Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.08.2017

Gå til toppen

Toppen

Forelding av statsborgarskap

| Den 17. mars 2017

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Mahad Abib Mahamud mista den norske statsborgarskapen sin i fjor. Norske styresmakter meinte han laug om identiteten sin både då han kom hit i 2000 og då han fekk statsborgarskapen i 2008. Denne veka tapte han den mykje omtala ankesaka. Mahamud har anka på nytt.

Vi skal ikkje her ta stilling til om Mahamud laug eller ikkje, om han er frå Somalia eller Djibouti, var 14 år då han kom hit eller mellom 18 og 20, slik retten legg til grunn. Men la oss ta utgangspunkt i at tingretten har rett i at Mahamud laug: Skal Noreg då utvisa han frå landet?

Spørsmålet er komplisert. Sjølvsagt kan vi ikkje skapa presedens for at folk kan lura og lyga til seg til statsborgarskap. Og det skal vera likskap for lova. Og kva då med andre som er i same situasjon? Og det utskjelt argumentet «innvandringsregulerande omsyn», må vi nettopp ta omsyn til – av di Noreg er så velståande at mange vil koma hit og søkja asyl, sjølv om dei ikkje har grunnlag for det. Det vil i så tilfelle undergrava asylinstituttet – noko instituttet langt på veg alt er.

Men andre prinsipp må òg gjelda. Mahamud har vore her sidan 2000. Det er lenge for ein som kom hit ung. Dersom han har loge, så har innvandringsstyresmaktene difor så å seia brukt opp tida dei har til å avsløra han. Dei har ikkje gjort det dei skulle i tide, sjølv med ein ny sjanse i 2008. Dei har såleis unnlate å fylgja godt nok opp regelverket dei sjølve har laga, og såleis tapt tvikampen, og ei eller anna foreldingslov må slå inn.

Om anken vert avvist, eller vedtaket blir ståande etter neste rettsinstans bør difor den norske staten sjå om det er rom i regelverket for gje han opphald på ein eller annan måte. Ikkje nødvendigvis av di Mahamud ikkje kan klara seg i Djibouti, eller ein annan stad. Han verkar som ein ressurssterk mann. Men av di vi som stat, gjer oss for små ved å utvisa han. Og saka har lært oss at vi bør få inn i lovverket ein foreldingsfrist òg for statsborgarskapssaker.

knapp knapp