Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 23.06.2017

Gå til toppen

Toppen

Alt handlar ikkje om Listhaug

| Den 20. januar 2017

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Mahad Abib Mahamud har mista statsborgarskapen sin. Og det er Sylvi Listhaug sin feil, seier norske medium. Der tek dei feil.

I over tretti år har innvandringspolitikken vore det mest kjenslevare som tenkjast kan i norsk politikk. Men det kjenslevare sel, det ser vi på alle dei store oppslaga i media, særleg om einskildlagnader. Førre helg flamma ordskiftet opp på ny. Denne gongen handla det om Mahad Abib Mahamud, som då han var 14 år – om vi skal tru han sjølv – kom til Noreg som einsleg mindreårig asylsøkjar. UDI og UNE har teke frå han statsborgarskapen av di dei meinte han var frå Djibouti og ikkje frå Somalia.

TV 2 rydda sendeflata: «Offer for Listhaugs knallharde line», innleidde nyhendeanker Arill Riise saka no fredag. Mahad, som er bioingeniør, hadde mista arbeidsløyvet som ein direkte konsekvens av at han hadde tapt statsborgarskapen. No stod vi føre ein ny personleg tragedie – eller ny og ny, Klassekampen skreiv om saka i fjor vår.

SINTE POLITIKARAR

Reaksjonane lét ikkje venta på seg: Venstres Trine Skei Grande kunne fortelja at «slik kan vi ikkje ha det». Heikki Holmås (SV) gjekk knallhardt ut mot Listhaug og sa at det burde vera slik at berre domstolane kunne taka frå nokon statsborgarskapen. Abid Raja frå Venstre rykte ut og meinte Listhaug fremja kvardagsrasisme. Thorbjørn Jagland (Ap) gjekk kanskje lengst og skreiv fylgjande på Facebook førre sundag:

«Minus fem, en meter snø i Swartzwald.» (Sic, Jagland hadde teke bilete av seg sjølv i skiløypa, red.mrk.) «Det ble fire mil, hele tiden eitrende forbannet over at man gjør folk statsløse uten lov og dom. Har man glemt Nansenpassene? De ble gitt til dem som ble statsløse etter 1. verdenskrig. 500.000 fikk slike pass og 50 nasjoner anerkjente dem. Det var i en tid da de fleste nasjoner var utarmet etter krigen. Men de hadde plass til de statsløse. Hva nå rike Norge?»

SINTE JURISTAR

Politikarane var ikkje åleine om å reagera. Både strafferettsadvokatane John Christian Elden og Mette Yvonne Larsen gjorde seg til ekspertar på folkerett og kunne fortelja at Mahamud-saka var eit brot på dei europeiske menneskerettane og at Noreg ikkje hadde lov til å gjera norske statsborgar statslause. Dei fekk støtte hjå jussprofessor Mads Andenæs, som i fjor tapte ei sak i Høgsteretten – om asyl. Han hevda at det var brot både med den norske grunnloven og dei europeiske menneskerettane for Noreg å senda ein afghansk barnefamilie attende til Afghanistan. Det sa Høgsteretten at det ikkje var.

Lengst gjekk likevel pressa. Berre få timar etter TV 2s oppslag skreiv samfunnsredaktøren i Nordlys, Lasse Jangås, eit ope brev til statsminister Erna Solberg (H) med fylgjande overskrift: «Erna, vi må snakke om Sylvi». Ingressen var like tydeleg: «Kjære Erna, la oss legge politisk uenighet til side, la oss være enige om én ting: Vi må for faen kunne oppføre oss som folk.» Jangås kravde enkelt og greitt på vegner av det norske folk at Solberg skulle fjerna Listhaug: «Du må få has på henne, Trump-taktikken hennes. Du har makt, myndighet og midler til å stoppe umenneskeligheten hennes. Og det er på høy tid, mange av oss har ventet lenge.» Han kunne òg fortelja at Mahamud var sjanselaus mot systemet sidan han ikkje ville få ei rettssak, noko han får alt no i februar.

SÅ FAKTA

Kort sagt stod vi overfor det som har vore ein klassisk vinkel dei siste åra: Listhaug kastar ut folk utan lov og dom. Lat oss sjå nærare på fakta. Kva var til dømes Listhaugs rolle i denne saka? Sva- ret er enkelt: Listhaug har ikkje hatt noko som helst med saka å gjera. Mahamud har sjølv opplyst på Facebook at UDI oppretta sak mot han i 2014: «Sommeren 2014 ringte Politiets utlendingsavsnitt meg. De sa de hadde fått et anonymt tips. Jeg ble kalt inn til et intervju, som varte i to dager. Jeg fikk vite at Politiet mente at jeg hadde gitt uriktig forklaring til UDI da jeg kom til Norge.» I 2014 var Listhaug landbruksminister.

Etter avhøyr sende politiet saka automatisk vidare til UDI som eit mogleg brot på Statsborgarlova av 2005. UDI har i ettertid gått ut på eigne nettsider og fortalt at dei ikkje har teke imot nokon ny instruks om å endra praksis i saker der det er mistanke om at ein person har fått statsborgarskap på falske premissar. Mahamud fekk norsk statsborgarskap i 2008, tre år etter at det noverande lovverket vart vedteke i Stortinget.

