nye badestranda. Ho låg i same området, rett nedanfor Esso bensinstasjon.
Synet viser to fenomen i norsk byutvikling. For det fyrste den generelle utviklinga i norske bygdebyar og byar. Kombinasjonen av konsum og massebilisme øydelegg dei tradisjonelle bykjernane. Handelen flytter ut av bykjernen til kjøpesentra i trafikknutepunkt utanfor bykjernen.
For det andre viser situasjonen i Steinkjer til eit oppsiktsvekkjande skifte: Når slike ikkje-kommersielle element blir lagde i kjøpesenterområdet og ikkje i det tradisjonelle sentrumet, er det ikkje lenger berre tale om ut­­arming av den tradisjonelle bykjernen, men etablering av ein ny bykjerne. Bysentrum og kjøpesenter byter plass: Gågate, rådhus og park blir utkant, medan kjøpesenterutkanten blir sentrum.

Kjøpesenterbyane
Denne utviklinga er alt gjennomførd i eit par byar eg har vitja på arkitekturreisene mine for denne avisa. Kjem du med motorvegen inn til Sandvika i Bærum, er det ikkje Sandvika, men skiltet til Sandvika Storsenter som slår imot deg. Der er det nye kulturhuset lagt tett ved Thons shoppingsenter og ikkje ved Magnus Poulssons landskjende rådhus.
I Alta er det lite liv i dei gamle sentra, Bossekop og Elvebakken, medan det nye sentrumet, som byrja med kjøpesenteretablering på ei aud myr utanfor desse to sentra, «Alta City», er det urbane sentrumet i dag. Her er nemleg offentlege institusjonar og tilbod medvite vortne lagde til kjøpesenterutkanten: gågate, symjehall med badeland og no sist ei kyrkje: Nordlyskatedralen.
Konklusjonen er klar: Alta, Sandvika og Steinkjer viser oss den framtidige norske byen. Ei samling store hallar, omringa av enorme parkeringsplassar. Alt er sjølvsagt tilrettelagt for ein spesiell trafikant: bilisten.
Vi feirar 200-årsjubileet til Grunnlova i år, og eg spør: Er denne moderne bymodellen gunstig for heile mennesket? Finst det ein bymodell som betre stettar demokratiet og rettane til borgarar enn andre modellar?

Les heile kommentaren i papirutgåva av Dag og Tid.

knapp knapp