Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 16.12.2017

Gå til toppen

Toppen

Dei heimlause folkekyrkjesakene

| Den 26. mai 2017

Dei heimlause folkekyrkjesakene

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Oppgjeret etter skiljet mellom kyrkje og stat kjem til å enda i ein dragkamp om pengar.

Christian III slo to fluger i éin smekk i 1537: Noreg blei eit lydrike under danskekongen, og han tvinga gjennom den lutherske reformasjonen. Kongen eksproprierte også den katolske kyrkjas eigedommar, og dei er førte vidare som Opplysningsvesenets fond. Stat og kyrkje smelta saman, med Kongen og hans embetsmenn som kyrkjestyre.

Denne ordninga heldt fram etter frigjeringa frå Danmark. Kyrkje, skule og kultur høyrde uløyseleg saman i norsk statsforvaltning frå 1814 til 1981. Kyrkje og undervisning låg under same statsråd, som sjølvsagt måtte høyra til den evangelisk-lutherske, norske kyrkja. Det måtte også alle andre statsrådar fram til ei grunnlovsendring i 1919 opna for at personar som ikkje var medlem av statskyrkja, kunne sitja i regjering. Den endra paragraf 12 blei kalla Lex Mowinckel etter venstrepolitikaren Johan Ludwig Mowinckel som hadde meldt seg ut, var gift tre gonger og blei statsminister tre gonger.

Men det var framleis eit grunnlovskrav at «af Statsraadets Medlemmer skulle over det halve Antal bekjende sig til Statens offentlige Religion». Dei var «kyrkjeleg statsråd» som utnemnde biskopar, tilsette prestar, var overdommar i lærespørsmål og bestemte i kyrkjelege saker.

 

DEN HEGEMONISKE kulturkoplinga sprakk då Kåre Willoch tok det opplagde statsrådsemnet Lars Roar Langslet med i den reine Høgreregjeringa i 1981, for han var katolikk. Han fekk eit eige kulturdepartement som blei ført vidare av humanetikaren Åse Kleveland (Ap). Men kyrkje og undervisning var framleis eitt under dei ikkjepåfallande sterkt-truande statsrådane Einar Førde og Gudmund Hernes.

Etter tusenårsskiftet har det vore departement både for forsking, utdanning og kultur. Kyrkjesakene har vore i flyt etter dei aktuelle stastrådanes konfesjon: om dei var medlem av statskyrkja, pinseven, muslim, humanetikar eller uorganisert gudlaus. Under Valgerd Svarstad Haugland (KrF) var kyrkjesakene tilbake saman med kulturen. Éi tid låg dei under Rigmor Aasrud (Ap) i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. I Solbergs første år sorterte dei under kulturminister Thorhild Widvey, som blei landets siste kyrkjeminister.

Etter det formelle skiljet mellom kyrkje og stat, er Linda Cathrine Hofstad Helleland berre kulturminister, men ho har også ansvar for idrett og doping, den norske folkekyrkja, alle livssynsamfunn og ymist anna. Til jul sende ho ut to hyrdebrev: eitt om at det norske er å gå på tur, eta Kvikk Lunsj og lika Bjørgen og Bjørndalen, og eitt om at ingen skal merka særleg til skilsmålet mellom kyrkje og stat. Ved himmelfarttider må ho beherska ubikviteten: vera «allstedsnærværende», kunna syna seg fram med fleire bodskapar på ulike stader på same tid.

 

I GRUNNLOVAS nye § 16 heiter det: «Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.»

Det heiter også: «Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov.» Det betyr at regjeringa og Stortinget skal legga rammene for den fristilte og sjølvstyrte folkekyrkja i ei lov som er felles for alle trussamfunn. Der ligg det mange freistingar til styrande føringar og kontroll med organisering, likestilling, integrering og samfunnsnytte. Særleg når det offentlege sit på pengesekken og skal finansiera og sanksjonera både den tidlegare statskyrkja og alle andre «på lik line».

 

DET ER STORE omskifte på gang i kultur og tradisjon, i praktiske og legale ordningar. Regjeringa har varsla ei stortingsmelding neste år om ein heilskapleg religionspolitikk i ein livssynsnøytral, sekulær stat med like rettar for alle trudomssamfunn. Då er det underleg at den detaljerte lova kjem før meldinga som skal legga opp til ei brei drøfting av alle sider ved dette kulturskiftet.

Det er heller ikkje avklart kva som skal skje med det grunnlovsfesta Opplysningsvesenets fond, som har ein kapital på 3,55 milliardar kroner i skogseigedommar, aksjar, prestebustader og leigeinntekter frå festetomter på prestegardsjord. Desse midlane vil Kyrkjerådet slå kloa i og bruka avkastninga «til geistelighetens beste».

 

DEPARTEMENTET har arbeidd med ulike modellar i spennet mellom offentleg finansiering og meir individualiserte ordningar. Det er drøfta skifte i økonomisk ansvar mellom stat og kommune, om tilskott skal givast etter reglar eller skjønn, men også opplegg med offentleg og kollektivt innkravd livssynsavgift for alle, eller privat kontingent for medlemmer.

Det er grunn til å tru at regjeringa kjem til å gå inn for at det meste skal bli som før, men med små justeringar der det ligg både djevlar og piskar gøymde i detaljane. Så då endar det nok med ein dragkamp om pengar. I den saka har Byråsjefen ei klar melding: «Dei som vil ha dukatar frå oss, må me ha styring med.»

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

knapp knapp