Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 15.08.2018

Gå til toppen

Toppen

Åndeleg atterreising no!

| Den 11. mai 2018

Åndeleg atterreising no!

Bilete frå då forfattar Arnulf Øverland heldt foredrag for kristne studenter om «Kristendommen, den tiende landeplage» i 1962. Foto: Aage Storløkken Aktuell / Scanpix

Det er parti i boka der ein verkeleg hikstar av fryd – går det an å vera så frekk mot det prektige norske åndslivet?

Sakprosa
Kaj Skagen:
Norge, vårt Norge. Et lands biografi
Dreyers forlag 2018

Å atterreisa det åndelege, det er det Kaj Skagen vil. Å finna att det metafysiske, leita opp det religiøse, setja på plass det gløymde i tradisjonen vår frå Hans Nielsen Hauge til André Bjerke slik at alle kan peika på han og seia: Her er den åndelege dimensjonen i norsk åndsliv – den kristne så vel som den antroposofiske – som har hatt så mykje å seia, men som vi har vanskar med å sjå i dag.

Sympatisk, spør du meg. Og ikkje berre fordi han har vore forteia så lenge, den metafysiske dimensjonen, men fordi kulturen i fortida vert fattig og uforståeleg om vi ikkje får med dei åndelege forfattarane og filosofane, kulturpersonane og debattantane, kort sagt dei som ser oss andre frå høgare sfærar.

Skubba til side

Kva er då årsaka til forteiinga som gjer boka til Kaj Skagen så naudsynt og riktig no?

Det kan koma av at andre åndsretningar har vore så dominerande at dei har skubba tradisjonalistar og kristne til side. Sidan Bjørnson forkasta trua hausten 1877, har kristendomen verka litt komisk i norsk samanheng. Alle har då visst kva ein kunne venta av pastor Manders: åndeleg hjelp til å skjøna at moderniteten ikkje kjem frå den kanten. I staden har ein måtta venda seg til kulturradikalismen, til tradisjonen frå Georg Brandes, frå Dei fire store, frå Mot Dag og Pax – erklærte fiendar av reaksjonen. Slik har tradisjonalisme og kristentru kome i skuggen i Noreg.

Men er det òg noko med det åndelege sjølv? Det har ikkje alltid vore på høgda, kan henda. Til fånyttes venta ein i 1920-åra på opprop frå biskopane mot arbeidsløysa. Kvar var dei åndelege i fronten mot fascismen i 1930-åra, åtvaringar mot atombomba frå dei kristne? Blaffet av kyrkjeleg motstand under krigen har ikkje vore nok til å hevda den kristne tradisjonen i det lange løp. Og vegen mot aust for dei kulturradikale etter 1968 – mot Sovjet, Kina, den tredje verda – har gått utan nemneverdig deltaking, kritisk eller på anna vis, frå dei åndelege sjølve.

Jens Bjørneboe

Bortsett frå Jens Bjørneboe, då, helten til Kaj Skagen, den mest omtala personen i Norge, vårt Norge. Skjønt helt! Bjørneboe vart, trass i den åndelege bakgrunnen i Rudolf Steiner og antroposofien, og trass i dei forførande romanane, ein revolusjonær sekstiåttar fylt av svulstig revolusjonstru og tredjeverdamystikk. Pax-forfattar med hud og hår, sjenerøs med rettane i så måte. Han forsvinn då òg ut av soga til Skagen som del av den typisk norske godleiksførestellinga, ho som i konvensjonell samanheng ser oss i fullt alvor som eit «føregangsland», medan vi i røynda sjanglar rundt som ein litt latterleg knøl i verda.

Atterreising

Men viss tilfellet Bjørneboe kan verka patetisk, står han likevel som del av ein tradisjon. Og med Norge, vårt Norge kjem altså atterreisinga av denne tradisjonen. Av nasjonen først. Alle tankar om nasjonen Noreg frå slutten av 1700-talet går ut frå den åndelege dimensjonen – frå Hans Nielsen Hauge, Henrik Wergeland og nedover, sjølv om dette ikkje er forstått i dag, ja, sjølv om det er aktivt forflata av sosialdemokratar som Halvdan Koht og etterfølgjarane hans. Nasjonen er ein åndeleg storleik, og dei som nektar for dette i dag, må sjølve reknast som historielause. Dei 25 sidene om Wergeland som grunngjev dette, er førebiletlege.

Skagens atterreising vidare vert så mykje meir effektiv som ærendet hans har gjeve han ein farleg skarp egg i kulturkritikken. Og denne føremonen vert nytta. Særleg går det ut over forfattarane til venstre – Agnar Mykle, Georg Johannesen og Dag Solstad. Det er parti i boka der ein verkeleg hikstar av fryd – går det an å vera så frekk mot det prektige norske åndslivet? Så ironisk mot dei velmeinande norske ml-arane!

Sjølvsagt kjem boka til å vekkja motstand; polemikken går alt høgt i Klassekampen.

Men merknadene mot figurar som Ask Burlefot og Gymnaslærer Pedersen er ein fryd å lesa, kommentarane om Brandes og seksualprofetane òg. Svingslag og kilevinkar haglar, stort sett vel grunngjevne ut frå føremålet. Myndige dommar i mengder, men ofte slåande – som når Hans Jæger vert kalla «Ånden i (Georg) Brandes’ flaske» eller at bøkene til Bjørneboe vert sagde å ha «en smak av sannhet», av di dei gjev unge lesarar kjensla av å stå på rett side i ein pågåande kulturkamp. Akademiske sosiologar kunne nok ha vore saklegare i påvisinga av dei som fall utanfor, men det var den rasande forfattaren som velta korthuset med å erklæra avvikaren som den moralsk gode.

På det jamne

Andre stader går teksten meir på det jamne. Eg får aldri heilt taket på det spesielle i gamle Monrads filosofi, attgjeven over ti–tolv sider. Er han verkeleg eineståande? Så framoverpeikande? Og eg er ikkje sikker på om omgrepet om «positivisme» og særleg det om «anti-positivisme» (det stammar frå Rune Slagstad), kan gjevast meining som samlande ærend for den åndelege falanksen av antroposofar. Då synest oppsummeringa på side 220 meir treffande: at «når de naturlige drifter i mennesket ikke lenger hemmes av metafysiske, religiøse, mystiske tanker», då kan det gå gale. Dessutan: Kan ikkje antroposofane òg seiast å ha gjort feil – som i den meiningslause kampen mot Darwin? Eller i motstanden mot Mykle? (Skjønt her er forfattaren meir tvitydig enn vanleg, kan henda fordi han sjølv er ein del av den seksualrevolusjonen som han skildrar.)

Ja, eit kjernepunkt er og vert tolkinga forfattaren har av antroposofien. Går han eigentleg god for han? Han vert handsama i éin samanheng som legitim mystikk, altså Guds-lengt, rett nok. Ein figur som Aasmund Brynhildsen tvingar fram respekt i så måte, og forfattaren skal ha ros for rehabiliteringa av han – til og med ved å forsvara han mot sine eigne (s. 217). I andre samanhengar vert antroposofien sett på meir som eit litt fortvila svar på den veldige framgangen naturvitskapane hadde på den tida, som eg sjølv var inne på i Norsk idéhistorie. Altså som ei reaktiv psevdolære.

Det siste vert understreka av noko Skagen tek lett på, nemleg det historiske opphavet rørsla har i austleg mystikk og (dessverre) i reint sprøyt. Noko som neppe gjer henne betre enn andre «austbegeistra» norske exodusrørsler som kommunisme, maoisme, kinabegeistring og så bortetter. Kor langt den siste gjekk, viser att i Arne Næss’ filosofihistorie, som 1976-utgåva gav rikeleg plass til ein «massemorders plattheter», som Skagen skriv (s. 309).

Idéhistorie

Kva sit ein att med reint idéhistorisk? At kampen mot kristendomen er og alltid har vore hovudlina i norsk åndsliv. Kaj Skagen vil nok gjerne utvida frontlina til å gjelda metafysikk og mystikk meir ålment, medan materialet hans syner noko anna. Den norske kyrkja og tilhengjarane hennar har nemleg stått i vegen for all ekte revolusjonsbegeistring frå Wergeland og framover; ho har alltid blokkert seksualdrifta, dessutan bremsa kulturen og hemma oppdrifta – etter det det radikale åndslivet og talsmennene for det meiner. For dei har kyrkja vore hovudfienden.

Dette vert ikkje alltid forstått. Ein tek no ein gong fint på kristenfolket i Noreg, dei representerer ein ressurs. Vi vil òg så gjerne at det skal vera edle føremål som antifascisme og den slags som motiverer forfattarane våre. I røynda er det kyrkjefiendtleg. Agnar Mykle lét seg begeistra over Arnulf Øverland, ikkje på grunn av kampen hans mot fascismen, men fordi – som Skagen viser på side 222 – den eldre diktaren ville stryke kristenkrossen frå flagget. Reint og raudt – det skal flagget vera! Iallfall for den norske kulturradikalaren.

Det er det ein sit att med etter denne strålande morosame, passeleg lærde og innimellom djupt tankevekkjande boka.

Hans Fredrik Dahl
Hans Fredrik Dahl er professor emeritus i historie og tidlegare kulturredaktør i Dagbladet.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa