Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 15.08.2018

Gå til toppen

Toppen

Andedrettet til jorda endrar takt

| Den 3. august 2018

Andedrettet til  jorda endrar takt

Mange bakteriar veit ein særs lite om. Utanfor Longyearbyen har forskarar mellom anna funne metanetande bakteriar i bakken. Dei vil ha innverknad på klimarekneskapet. Foto: Line Nagell Ylvisåker

Gassutslepp frå smeltande permafrost, gassetande bakteriar og andande planter spelar alle ei rolle når kloten tilpassar seg varmare luft.

Medan plenar og åkrar i Sør-Noreg turkar ut og skogar brenn, sit forskarar i Arktis og set saman brikker i det store klimapuslespelet. Ei av dei som puslar, er mikrobiologiprofessor Lise Øvreås ved Universitetet i Bergen og Universitetssenteret på Svalbard. Ho viser fram eit stort, svart, gjørmete sår i bakken like utanfor Longyearbyen. Såret gjorde permafrosten og smeltinga av den synleg for alle.
– Det same skjer med permafrosten i bakken. Når den blir eksponert for varme, vil den smelta og sleppa ut gassar som har vore innkapsla i isen, seier Øvreås.
Gassane metan og CO2 legg seg som eit isolerande lag rundt jordkloten og held på solvarmen. Metan er den kraftigaste av gassane, men den lever ikkje like lenge som CO2.
Andre stader i Arktis måler forskarar store utslepp av metan frå smeltande permafrost. I Adventdalen like utanfor Longyearbyen er det annleis.
– Me finn mest ikkje metan, men til gjengjeld er det ganske høge utslepp av CO2. Det er ein svakare klimagass, men det er veldig mykje av han, seier Øvreås.
Årsaka er mellom anna bakteriar som et metan.

Les heile kommentaren i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa