Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 25.05.2018

Gå til toppen

Toppen

Den finske løysinga

| Den 8. juli 2016

NRK-lisensen bør bytast ut med ei anna ordning, konkluderer eit ekspertutval som Kulturdepartementet har sett ned. Mandatet har vore å koma med framlegg til finansiering av NRK i framtida.

Utvalet konstaterer at dagens lisensordning har stor oppslutnad, men dei siste åra har ho kome under sterkt press. Stadig fleire brukarar slepp unna å betala lisens. Folk som ser fjernsynssendingane på datamaskiner og smarttelefonar, betalar ikkje, og det har vorte fleire av desse gratispassasjerane. Utvalet har vurdert ulike modellar og konkluderer med at det bør innførast ei avgift for alle husstandar i landet – uansett om dei har fjernsyn eller ikkje.

Ei slik husstandsavgift kjem til å auka NRKs inntekter med fire til fem prosent. Statskanalen hadde i fjor inntekter på 5,4 milliardar kroner i lisens. Den nye ordninga kjem til å kosta husstandane om lag det same som dagens lisens eller litt mindre.

Kulturministeren vil førebels ikkje ta stilling, men skal koma med eit framlegg før jul. Dermed kan det verta ei omlegging av NRK-lisensen neste år. Fleire av partia på Stortinget er kritiske til å skrota NRK-lisensen til fordel for ei ny husstandsavgift. Venstre, SV og KrF meiner at avgifta må ha ein sosial profil.

Blant modellane som ekspertutvalet har vurdert, er også den som Finland har hatt i tre år. Den inneber at folk betalar ei medieavgift over skattesetelen til YLE, og inntekta avgjer summen. Dette skal vera ei effektiv og lite byråkratisk ordning, som synest å vera meir rettferdig enn ei husstandsavgift som er den same for både fattig og rik. I ei tid med aukande skilnader i samfunnet på mange felt vil det vera eit steg i rett retning å velja ei ordning som tek omsyn til den varierande betalingsevna til folk.

Kulturkomiteen på Stortinget gjekk i vinter inn for at den nye finansieringsmodellen må ha ein betre sosial profil enn i dag. Det burde liggja godt til rette for den finske løysinga.

Dag og Tid ønskjer lesarane god sommar. Neste avis kjem fredag 5. august.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa