Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.05.2017

Gå til toppen

Toppen

Augneblinkskunsten

| Den 10. mars 2017

Augneblinkskunsten

Foto: Erlend Lorentzen

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

På scena er han Hamlet, den triste og hemngjerrige prinsen av Danmark. Bak scena er han Preben Hodneland frå Lindås.

Han er ein av verdslitteraturens mest komplekse karakter. Den danske prinsen i Shakespeares stykke fascinerer forskarar, lesarar, litteraturvitarar, teatertilskodarar – til og med psykologar. Hamlet er slu, vittig, brutal og sårbar. Men kven Prebens Hamlet er, det er spørsmålet.

Første gong ein ser Preben Hodneland, får ein ei kjensle av å bli starstruck. Du veit når du blar i kjendismagasin og ser Hollywood-stjerner i smoking på den raude løparen på ei side, og så ser du dei i joggedressar gatelangs når du blar til neste. Vel, Preben Hodneland to timar før hans 25. Hamlet-framsyning er litt slik.

– Hei, sorry for at eg er sein. Eg har nett vore og trent, seier skodespelaren, med hette over hovudet og ei bag over skuldra. Med raske steg syner han veg inn i Bergen-teaterets underetasje.

I garderoben til Preben, eit rom som er større enn dei fleste studentkollektiv, ligg det ei pakke sure sild på bordet, og fleire handskrive brev heng på veggen over spegelen. Elles er garderoben heilt tom for personlege eigedelar.

– Å, ja, eg fekk ein pakke sure sild, seier han og ler.

– Det var ein publikummar som bråka sånn med pakninga, så midt under framsyninga gjekk eg bort til henne og spurde om å få ei sild. Og det fekk eg.

Les heile reportasjen skriven av Elise Løvereide i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

knapp knapp