Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 22.09.2017

Gå til toppen

Toppen

| Den 7. april 2017

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Det er ein slåande skilnad på dagens norske Russland-politikk og den norske Kina-politikken. Kina inngår vi ein audmjukande avtale med for å oppnå auka handelssamkvem. Russland boikottar vi økonomisk. Den historiske og faktiske bakgrunnen for politikken er ulik, men likevel er samanlikninga interessant.

Når statsminister Erna Solberg i dag reiser på offisielt besøk til Kina, er det i utgangspunktet bra. Handel og tett kontakt land imellom er viktig for å sikra stabilitet og skape overnasjonale avtalar – ikkje minst i klimaspørsmålet.

Det er berre éin hake ved det heile. Det som gjer besøket mogeleg, er ein avtale om at Noreg skal gjera sitt beste «for å unngå framtidige skadar på dei bilaterale relasjonane», og at vi skal «respektere Kinas utviklingsveg og sosiale system». I praksis er dette ein pinleg avtale for eit sjølvstendig oppegåande land. Vi sensurerer ikkje oss sjølve i byte mot lakseavtalar.

Andsynes Russland, derimot, er lina like streng som før. Russland skal boikottast. Men er det så klokt? Krim-annekteringa var uakseptabel. Og Russland er eit autoritært land, men nettopp derfor skal vi søkja eit økonomisk samkvem.

For Krim kjem aldri tilbake til Ukraina. Det er urealistisk, og vi har no markert lenge nok at anneksjonen var folkerettsstridig. No gjeld det å få slutt på krigen i Aust-Ukraina og bidra til at Russland går i demokratisk lei. Noreg bør såleis ta eit tydeleg initiativ til ei oppmjuking av Vestens tilhøve til Russland.

Men vilkåret må sjølvsagt ikkje vera at vi ikkje kan seia kva vi vil om regimet til Putin. Vi har då sjølvrespekt.

Dag og Tid ynskjer lesarane god påske. Neste avis kjem fredag 20. april. 

knapp knapp