Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 23.07.2018

Gå til toppen

Toppen

Å Vestland, Innland

| Den 13. april 2018

Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik
halvert og strippa, ikkje deg sjølv lik
Kva er du utan Klepp og Surnadal?
– ein dårleg plan og brot med namnemal

Du kunne høyrt på tips og språkleg råd
som fremja Gula, Bjørgvin eller så
I staden kaprar du eit større vi
og vil gjer’ avgjerda til berre di

Å kjære Viken, har du tenkt deg om?
Kva knyter deg til fjell i syningom?
Du er eit sjukehus nær sjø og hav
og dekkjer ikkje vidde, mose, lav

Du burde heller sett mot skarv og dal
og funne namn som samla, betre val
No gjekk du vill deg i sentrale strøk
Nei, finn på anna, skjerp deg, leit og søk

Å kjære Innlandet, kva vil du ver’?
Den grensa utanlands, ho er alt der
Ho treng ‘kje namnmøtast frå landet bak
Du har jo eigne særpreg, lukt og smak?

Vi har høyrt Eidsiva og dagens to
Hedmark, Oppland – trass alt betre enn no
Du kunne ropt mot skogen, fjell og dam
Du kunne gripe høvet, vist deg fram

No er de fremja, hjelpelause tre
Identitet – fornuften bøygd i kne
Og ei regjering som står på si sak
Kan einkvan vaksen snart få teke tak?

Vi bør få skrike ut og seie stopp
på tvers av landet både ned og opp
No får vi håpe – lat oss alle be:
at Stortinget vil setje foten ned

Prøv Dag og Tid Les e-avisa