Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 19.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Den delte bevisbøra

| Den 5. januar 2018

Den delte bevisbøra

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Rettsleg sett veg det tungt korleis den som kjenner seg utsett for trakassering, opplever situasjonen, seier jussprofessor Ingunn Ikdahl.

Etter krisemøtet i Arbeidarpartiet denne veka opna Ap-leiar Jonas Gahr Støre for at Trond Giske ikkje kjem tilbake som nestleiar i partiet. Varslingane mot Giske er omtalte som rapportar om «ubehagelig omgang av seksuell karakter». Støre seier han vil konkludere når Giske har fått gje sin versjon av «om det har skjedd seksuell trakassering».
Ingunn Ikdahl er professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og har jamstillings- og diskrimineringsrett som spesialfelt.
– Kva må til for at noko skal definerast som seksuell trakassering?
– Seksuell trakassering er forbode etter jamstillingslova. Det er definert som uønskt seksuell merksemd, både fysisk åtferd, som tafsing, eller verbal, som spelar på kropp, kjønn og seksualitet. Det gjeld dersom handlingane har som føremål eller verknad å vere krenkjande, skremmande, fiendtlege, nedverdigande eller audmjukande.

Les heile samtalen i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa