Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2017

Gå til toppen

Toppen

Den norske toleransen

| Den 21. november 2013

Den norske toleransen

0 Flares Filament.io 0 Flares ×

Ein dag kom eg inn på treningssentret og såg Zahid som eg aldri hadde sett han før. Skjegget hans var stort som Arfan Bhattis. Eg vart overraska.

«Hei, pakkis!» helsa eg. Då han jobba på ein butikk eg ofte var i, vart eg van med å spøkja med han. Folk rundt oss reagerte, men då dei såg at vi båe var «pakkisar», skjøna dei at vi spøkte.

Eg kjenner Zahid som vanleg muslim, positivt innstilt til nordmenn og det norske samfunnet. I dag er han her på treningssentret med eit tett, svart, langt skjegg – slike skjegg som fundamentalistane går med.

Eg lika det ikkje. Eg spurde han kva leiaren for sentret meinte. Han er norsk statsborgar, men frå Afghanistan og like sekulær som meg.

«Spør sjølv kva han synest. Du veit kva eg meiner», sa han og smilte.

Eg veit at han ikkje likar skjeggete menn og er imot all fundamentalisme.

Då ein annan mann høyrde meg klaga, såg han på meg med undrande blikk. «Kvifor er de intolerante mot kvarandre?» sa han.

Skjegget og sløret

Altså: Det var vi, muslimske innvandrarar, som reagerte på skjegget, ikkje nordmenn. Då eg tala med Zahid, forklarte han meg kvifor han hadde fått skjegg.

«Eg har mange vener som har skjegg. Eg tenkte at eg må oppleva korleis nordmenn ville sjå på meg med skjegg. Men dei ser ikkje på skjegget, eigenleg. Berre dei høyrer meg tala og oppfattar meg som snill, går det helt greitt», forklarte han.

«Om nordmenn tolererer det store skjegget ditt, då er dei verkeleg tolerante», svara eg. «For du skremde meg, og eg er muslim som du.»

Ei veninne av meg frå Palestina hadde eit liknande eksperiment. «Eg ville oppleva nordmenn frå burkaen!» sa ho.

Ho gjekk til Tøyen, kjøpte ein burka og vart som eit skrømt i Oslos gater. Ein liten gut på bussen vart redd då han såg henne og klamra seg til mor si. Det var berre augo som var synlege. Ho gjekk til byen og sat på ein kafé. Nordmenn var tolerante. Nokre kasta undrande blikk på henne.

Men då ho sat seg ved sida av arabiske kvinner som ikkje hadde hijab på seg, vart ho upopulær. Dei diskuterte med henne med streng røyst:

«Om ei norsk kvinne kom til våre muslimske land og sola seg naken i parken eller hadde badedrakt på seg, korleis ville far din og bror din ha reagert?» spurde dei. «Du må skjøna at denne burkaen skaper liknande reaksjonar hjå nordmenn i Noreg. Dei reagerer ikkje på same måte som oss, dei løyner reaksjonen. Ikkje rart at dei byrja å mislika islam!»

Dei spurde veninna mi kor lenge ho hadde brukt burka. «Dei seinaste par åra, etter at eg kom til Noreg», svara ho.

Dette hadde kvinnene ei forklaring på: «Vel, du vert religiøs i Europa når du vinn fridomen din som kvinne. Dette er ein psykisk reaksjon. Lat fornufta rå over handlingane dine.»

Mi palestinske veninne meinte nordmenn av prinsipp er innstilte på å vera tolerante. «Eg oppfatta at dei var likesæle», sa ho. «At nokre reagerte, det er naturleg. Dei ville ha reagert om eg hadde Ku Kluks Klan-uniform på meg!»

Rasismesaka

Eg har vore i Noreg i om lag tretti år, og eg har aldri opplevd rasisme. Når eg høyrer om opplevingar med rasisme, freistar eg å sjå dei i kontekst. Då oppdagar eg at det ikkje er rasisme det er tale om.

«Vi diskuterte rasisme i dag. Eg vart overraska. Eg er kanskje naiv, men etter eitt år i Noreg har eg ikkje lagt merke til rasisme», sa syster mi til meg etter å ha vore i Noreg i eitt år.

Eg forklarte at rasisme nesten er usynleg, men at vi les om det i aviser og ser kommentarar frå interesseorganisasjonar som tener på rasismesaka. Og dei overdriv.

«Nei, Walid. Eg har ikkje dette frå aviser og TV», sa syster mi. «Eg var på eit arrangement på Antirasistisk Senter berre éin gong. Men eg har det frå læraren min. Eg vart skremd då ho snakka om rasisme!»

«Nordmenn talar om rasisme for å gje oss signal om at dei ikkje er rasistar», forklarte eg. «Nordmenn har trong til å gjera det som eigenterapi. Det har noko å gjera med rettferdssansen deira. Læraren din er norsk og har sikkert ikkje opplevd rasisme. Det er eg som kan fortelja om rasisme, for eg er innvandrar, utlending og muslim. Hugs at eg har skrive ei bok om rasisme. Røynsla mi er at rasisme i den forstand at folk mislikar innvandrarar fordi dei har svart hår, annan hudfarge og kjem frå eit anna land, kan vi ikkje tala om i Noreg.»

Men fordomar finst, slik nordlendingane opplevde då dei kom til Oslo i 50- og 60-åra, slik kurdarar og arabarar er mot kvarandre, og berbarar og arabarar i Marokko og så bortetter. Men dette er ein del av menneske-naturen: å sjå skilnadene.

«Eg opplever nordmenn som eit sivilisert folkeslag. Dei er høflege og lever etter mange betre verdiar enn vi», sa syster mi.

«Så ikkje bry deg om media og om det du høyrer, for det vil øydeleggja iveren din etter å verta integrert. Du vil ikkje streva etter å verta inkludert i eit samfunn du mislikar», rådde eg henne til.

Passkontrollen

Dette sa eg òg til ein jamgamal irakisk ven av meg. Han reagerte og drog fram ein episode frå Gardermoen: «Eg reiste til England med mitt norske pass like etter at eg fekk statsborgarskap. På flyplassen vart eg stogga og avhøyrd, hugsar du ikkje det? Ingen av nordmennene vart stogga, berre eg!»

Eg vart interessert i den saka og ringde til passkontrollen på Gardermoen. Til slutt fekk eg tala med han som hadde sete i passkontrollen. Han hugsa saka.

«Då eg såg han hadde norsk pass, ynskte eg han velkomen heim. Men venen din svara: ‘I do not understand Norwegian!’ Då stogga eg han», forklarte han. «Vi ringde til referansane hans på sosialkontoret for å sjekka om han tala rett. Eg vart mistenksam då han sa han hadde budd i Noreg i sju år og likevel ikkje skjøna kva ‘velkomen heim’ tydde. Er det ikkje naturleg at vi gjer jobben vår og sjekkar om det er hans pass?»

Eg forklarte dette til venen min og sa at han måtte læra seg norsk og ikkje klaga på rasisme.

Huseigaren

Sjølvsagt finst det rasistar i Noreg. Det finst skitne nordmenn og skitne kristne. Mend et er eit marginalt problem. Men «kvardagsfordommar» er ein realitet: Det er innvandrarar som opplever at nordmenn ikkje vil leiga ut til dei eller kalla dei inn til jobb-intervju. Det er trist.

Men fyrst må eg fortelja om då eg vart spurd av ei innvandrarkvinne frå Midtausten om eg kjende nokon som ville leiga eit husvære. Ho avviste alle som kontakta henne. Eg ringde henne, og då sa ho at ho ikkje ville leiga ut til innvandrarar, korkje polakkar, pakistanarar, irakarar eller syrarar. «Eg vil ha nordmenn. Eg har nettopp pussa opp husværet. Eg vil ha nordmenn som held standarden på husværet ved like og fylgjer reglane.»

Ho er innvandrarkvinne, men vil ikkje ha ein innvandrar som leigetakar. Er ho rasist?

Mange innvandrarar er ikkje integrerte nok til at dei bur på same måte som mange nordmenn. Og nordmenn har høyrt om episodar der det stinkar kvitlauk og krydder i oppgangen og kjøkenet er grisete av steikjeos. Barna leikar med heisen heile dagen og er oppe til seint om kvelden.

Mange innvandrarar er ulike nordmenn. Dei kjem jo frå ein heilt annan kultur. Alle nordmenn som har vore i Midtausten og Pakistan, veit det. Og ingen endrar seg over natta jamvel om dei kjem til eit anna land. Slik er det berre.

Tolmod

Så nordmenn er ikkje skeptiske til einskildindivida, menneska bak kulturen. Dei vil at innvandrarane skal verta integrerte. Det dei er skeptiske til, er sider ved kulturen og mentaliteten som dei opplever som eksotisk når dei er på ferie i Egypt, men som dei ikkje vil skal verta ein del av den norske kvardagen.

Men mange av desse problema vil endra seg med dei nye generasjonane som veks opp i Noreg. Innvandrarane vert aldri som nordmenn, men dei vert integrerte. Og nordmenn vil endra seg. Dei nordmennene som veks opp no, er vane med innvandring og vil takla det på ein annan måte. Ein må vera tolmodig nok når det gjeld nordmenn òg.

Integrering kjem ikkje av seg sjølv. Det er ein vanskeleg prosess. Men det er ikkje rasisme som er problemet. Utfordringa er korleis vi skal integrera framande kulturar i Noreg.

 

 

knapp knapp