Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Brexit i krise

| Den 5. oktober 2018

Forhandlingane mellom EU og Storbritannia om brexit er no i ein avgjerande fase. Det går ikkje Storbritannias veg. Dei viktigaste britiske ynska vert avviste av EU. Den tyske politikaren Manfred Weber, ein av dei fremste kandidatane til å verte ny president i Europakommisjonen, sa det klart denne veka: Om ein vel å gå ut av EU-fellesskapen, misser ein fordelane ein har som medlem, og ein må ikkje tru at ein etterpå fritt kan plukka fordelar etter eige ynske.

Hovudproblemet for Storbritannia er at dei framleis ynskjer fri tilgang til EUs indre marknad. Det er greitt for EU, men då må britane godta alle EUs fire fridomar – fri rørsle av personar òg. Som Noreg har gjort. Noreg er meir EU-tilpassa enn Storbritannia nokon gong har vore. Noreg er til dømes med i Schengenavtalen. Det er ikkje britane.

Kravet frå EU om å godta alle fire fridomane synest rimeleg, for elles kan dei fort oppleva at andre EU-land vil be om det same. På den andre sida kan ikkje Storbritannia gje etter for dette kravet, for motstanden mot fri arbeidsinnvandring var hovudargumentet for brexit.

Statsminister Theresa May har prøvd seg med eit kompromiss denne veka. Ho vil godta ei avgrensa innvandring av folk med kompetanse som Storbritannia treng, men ikkje innvandrarar som overtek lågtlønte, ufaglærte arbeidplassar. Framlegget vart kontant avvist av EU.

Det verkar no lite truleg at det er råd å få til ein god brexit-avtale både for EU og for Storbritannia. EØS-avtalen er ikkje noko alternativ for britane. EØS har jo fullt og heilt teke opp i seg dei fire fridomane.

Partane har hamna i ein svært uheldig situasjon, ein situasjon som kunne vore unngått. Folkerøystinga i si tid burde vore om ein konkret framforhandla brexitavtale, ikkje om Storbritannia skulle melda seg ut eller ikkje, same kva. Difor bør britane no få ein ny sjanse til å seia meininga si i ei folkerøysting når resultatet av forhandlingane er klare.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa