Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2017

Gå til toppen

Toppen

Bonden og verdshandelen

| Den 6. oktober 2017

0 Flares Filament.io 0 Flares ×

Verdshandelsorganisasjonen (WTO) held neste veke eit førebuande møte i Marrakech i Marokko, før den store ministerkonferansen i Buenos Aires i desember. På desse møta kan kritisk merksemd rettast mot den norske landbruksstøtta. Subsidiar er som sand i maskineriet for global vareflyt, og det er slike hinder organisasjonen har til oppgåve å rydda av vegen. Han har ikkje andre omsyn å ta.

Målet er frihandel, vegen er bindande avtalar mellom dei 160 medlemslanda og dulde sanksjonar mot ikkje-medlemer. Ikkje-medlemslanda er såleis stort sett ein handfull lutfattige, krigsherja røvarstatar med lite å tapa. Pluss Iran, som USA til no og med vikarierande motiv har lukkast blokkera. Russland smatt ikkje inn før i 2011, saman med Montenegro, Samoa og Vanuatu.

WTO er dominert av dei største aktørane på verdsmarknaden, USA, EU og Japan, og det pregar framlegga og vedtaka, fortel Hildegunn Gjengedal i Bondelaget: «For å få gjennom eit framlegg i WTO, må dei leggja seg på eit slikt nivå at det ikkje får betyding for dei store aktørane. Det kjem likevel til å råka nokre få små og nettoimporterande land. Noreg kjem til å verta aller hardast råka, for vi brukar ein så stor del av den i dag tillatne støtta».

Noreg subsidierer landbruket mest av di me har hatt råd til det, og av di røysteføre her i landet har sett ein større verdi i å ha lokal og nasjonal matproduksjon. Frå den førre, raudgrøne regjeringa kunne ein såleis venta sterk motstand mot eit slikt framlegg, då det hadde råka minst eitt av dei dåverande regjeringspartia midt i mellomgolvet.

Kva kan me venta i WTO av den sitjande regjeringa? Truleg ikkje all verda. WTO kan tvert om hjelpa Siv Jensens parti «til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep» også i den norske landbruks-økonomien, ja, kan henda især der.

Denne kombinasjonen av omstende gjer det interessant å følgja med i Marrakech, utan å venta for mykje av sluttproduktet, som i beste fall er framlegg til ei sakliste for ministermøtet i Buenos Aires.

knapp knapp