Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 17.10.2018

Gå til toppen

Toppen

– Blonde on Blonde er Dylans beste album

| Den 8. september 2016

– Blonde on Blonde er Dylans beste album

Tom Roger Aadland er klar med Bob Dylan-plate nummer to. I 2009 hadde han stor suksess med plata Blod på spora, som er ein nynorsk versjon av Dylans Blood on the Tracks. Foto: Arash Taheri

Femti år etter at Bob Dylan gav ut Blonde on Blonde, kjem den nynorske versjonen.

Det skjer neste veke når Tom Roger Aadland gjev ut Blondt i blondt. Då er det sju år sidan han gav ut den førre Dylan-plata, Blod på spora, som fekk strålande kritikkar.
Rockepoeten frå den vesle bygda Vikebygd nokre mil nord­­om Haugesund har lenge hatt eit varmt forhold til Bob Dylan.
– Det var ikkje mange åringar på Vestlandet som høyrde på platene til Bob Dylan i 60-åra. Jamaldringane mine høyrde mest på Kiss og Queen, men Blonde on Blonde var ei av dei første platene eg skaffa meg. Særleg den siste messande og langsame melodien «Sad-Eyed Lady of the Lowlands» gjorde sterkt inntrykk, fortel Aadland.
På den nye plata har melodien fått tittelen «Sorgsame kvinne frå Jæren», og han byrjar slik:
«Med din merkurmunn i eit misjonsmagasin
Og dine auge som røyk og dine bøner som rim
Og din sølvkross klår, og di klokkerøyst som skin»

Tom Roger Aadland meiner at Blonde on Blonde er Dylans beste plate.

Les heile artikkelen i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa