Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 17.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Bitcoin for millionar i gamle fabrikklokale

| Den 13. juli 2018

Bitcoin for millionar i gamle fabrikklokale

Foto: Wikimedia Commons

På Dale og Follum er det ca. 11.000 datamaskiner som har i oppgåve å vinna ut bitcoin. Det kan verta mange fleire, fortel Gjermund Hagesæter, som er talsmann for Kryptovault og medeigar i Kryptovault Dale.

I gamle og tomme fabrikklokale summar det i tusenvis av datamaskiner. Termometeret inne og støymålaren utanfor syner om lag det same – i underkant av 60 grader inne og i overkant av 60 desibel ute.

Formålet er å vinna ut bitcoin – eller virtuelle pengar – for mange millionar kroner. Då Bergens Tidende skreiv om oppstarten på Dale i byrjinga av april, var det mange som trudde det var ein aprilspøk, men det var det ikkje. I slutten av mai hadde dei ca. 2000 datamaskinene i det gamle fabrikklokalet vunne ut 122 bitcoin – som svarte til 8,5 millionar kroner.

Les heile saka i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa