Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 16.12.2017

Gå til toppen

Toppen

Aukande vald

| Den 16. juni 2017

Vi opplever for tida meir vald og fleire masseslagsmål blant ungdom. Ofte er det lause ungdomsgrupperingar som av ulike årsaker brakar saman – ikkje éin person mot ein annan, men ti mot ti. Eller det kan vera vald der ein gjeng ungdomar bankar opp utvalde eller tilfeldige einskildpersonar.

Og valden er grovare enn før. Politiet fortel at valdsutøvarane ofte held fram med å slå og sparka òg etter at offeret ligg nede. Og det skal ofte lite til før valden oppstår. Ein uheldig kommentar på sosiale medium kan føra til at nokre ungdomar bestemmer seg for å banka opp ein person.

Ein skal ikkje overdramatisera situasjonen, det er ikkje så mange det er tale om, men ein slik valdskultur – eller gangsterkultur – er alvorleg om han får utvikla seg. Fyrst og fremst for dei som vert utsette for slik vald. Men det fører òg til ei forråing av samfunnet og til frykt blant mange i ungdomsmiljøa. Difor må vi gjera vårt beste for å stogga denne utviklinga.

Kva gjer vi så? Fyrst må vi vita kva som er årsaka til den uheldige utviklinga. Deretter må ein satsa på førebyggjande arbeid. Men det er eit tiltak som det er provoserande lett og uforpliktande å koma med om ein ikkje fylgjer opp med nok ressursar. For førebygging er eit krevjande, langsiktig arbeid som må utførast av skulen, barnevernet og politiet.

Men valden vi no opplever, må òg møtast med konkrete tiltak mot ungdomane som står bak valden, med tydelege sanksjonar der foreldra er involverte i oppfølginga.

Politiet seier at det ikkje er fleire ungdomar som er aktive i valdshandlingane enn at ungdomane kan fylgjast opp individuelt. Ei slik konkret oppfylging må politiet, barnevernet og skulen få nok ressursar til å gjennomføra. Fråvær av vald er eit umåteleg stort gode for ein samfunn.

knapp knapp