Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 25.04.2017

Gå til toppen

Toppen

Den mektige makrellen

| Den 31. mars 2017

Den mektige makrellen

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Makrellbestanden har vakse eksplosivt det siste tiåret. Dette kan føre til økologisk kollaps i Norskehavet, meiner havforskar Jens Christian Holst.

Dei fleste som har fiska langs norskekysten dei siste åra, har truleg merka den enorme auken i makrellbestanden. På våren og sommaren herjar den stripete jegeren langs kysten heilt opp til Finnmark, i mengder ingen har sett maken til. Makrellen har òg spreidd seg til område der ingen har sett han før. Han har tredobla levearealet sitt til tre millionar kvadratkilometer, og vandrar no til Barentshavet, Svalbard og sørspissen av Grønland.

Denne auken er bra for fiskarane: I fjor eksporterte Noreg makrell for fire milliardar kroner. Men ekspansjonen har ein kostnad. Makrellbestanden tek grovt for seg av dyreplankton, småfisk og yngel, og gjev andre artar hard konkurranse om maten. Fleire forskarar meiner at makrellen er ei viktig årsak til den sterke nedgangen i mange norske sjøfuglbestandar det siste tiåret.

– Eg meiner dette er ein forvaltningsskandale, seier havforskar Jens Christian Holst.

– Gjennom mange år vart det brukt for dårlege metodar til å anslå makrellbestanden. Vi har fiska og fiskar altfor lite makrell, og no går bestandsveksten ut over heile økosystemet i Norskehavet.

Holst meiner at den intense beitinga til makrellen ikkje berre er årsak til fallet i sjøfuglbestandane, men òg gjer stor skade på rekrutteringa av laks, sild og andre artar i havet.

 

Fryktar kollaps

Jens Christian Holst er ein fritalande og kontroversiell figur. Fram til 2013 var han ein sentral forskar ved Havforskingsinstituttet. Da sa han opp fordi han ikkje fekk gjennomslag for ideane sine om ei såkalla økosystembasert forvaltning av ressursane i havet. Kort fortalt tyder det ta omsyn til samspelet mellom ulike artar i fiskeriforvaltninga, i staden for å forvalte kvar art for seg, slik tilfellet er i dag.

No arbeider Holst som frittståande forskar og rådgjevar, og han er hard i kritikken av både Havforskingsinstituttet og det europeiske havforskingsrådet ICES, som gjev råd til politikarane som skal fastsetje fiskekvotar i dei nordeuropeiske havområda.

– Makrellbestanden har blitt systematisk underestimert. I dag er anslaget frå ICES på 4,5 millionar tonn, men i røynda er kanskje bestanden det tredobbelte, meiner Holst.

I fjor vart det fiska kring ein million tonn makrell i det nordatlantiske området. Holst meiner fisket godt kunne vore femdobla for å få ned bestanden. Han viser til at makrellen no veks berre om lag halvparten så fort som for eit tiår sidan, eit klart teikn på at matressursane i havet er overbeita.

– Det kan vere verre å fiske for lite av ein bestand enn å fiske for mykje. No kjem den sterke 2016-årsklassen inn i tillegg til makrellen som alt er der. Vi risikerer å få ein kollaps i Norskehavet, meiner Holst.

 

Fuglane døyr

Anten årsaka er makrellen eller ikkje: Noko er gale i havet. Vi veit at dei fleste sjøfuglartar langs norskekysten har gått sterkt attende, særleg det siste tiåret. Bestandane av lomvi og krykkje er nærast i fritt fall, og tilmed dei altetande måsane har blitt langt færre. Sjøfuglforskarane trur ikkje at det mykje omtalte plastsøppelet i havet er grunnen. Klima er ei mykje brukt forklaring på nedgangen: «Klimaendringene tømmer norske fuglefjell», slo til dømes Aftenposten fast i hovudoppslaget på framsida i 2014. Men den forklaringa er svært diskutabel. Norskehavet vart rett nok nesten éin grad varmare i løpet av 1990-talet, men dei siste åra har temperaturtrenden vore svakt fallande og er berre litt over normalen. Og det er i det siste tiåret at det største fallet i sjøfuglbestandane har funne stad.

Bestanden av den store sjøfuglen havsule har derimot auka dei siste åra. Havsula lever av større fisk, og nyt godt av makrelleksplosjonen.

Jens Christian Holst er ikkje i tvil om at det er makrellen som har hovudskulda for fallet i dei fleste sjøfuglbestandane.

– Makrellen støvsugar kysten for plankton, sildelarvar, tobis, brisling og annan mat for sjøfuglane, seier Holst.

 

Mistenkjer makrellen

Seniorforskar og sjøfuglspesialist Tycho Anker-Nilssen ved Norsk institutt for naturforsking er ikkje like kategorisk, men også han har makrellen høgt på lista over mistenkte årsaker til sjøfuglnedgangen.

– Makrellbestanden har auka sterkt sidan 2006, og i den same perioden har mange av sjøfuglbestandane verkeleg fått store problem, seier Anker-Nilssen.

– Vi veit at makrellen et mykje sildelarvar og tobis, det er same småfisk som sjøfuglane et. Han et òg av maten til småfiskane, til dømes raudåte. Vi veit òg at makrellen no er etablert ved Island, og også der har sjøfuglane byrja å slite dei siste åra.

Anker-Nilssen er leiar for sjøfuglprogrammet SEAPOP. Kvart år reiser han til fuglefjella utanfor Røst under hekkinga, og det blir stillare i fjellsidene for kvart år.

– Det er trist å sjå på. Hovudaktiviteten min har blitt å dokumentere korleis fuglefjella blir tømde for fugl.

I fjor døydde så godt som alle lundefugleungane på Røst for tiande året på rad på grunn av matmangel. Lundefuglane er svært avhengig av sildelarvane som kjem rekande nordover med kyststraumen.

– No har vi ikkje hatt ei verkeleg vellukka sildegyting sidan 2004, og makrellen beitar nok hardt på sildelarvane. Men vi har enno ikkje data nok til å kunne seie sikkert kor stor rolle makrellen spelar for sjøfuglbestandane, seier Anker-Nilssen.

 

Makrell mot laks

Kva med laksen? Innsiget av villaks til norskekysten er halvert sidan 1980-talet, ifølgje Vitskapleg råd for lakseforvalting. I media får oppdrettsnæringa det meste av skulda, først og fremst gjennom lusesmitten frå oppdrettsanlegga. Men Jens Christian Holst trur at konkurransen frå makrellen ute i havet spelar mykje større rolle. Han meiner den store makrellbestanden tek maten frå smolten som nyleg har kome ut i havet: Makrell og ung laks beitar på mange av dei same små krepsdyra og småfisken.

– Da eg sjølv byrja å forske på laks ved Havforskingsinstituttet tidleg på 1990-talet, var eg først overtydd om at lakselusa frå oppdrettsanlegga kom til å ta knekken på villaksen. Men forskingsresultata våre underbygde ikkje dette, seier Holst.

– Lakselusa kan ha ein viss påverknad på villaksestammane, men konkurransen frå makrellen er langt viktigare. Dessverre er villaksforkjemparane så opphengde i ideen om at lakselusa er problemet, at dei ikkje vil høyre på andre forklaringar.

Holst viser til fleire indisium for å underbyggje påstanden sin: På 1970-talet, da silda i Norskehavet var nesten borte og makrellbestanden òg var liten, la laksen på seg langt meir første året i sjøen enn han gjer i dag. På 70-talet var òg laksefisket i Noreg svært godt. Holst viser òg til at lakseelvar i land og regionar der det ikkje er oppdrett, har hatt større tilbakegang enn elvar på Vestlandet og i Trøndelag dei siste tiåra.

– Eg meiner at oppdrettsnæringa bør gå over til lukka anlegg, av ei rekkje ulike årsaker. Men det er ikkje lakselusa som er årsak til nedgangen i laksebestanden. Laksen kjem attende når maten hans kjem attende, seier Holst.

 

Manglar data

– Hypotesane til Jens Christian Holst om laksen er interessante, men dei er ikkje underbygde med data, seier Vidar Wennevik. Han er forskar ved Havforskingsinstituttet, og har laks som spesialfelt.

– Vi veit at overlevinga til laksen i havet varierer mykje, men vi har ikkje dekning for å slå fast at det er klar samanheng med storleiken på makrell- og sildebestandane. Vi trur at laksebestandane var større på 1970-talet, da både makrell- og sildebestandane var svake, men fangststatistikken frå den tida er usikker.

Wennevik understrekar at lakselusa ikkje kan vere den einaste årsaka til nedgangen i villaksestammane.

– Problemet med lakselus var større på 1990-talet enn det er i dag. Da var det færre oppdrettslaks i sjøen, men til gjengjeld var lusekrava til oppdrettarane mykje svakare, og smittepresset var større enn i dag. Å leggje all skuld for nedgangen på lakselusa er ei forenkling. Men lusa bidreg nok til nedgangen for laksen i ein del regionar, seier Vidar Wennevik.

 

Usikre metodar

Den ekstreme utviklinga til makrellbestanden det siste tiåret har ført til at mange har sett spørjeteikn ved metodane som ligg til grunn for bestandsestimata og kvoteråda frå ICES.

I ein god del år førte utilstrekkelege målemetodar til at makrellbestanden vart undervurdert, vedgår Leif Nøttestad, som er bestandsansvarleg for makrell ved Havforskingsinstituttet. Tidlegare var målingar av makrellegg i dei tradisjonelle gyteområda hovudgrunnlaget for anslaga, men metoden fanga ikkje opp bestandsauken og utvidinga av leveområdet.

– Vi såg at kartet ikkje stemde med terrenget. Fangstane var kvart år større enn forskarane tilrådde, likevel heldt bestanden fram med å vekse, seier Nøttestad.

Havforskingsinstituttet har vore pådrivar for å endre målemetodane for makrellen. Etter innføringa av årlege tråltokt i Norskehavet og merkeforsøk for å måle bestanden, vart bestandsanslaget til ICES dobla i 2014.

 

– Ei gladhistorie

– Det er truleg så mykje makrell no at produksjonen av dyreplankton ikkje held følgje. Vi ser at vekta til makrellen går ned, truleg på grunn av redusert mattilgang. Og det kan vere at makrellen har ein negativ effekt på hekkinga til ein del sjøfuglartar. Han er ein utruleg effektiv predator på plankton og fiskelarver, seier Nøttestad.

Han er likevel ikkje samd med Jens Christian Holst i at auken i makrellbestanden skal sjåast på som eit problem.

– Eg synest først og fremst dette er ei gladhistorie. Vi må ikkje uroe oss så mykje, men prøve å forstå kva som skjer. Makrellen er ein fantastisk, sunn matressurs for mennesket. Dei moglege problema for sjøfuglane er sekundære i samanlikning.

– Holst meiner handteringa av makrellen det siste tiåret er ein forvaltningsskandale?

– Det er politikarane som har forvaltningsansvar. ICES gjev berre råd. Det er lett å kritisere oss frå utsida, men vi som skal lage bestandsmål i ICES, må ha kvantitative data å slå i bordet med. Det er mogleg vi burde fiske meir. Men det er som regel verre å fiske for mykje enn for lite.

– Det siste anslaget frå ICES er at gytebestanden av makrell er litt under fem millionar tonn. Meiner du sjølv, ut frå din kunnskap, at anslaget er rett?

– Det vil eg ikkje uttale meg om. Eg respekterer dei råda som ICES kjem fram til i fellesskap, seier Leif Nøttestad.

 

 

Ein uransakeleg fiskebestand

Den kolossale auken i makrellbestanden er eit mysterium for havforskarane.

Det er ingen openberre grunnar til at makrellbestanden skulle vekse som han har gjort det siste tiåret. Det har ikkje vore registrert vesentleg nedgang i artar som et makrell i denne perioden, og bestanden av makrellstørje har teke seg litt opp dei siste åra.

Det har heller ikkje vore nedgang i fisket det siste tiåret, i alle fall ikkje på papiret: Dei samla europeiske fangstane av nordaustatlantisk makrell er nesten dobla sidan 2003, og er no på over ein million tonn årleg. Det er dels fordi Færøyane og Island har gjeve blaffen i kvoteråda frå ICES og fiska langt meir makrell enn det som var tilrådd.

Noreg og andre medlemsland i havforskingsrådet ICES protesterte skarpt mot dette, og kalla fisket til islendingar og færøyingar «uforsvarleg» og «ikkje berekraftig». Men naturen har gjeve dei trassige øyfolka rett og vist at havforskarane tok feil: Trass i dette «overfisket» har makrellbestanden auka til eit nivå som vi aldri før har sett.

Ei mogleg delforklaring er at kontrollen med makrellfisket har blitt betre i Europa dei siste åra, og at tjuvfisket er redusert. Fisket i tidlegare tiår var truleg langt større enn statistikken tilseier, noko som kan ha halde bestanden i sjakk.

– Eldre fangstdata for makrellen er svært usikre, påpeikar bestandsansvarleg Leif Nøttestad ved Havforskingsinstituttet.

– Det var truleg mykje tjuvfiske etter makrell på 1990-talet og tidleg på 2000-talet. Kanskje var dei reelle fangsttala meir enn tre gonger større enn dei offisielle tala. Dette skapte òg problem for havforskarane som skulle vurdere storleiken på bestanden.

Auken i makrellbestanden er uansett noko av eit mysterium, meiner Nøttestad.

– Vi veit at makrellen har hatt ei rekkje vellukka gytesesongar som har gjeve sterke årsklassar det siste tiåret. Men kvifor det har blitt slik? Ingen har noko godt svar. Du må nesten spørje gud om det, seier Nøttestad.

– Framleis er det mykje vi ikkje forstår av mekanismane som gjev sterke og svake årsklassar av fisk. Men det kan vere at endringar i vindfelta og straumsystema i havet har medverka til den vellukka gytinga for makrellen.

Nøttestad er i alle fall klar på at oppvarminga av havet ikkje kan forklare auken i makrellbestanden.

– Temperaturen ville ikkje hindra makrellen i å gå langt mot nord og vest for 20 år sidan heller. Det er ikkje stigande vasstemperatur, men heller veksten i bestanden som får makrellen til å gå mykje lenger nord enn før. Han vandrar lenger fordi han ikkje finn nok mat i dei tradisjonelle leveområda sine.

knapp knapp