Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 22.09.2017

Gå til toppen

Toppen

Når meiningsmålingane tar over

| Den 8. september 2017

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Det er lett å tru at ting var betre før, men valkampen i år må ha vore ein av dei minst opplysande valkampane på lang tid. For mykje har dreia seg om meiningsmålingar og ulike konfliktskapande Listhaug-utspel.

Meiningsmålingar passar godt til å laga naudsynt dramaturgi og spaning på nettsidene gjennom dagen og veka. Meiningsmålingane er enkle å nytta til korte og spissa overskrifter. TV2 hadde denne veka fylgjande overskrift: «Høyre kraftig tilbake». Den «kraftige» tilbakegangen var på 1,6 prosent, noko som er godt innanfor feilmarginen på 1,1 til 2 prosent.

Meiningsmålingar er sjølvsagt interessante for å sjå trendar og store endringar i oppslutninga til partia. Problemet vert når meiningsmålingar kjem for ofte, når media siterer kvarandre i omtaler av meiningsmålingar, og når målingane vert drøfta som om dei var det endelege valresultatet. Dette er uheldig.

Når meiningsmålingane får for stor merksemd, kjem dei overordna og prinsipielle sidene av politikken i bakgrunnen. I staden får ein debattar om valstrategiar og eigenskapane til partileiarane. Dessutan må dei mange meiningsmålingane – og  vinklinga og spissinga media gjer av det som ofte er små endringar – truleg òg påverka oppslutnaden til dei same partia. Dette er problematisk i seg sjølv.

Eit opplyst og godt politisk ordskifte med vekt på saker og skilnader partia imellom er viktig for å sikra ei brei politisk rekruttering. Diverre har partia gått tilbake som medlemsorganisasjonar dei siste tiåra. I 1980 var 16 prosent av folket medlemer i eit politisk parti. I 2015 var talet sju prosent. I 1980 var sju prosent av folket aktive i eit politisk parti. I dag er talet så lågt som to prosent.

Desse tala må takast alvorleg. Det breie, folkelege engasjementet har vore ein styrke ved det norske demokratiet.

Godt val!

knapp knapp