At Jagland, Skei Grande og Holmås reagerte så sterkt på vedtaket, er òg litt underleg. Det var Odd Einar Dørum som på vegner av regjeringa la fram forslaget om ny statsborgarlov for Stortinget. I 2005 var han justisministter for Venstre, og hans faste vara på Stortinget i heile denne perioden var nett Skei Grande. Lova vart laga på basis av ein større NOU, der nokre av landets fremste juristar på menneskerettar og statsborgarskap var med. Utvalet gjekk utan dissens inn for at personar kunne mista statsborgarskapen dersom dei hadde fått norsk pass på falske premissar.

PROPPEN I SYSTEMET

I Odelstingsproposisjon nr. 41 2004–2005, som vart lagt fram for Stortinget, skreiv Justisdepartementet dette (s. 180): «Når det gjelder utvalgets forslag om at eventuell statsløshet ikke skal hindre tilbakekall av statsborgerskap, når ugyldigheten skyldes søkeren, slutter departementet seg også til dette. Også Europarådskonvensjonen av 1997 tillater tilbakekall i slike tilfeller. Som følge av forslaget om at ny lov skal bygge på hovedprinsippet om ett statsborgerskap, jf. punkt 4.2, vil for øvrig en person som får norsk statsborgerskap tilbakekalt på grunn av ugyldighet som hovedregel, bli statsløs.»

Mahamud framstilte seg sjølv som analfabet. Berre eitt og eit halvt år seinare gjekk han ut av ungdomsskulen med karakteren 6 i fransk.

I konvensjonen frå Europarådet, som altså vert leia av nettopp Jagland, kan vi lesa dette i artikkel 7: «1. En statspart kan i sin nasjonale lovgivning ikke gi bestemmelser om tap av dens statsborgerskap ex lege (etter lov, red.mrk.) eller på statspartens initiativ unntatt i følgende tilfeller: (…) b. erverv av statspartens statsborgerskap ved hjelp av svikaktig fremferd, falske opplysninger eller fortielse av relevante fakta vedrørende søkeren.»

Justiskomiteen, der Anita Apelthun Sæle (KrF) var saksordførar, stilte seg samrøystes bak framlegget til Dørum: «Komiteen støtter forslaget om at det i ny statsborgerlov inntas en bestem- melse om tilbakekall av statsborgerskap gitt på grunnlag av uriktige eller ufullstendige opplysninger. Komiteen er enig i at dette kun bør gjelde søkeren og at det skal kreves forsett.» Då saka kom til avrøysting i stortingssalen, finst det ikkje spor av at Skei Grande, Jagland eller nokon annan røysta mot framlegget, som altså har vore lov sidan 2005 og har ført til at ei rekkje innvandrarar som har fått norsk statsborgarskap, har mista det etter at dei har vorte avslørte.

EIN KONKLUSJON

For å summera opp: Listhaug har ikkje hatt noko med saka å gjera, og det er ikkje ulovleg å taka frå personar statsborgarskapen. Men dette tyder ikkje at domstolane vil koma til at det er rett å taka frå Mahamud statsborgarskapen.

Domstolane har ei sjølvstendig plikt til å sjå om ein slik reaksjon er «rimeleg», altså at det må vera eit samsvar mellom brot og sanksjon. Mahamud kom hit som barn og har budd her mesteparten av livet. Då vil domstolane kan hende seia at det ikkje er rimeleg at han mister statsborgarskapen. Det vi kan slå fast, er at pressa har gjeve ei nokså feilaktig dekking av denne saka. Men pressa er ikkje åleine om å feila, ein kan òg lura på kva UDI har halde på med.

95 prosent av dei som søkjer asyl i Noreg har tradisjonelt ikkje papir på kven dei er. Nokre har sjølvsagt ikkje papir av di dei har måtte flykta i hu og hast, andre skjuler papir av di dei ikkje vil at staten Noreg skal finna ut kven dei verkeleg er. Manglande papir gjev altså høve til å juksa. Då Mahamud kom til Noreg for 17 år sidan, var det mange år sidan Somalia hadde hatt skular og undervising, og Mahamud framstilte seg sjølv som analfabet sjølv om han òg hevda å ha budd i Etiopia. Berre eitt og eit halvt år seinare gjekk han ut av ungdomsskulen med karakteren 6 i fransk. I det området av Somalia som Mahamud hevdar han er frå, finst ikkje fransk som korkje tale- eller skriftspråk.

Etter at Mahamud fekk asyl i Noreg, fekk han òg rett til å henta foreldra og mindreårige sysken til Noreg, noko han gjorde. I intervju med UDI i 2000 fortalde faren at Mahamud var frå nett Djibouti og hadde eit anna namn. Foreldra nytta òg fransk transkribering av eigne namn. Kva gjorde så UDI med desse opplysingane? Ingenting. Foreldre, sysken og Mahamud fekk opphald i Noreg. Heller ikkje då Mahamud søkte om norsk statsborgarskap i 2008, gjorde UDI noko med opplysingane dei sat på.

Fyrst då politiet fekk eit anonymt tips, 15 år etter at Mahamud fekk asyl og seks år etter at han fekk statsborgarskap, gjorde UDI noko, og det på initiativ frå ordensmakta. Og det er nok her Mahamud og advokaten hans har dei sterkaste argumenta når rettssaka byrjar. Listhaug og internasjonale konvensjonar er ei avsporing, men så lever pressa ofte på avsporingar.

Etter at denne saka vart skriven, syner det seg at Stortinget vil overlata sakshandsaming av statsborgarskap til rettsapparatet. Då må vi tilsette mange nye dommarar, og advokatane får mykje meir å gjera. I tillegg får vi meir politikarforakt.

knapp knapp